Amfípoli
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Amfípoli Lokalt namn: Αμφίπολη |
|
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Makedonía |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 414,3 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Sentral-Makedonía Sérres |
| Hovudsete | Rodolívos (2 072 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 9 182 (2011) |
| Folketettleik | 22,3 /km² |
Amfípoli (gresk Αμφίπολη) er ein kommune i periferieininga Sérres i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Han ligg søraust for Sérres og grensar i aust mot periferieininga Kavála i periferien Aust-Makedonía og Thráki. I sør har kommunen ei kystlinje mot Strymónasbukta, og i sørvest ei stutt grense mot periferieininga Thessaloníki.
Administrativ inndeling [endre]
Kart over kommunaleiningane i kommunen Amfípoli. ██ 1 - Amfípoli ██ 2 - Rodolívos ██ 3 - Próti ██ 4 - Kormísta
Frå 2011 omfattar kommunen Amfípoli òg dei tidlegare kommunane Rodolívos, Próti og Kormísta. Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.