Sérres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sérres
Lokalt namn: Σέρρες
Sérres sett frå akropolisen
Sérres sett frå akropolisen
Geografi
2011 Dimos Serron.png
Stad Makedonía
Koordinatar 41°5′8″N 23°32′59″EKoordinatar: 41°5′8″N 23°32′59″E
Areal 601,5 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Makedonía
Sérres
Hovudsete Sérres (58 287 innb.)
Demografi
Folketal 76 817 (2011)
Folketettleik 127,9 /km²

Sérres (gresk Σέρρες, eldre form Σέρραι, Sérrai; tyrkisk Serez eller Siroz; slavisk Серез, Serez, Сяр, Sjar eller Сер, Ser), tidlegare òg Serrae eller Serrhae, er ein by og ein kommune i Sentral-Makedonía i Hellas. Han ligg på ei frodig slette om lag 25 km nordaust for Strymónas (Struma) og 60 km nordaust for Thessaloníki. Rodopifjella stig opp nord og aust for byen. Byen er hovudsete i periferieininga med same namn. I 2011 hadde byen vel 58 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Av romarane vart byen kalla Serrae eller Serrhae og det vart bygd ei stor festning her under Austromarriket for å vokte den nordlege grensa til riket og det strategiske Rupelpasset inn i Bulgaria. Bulgararne tok byen på 900-talet, før han kom inn under Serbia i 1345 og vart hovudstad for keisaren Stefan Dušan. Dušan var så nøgd med den harde omleiringa av den tredje austromerske byen at han krona seg sjølv «Keisar av serbarane og grekarane». Etter han døydde fall riket hans ut i føydalt anarki og keiserinna Hellen haldt fram å styre Sérres-området frå 1356, men vart alt i 1365 jaga bort av despoten Jovan Uglješa Mrnjavčević, som danna ein liten, men mektig miniputtstat i Sérres. Etter 1371 og slaget ved Maritsa fekk austromarane tilbake kontrollen over Sérres og tvinga serbarane bort. Alt i 1383 erobra derimot osmanarane byen. Tidleg på 1900-talet oppstod det ein anti-osmansk uro i byen, som førte til Ilinden-Preobrazjenije-opprøret i 1903. Den bulgarske hæren erobra Sérres under den andre balkankrigen i 1913, men vart tvunge bort igjen av greske styrkar. Byen vart totalt ombygd etter at bulgarane brende ned heile byen. Han vart okkupert av bulgararane igjen under både den første og den andre verdskrigen, og fekk fleire skadar. Etter krigen har dei greske styresmaktene utført planar som har utvikla økonomien til byen.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Sérres er senter i eit jordbruksdistrikt og er eit viktig handelssenter for tobakk, korn og buskap. Etter subsidiar frå staten vart området og eit senter for produksjon av tekstilar og andre industriprodukt.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kart over kommunaleiningane i kommunen Sérres. ██ 1 - Sérres ██ 2 - Kapetán Mitroúsi ██ 3 - Levkónas ██ 4 - Skoutári ██ 5 - Áno Vrondoú ██ 6 - Oriní

Frå 2011 omfattar kommunen Sérres òg dei tidlegare kommunane Kapetán Mitroúsi, Levkónas, Skoutári, Áno Vrondoú og Oriní. Dei seks tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Den tidlegare kommunen Sérres, no kommunaleininga Sérres

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sérres

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Serres frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Sérrai Encyclopædia Britannica, 2006.
  • Sérrai, Siris eller Serres The Columbia Encyclopedia, 2004.