Piería
| Periferieininga Piería Περιφερειακή ενότητα Πιερίας |
|
|---|---|
|
|
| Periferi | Sentral-Makedonía |
| Hovudstad | Kateríni |
| Folketal | 126 698 (2011) Rangering 26. |
| Areal | 1 516 km² Rangering 42. |
| Folketettleik | 84/km² |
| Kommunar | 3 |
| Postnummer | 60x xx |
| Retningsnummer | 235x0 |
| Bilnummer | KN |
| Heimeside | www.pieria.gr |
Periferieininga Piería (gresk Περιφερειακή ενότητα Πιερία, Periferiakí enótita Pierías) er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía. Hovudstaden i periferieininga er Kateríni. Piería er den minste periferieininga i Gresk Makedonia. Namnet Piería kjem frå ei antikk stamme og det gamle antikke landet Pieris. Det ligg mange arkeologiske stader i Piería, som Dío, Pýdna og Platamónas. Fjellet Piéria ligg óg i Piería, heimstad for Orfeos og musene. Ólymbos, det høgaste fjellet i Hellas og trona til dei greske gudane, ligg på sørsida av Piería. Andre antikke byar er Livithra og Pimpleia.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Piería grensar til Lárisa i Thessalía i sør og vest, Kozáni i vest og Imathía i nord. Fram til seint på 1900-talet låg Piería omkring landsbyen Élafos som var ein del av Imathía.
Piériafjella ligg i vest og Thermaikósbukta i aust.
Klima [endre]
Piería har hovudsakleg middelhavsklima med varme somrar og til dels kjølige vintrar. Dei sentrale og vestlege områda har vinterlege forhold i høgareliggande område.
Administrativ inndeling [endre]
Tidlegare var Piería eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i tre kommunar.
| Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
Postnummer | Retningsnr |
|---|---|---|---|---|
| Piería | Pýdna-Kolindrós | Pýdna | 600 64 | 23510-7 |
| Kolindrós | 600 61 | 23530-3 | ||
| Ejínio | 603 00 | 23530-2 | ||
| Methóni | 600 66 | 23530-4 | ||
| Kateríni | Pétra | 601 00 | 23510-8 | |
| Piérii | 601 00 | 23510-82 | ||
| Elafína | 601 00 | 23510-92 | ||
| Kateríni | 601 00 | 23510-2 til 7 | ||
| Paralía | 601 00 | 23510-4 | ||
| Korinós | 600 62 | 23510-41 | ||
| Dío-Ólymbos | Dío | 601 00 | 23510-51 | |
| Aust-Ólymbos | 600 63 | 23520-3 | ||
| Litókhoro | 602 00 | 23520-8 |
Historie [endre]
Piería var ein del av Kongedømet Makedonia i antikken, og vart seinare ein del av Romarriket og Austromarriket. På 1300-talet vart det erobra av Det osmanske riket, som heldt til her i 500 år fram til den greske sjølvstendekrigen i 1821. Piería tapte derimot slaga og vart ikkje ein del av Hellas før etter balkankrigane i 1913. Under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 kom mange flyktningar frå Vesleasia til området. Tidlegare var Piería ein del av Thessaloníki prefektur, men i 1947 vart området eit eige prefektur, frå 2011 ei periferieining. Piería opplevde økonomisk vekst i jordbruk og servicenæringa etter dette.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Turisme i Piería
- http://www.culture.gr/maps/macedon/pieria/pieria.html
- http://www.plefsis.gr/pieria.htm
- http://www.mpa.gr/specials/olympus/pieria.html
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Pieria frå Engelsk Wikipedia .
