Véria
| Véria Lokalt namn: Βέροια |
|
|---|---|
Utsyn over Véria |
|
| Geografi | |
| Stad | Makedonía |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 791,4 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Sentral-Makedonía Imathía |
| Hovudsete | Véria (43 158 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 66 547 (2011) |
| Folketettleik | 83,6 /km² |
Véria (gresk Βέροια), òg skrive Veroia, er hovudsete i kommunen med same namn og hovudstad i periferieininga Imathía i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Byen er òg sete for eit bispedøme i den gresk-ortodokse kyrkja.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Véria ligg same stad som den antikke byen Berøa (òg kalla Berea eller Beroea), som var viktig på 300-talet fvt. og som var ein del av Kongedømet Makedonia. Som ein del av Romarriket frå 168 fvt. talte Paulus og Silas her i år 54 eller 55 evt. Diocletian gjorde den store og folkerike byen til ein av to hovudstadar i den romerske provinsen og vart ein av dei første byane som vart sete for ein biskop. Byen vart invadert av slavarar og erobra av Det osmanske riket i 1361, som gav han namnet Kara Ferye. Han vart ein del av Hellas igjen i 1912 etter den første balkankrigen.
Véria hadde ein ganske stor jødisk fellesskap i det 1. hundreåret evt. Paulus trekte seg tilbake til Véria med Silas og Timoteus frå jødisk forfølging i Thessaloníki. Då forfølgjarane følgde etter han trekte han til sjøs og reiste til Aten (Apg 17:10-15). Jødane i Véria var derimot meir villige til å lytte til Paulus enn i Thessaloníki, og ein av dei, Sopater eller Sosipater, vart ein av følgjesveinane til Paulus.
Klima [endre]
Véria har ofte kalde og våte vintrar og tørre og varme somrar. Sommaren 2007 fekk Véria ein av dei høgaste temperaturane ein nokon gong har målt her med 44 °C.
| Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des |
| Maks. [°C] | 7 | 9 | 10 | 16 | 19 | 29 | 29 | 24 | 19 | 16 | 12 | 5 |
| Min. [°C] | 3 | 6 | 8 | 11 | 16 | 19 | 17 | 14 | 12 | 10 | 8 | 4 |
| Varmerekordar [°C] | 20 | 22 | 25 | 31 | 36 | 44 | 42 | 39 | 36 | 32 | 27 | 26 |
Administrativ inndeling [endre]
Frå 2011 omfattar kommunen Véria òg dei tidlegare kommunane Vergína, Makedonída, Dovrás og Apóstolos Pávlos. Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell nettstad (gresk)
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Veria frå Engelsk Wikipedia .