Imathía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Periferieininga Imathía
Περιφερειακή ενότητα Ημαθίας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Sentral-Makedonía
Hovudstad Véria
Folketal 140 611 (2011) Rangering 24.
Areal 1 701 km² Rangering 39
Folketettleik 83/km²
Kommunar 3
Postnummer 59x xx
Retningsnummer 233x0
Bilnummer HM
Heimeside www.imathia.gr

Periferieininga Imathía (gresk Περιφερειακή ενότητα Ημαθίας, Periferiakí enótita Imathías) er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía. Hovudstaden er Véria. Ho grensar til Kozáni i vest og sørvest, til Piería i søraust, til Pélla i nord og til Thessaloníki i aust. Deltaet til elva Aliákmonas dannar ei kort kystlinje mot Thermaikósbukta i aust.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Imathía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i tre kommunar.

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Imathía Alexándria Alexándria 593 00 23330-2
Platý 590 32 2330-63
Melíki 590 31 23310-81
Andigonídes 591 00 23310-39
Náousa Náousa 592 00 23320-2
Anthémia 590 35 23320-41
Irinoúpoli 590 34 23320-4
Véria Véria 591 00 23310
Vergína 590 31 23310-92
Makedonída 591 00 23310-9
Dovrás 591 00 23310-51
Apóstolos Pávlos 590 33 23310-41

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Søraust i Imathía ligg Pieríafjella og i vest Vérmiofjella. Den lengste elva er Aliákmonas som renn i sør og aust. Reservoaret på elva strekkjer seg òg inn i Kozáni. Det lågaste punktet i periferieininga er ved Thermaikósbukta og det høgaste punktet er Vérmio i vest.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Imathía var først under Makedonia sitt styre. I antikken inkluderte Imathía Édessa og Aiges, den antikke hovudstaden i Berroia, Kitios og fleire andre.

Seinare vart Imathía annektert av Romarriket og i mellomalderen av Austromarriket og frå 1400-talet fram til balkankrigane i 1913 av Det osmanske riket. I motsetnad til dei sentrale og sørlege områda av Hellas vart periferieininga først ein del av Hellas under balkankrigane og etter traktatane frå Bucharest og London. Folketalet eksploderte og fleire jordbruksområda vart utvida. Véria fekk elektrisitet og dei store vegane vart asfaltert. Under den gresk-tyrkiske krigen kom fleire flyktningar frå Lilleasia til Imathía og bygde flyktningleirar og hus, og fleire landsbyar vart grunnlagd.

Imathía vart hardt råka av den andre verdskrigen og den påfølgjande greske borgarkrigen. Imathía vart først eit prefektur i 1947 og Véria vart prefekturhovudstad. Fram til då hadde området høyrt til Thessaloníki prefektur. Frå 2010 er Imathía ei periferieining.

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Jordbruket er i stor grad basert på fersken og jordbær. Syltetøyet Naousa er den mest kjende eksportartikkelen frå området.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Imathía har hovudsakleg middelhavsklima med varme vintrar og kjølige vintrar. I dei sentrale og vestlege områda og i Vérmiofjella kan ein få nokså kjølige forhold om vinteren.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 38°54′N 22°32′E