Anna-Eva Bergman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anna-Eva Bergman (fødd 29. mai 1909 i Stockholm, Sverige, død 24. juli 1987 i Grasse, Frankrike) var ein norsk kunstmålar.

Foreldra til Anna-Eva Bergman skilde seg medan ho var ei lita jente. Medan mora studerte i Tyskland og Storbritannia, blei Anna-Eva først plassert hjå moras to søstrer i Hardanger, deretter hjå moras tredje søster, Sara, og hennar mann, Daniel Tønnessen, først i Fredrikstad, seinare i Oslo. [1]

I 1927-1928 studerte ho på Statens kunstakademi under Axel Revold, og dei to neste åra heldt ho fram kunststudia sine i Wien og Paris. I løpet av livet reiste ho mykje i Europa rundt Middelhavet, men oppheldt seg også heime i periodar. Ho slo seg til slutt ned i Paris, seinare Antibes.

Bergman var gift med kunstnaren Hans Hartung frå 1929-39, men dei vart så skilde. Etter eit kortvarig ekteskap med ein annan mann, gifte ho seg opp att med Hartung i 1957 og levde saman med han til ho døydde i Antibes i 1987. [2]

Måleria hennar tok gjerne utgangspunkt i formasjonar frå naturen eller arkitekturen, og viste dei med mørke fargar i sølv- eller gullglans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skedsmo, Tone. (2009, 13. februar). Anna Eva Bergman. I Norsk biografisk leksikon. Hentet 16. april 2014 fra http://nbl.snl.no/Anna-Eva_Bergman.
  2. Skedsmo, Tone. (2009, 13. februar). Anna Eva Bergman. I Norsk biografisk leksikon. Hentet 16. april 2014 fra http://nbl.snl.no/Anna-Eva_Bergman.