Australsivhauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Australsivhauk

Status i verda: LC Livskraftig

Australsivhauk i Hamilton Zoo, New ZealandFoto: Brian Gratwicke
Australsivhauk i Hamilton Zoo, New Zealand
Foto: Brian Gratwicke

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Accipitriformes
Familie: Accipitridae
Slekt: Circus
Art: C. approximans
Vitskapleg namn
Circus approximans
Peale, 1848

Australsivhauk (Circus approximans) er ein rovfugl i haukefamilien, ein stor kjerrhauk som hekkar over store delar av Australia, Ny-Guinea og på stillehavsøyar inkludert New Zealand.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Australsivhauken er ein relativt stor hauk, hofuglar er størst, ca. 60 cm og 850 gram, hannfuglar 55 cm og 650 gram. Fjørdrakta for unge fuglar er mørk brun, men blir gradvis lysare med alderen. Vaksne fuglar er mørk brune på oversida og hovudet, men lysare i andletet. Overgumpen er heilt kvit. Undersida av kroppen er raudleg brun med mørkebrune striper. I flukt viser australsivhaukar lange, svakt V-forma venger som har «fingrar» av sprikande primærfjører. Undersida av vengene kan bli heilt kvite hos dei eldste fuglane. Halen er litt avrunda, hos vaksne er halen lys med mørke tverrstriper.

Vaksen hannfugl på Tasmania
Foto: JJ Harrison
Ungfugl
Foto: Wayne Butterworth

Ein kan finne australsivhauken i delar av Australia som ikkje er tørre, på søraustre Ny-Guinea, på sørlege stillehavsøyar som New Zealand, Vanuatu, Ny-Caledonia, Fiji, Tonga og på Wallis-øyane. Dei er streiffuglar til fleire andre øyar som til dømes Cookøyane, og regelmessig til øyar som Aucklandøyane og Campbelløyane.

Dietten er variert og sett saman av åtsel og bytte som dei fangar sjølv. Dei tar bakkelevande fuglar og vassfuglar, kaninar, piggsvin og andre små pattedyr, reptil, froskar og fisk. I vintermånadene lever dei mykje på kadaver, inkludert trafikkdrepne dyr.

Australsivhaukar jaktar ved å flyge lågt og sakte, kan dessutan sveveflyge høgt. Habitata er våtmarker inkludert sumpar, saltmyrer, rismarker. På New Zealand òg område der sauar beitar og elles det meste av landskapstypar, men unngår skog og urbaniserte område. Utanom hekketida lever dei vanlegvis einslege, streifer til nye område, men kan òg samlast i store flokkar på over 100 fuglar om vinteren.

Oppvising eller luftkamp mellom hannar
Foto: Flickr-brukar: rotax125_canon

I samband med førebuing til hekkesesongen etablerer hannen eit territorium i mai eller juni som dei startar å patruljere. Vern av territoriet kan skje gjennom oppvisingar mellom stridande hannar i lufta, seinare kan ein sjå oppvisingar i samband med kurtisering som inkluderer stup. Hoa byggjer reiret, vanlegvis på bakken i våte område. Ho legg 2-5, maksimum 7 egg som ho rugar aleine. Klekkinga skjer etter 31-34 dagar, i denne perioden matar hannen maken sin. Etter klekking held hannen fram med å bringe føde til hoa, som ho då fordeler til ungane. Ungane kan flyge etter 6-7 veker. Dei er 2-3 år nå dei blir hekkefuglar, hoer kan starte etter eitt år. Det eldste kjente individet av australsivhauk på New Zealand blei over 18 år.

Populasjonen av australsivhaukar i verda er stabil, australsivhaukar er vanlege i utbreiingsområdet og arten har status som livskraftig (LC).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Australsivhauk