Baalbek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 34°0′25″N 36°12′14″E
Baalbek
بعلبك
by
none  Jupitertempelet i Ballbek
Jupitertempelet i Ballbek
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Beqaa guvernement
Distrikt Baalbek distrikt
høgd 1 170 moh
koordinatar 34°0′25″N 36°12′14″E
Areal km²
 - storbyområde 16 km²
Folketal 82 608
 - storby 105 000
Tidssone EET (UTC+2)
Verdsarvstad
År 1984 (#8)
Kriterium i, iv
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg

Baalbeck eller Baalbek (arabisk بعلبك) er ein by i Beqaadalen i Libanon som ligg aust for Litanielva. Han vart kalla Heliopolis (gresk Ἡλιούπολις) under romersk stye, og var ein av dei største heilagdomane i riket med somme av dei best bevarte romerske ruinane i Libanon. Gudane vart dyrka i tempelet – Jupiter, Venus og Bacchus.

Detalj inne i Bacchustempelet.

Det vert halde ein årleg festival i Baalbek, Baalbeck internasjonale festival. Byen ligg kring 85 km nordaust for Beirut og kring 75 km nord for Damaskus. Han har litt over 80 000 innbyggjarar, hovudsakleg sjiamuslimar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort funn nær tempelet frå før-keramisk neolittisk B frå yngre steinalder til jernalderen, mellom anna skår av keramikk.[1]

Busetnad i Baalbek er datert attende til kring 9 000 år sidan.[2]

Store steinar i Baalbek i 1891

Etter Aleksander den store erobra Det nære austen i 334 fvt. vart busetnaden som låg her kalla Heliopolis (Ἡλιούπολις). Byen fekk status som colonia av Septimius Severus i 193 evt, etter å ha vore ein del av territoriet Berytus på den fønikiske kysten sidan 15 fvt. Det religiøse kompleket her vart stadig utbygd over ein periode på 150 år, og aldri gjort ferdig. Bygningane var av dei største religiøse byggverka i heile Romarriket.

I dag står berre seks korintiske søyler att. Åtte søyler vart tekne ned og frakta til Konstantinopel under Justinian kring 532-537 evt, for basilikaen Hagia Sophia. Det største av dei tre templa var Jupiter Baal, som vart bygd i det første hundreåret evt., og stod ferdig kring 60 evt..[3] Det hadde opphavleg 54 søyler og var bygd med blokker som vog opp mot 60 tonn kvar, og ein hjørnestein på over 100 tonn, alle av dei heva til ei høgd 19 meter over bakken.[4] Ein trur at dette vart gjort ved hjelp av fleire romerske kranar. Romartempelet var bygd over ruinane av tidlegare tempel.

Detalj frå Jupitertempelet.

I 637 evt. erobra den muslimske armeen under Abu Ubaida ibn al-Jarrah Baalbek etter å ha slått den bysantinske armeen i slaget ved Yarmouk. Han var då framleis ein velståande by og krigsbyttet var rikt. Han var åstad for strid mellom forskjellige syriske dynasti og kalifar frå Damaskus, og seinare Egypt. I 748 vart byen plyndra på ny med store tap av menneskeliv. Den bysantinske keisaren Johannes Tzimisces plyndra byen i 975. I 1090 vart han ein del av seldsjukkane sitt rike, og i 1134 gjekk han til zengarane og i 1175 vart han erobra av Saladin. Krossfararane plyndra dalen fleire gonger, men klarte aldri å ta byen. Byen vart råka av jordskjelv tre gonger på 1100-talet, og han vart riven ned i 1260 då han var base for mongolane under det siste mislukka åtaket mot mamelukkane i Egypt. Byen vart bygd opp att og dei fleste moskeane og festningsverka vart bygd under regjeringstida til sultan Qalawun (1282), då Abulfeda skildra byen som ein særs sterk stad. Byen vart plyndra i 1400 av Timur Lenk.

I 1517 gjekk byen i lag med resten av Syria til Det osmanske riket. Men det osmanske styret i Libanon var svakt. Baalbek vart hardt råka av jordskjelv i 1759, og vart i røynda styrt av Metawal-familien.[5]

Den 4. august 2006, under Libanonkrigen i 2006, gjekk israeleske soldatar, flydde inn av helikopter og med støtte frå bombefly, til åtak på det sjiamuslimsk Hikmeh sjukehus i Baalbek for å ta fleire medlemmar av Hizbollah til fange. Israelarane meinte desse medlemmane stod bak kidnappinga av to israelske soldatar den 13. juli 2006. Fleire soldatar mista livet i åtaket og det vart mindre skadar på sjukehuset. Det var ingen pasientar på sjukehuset på denne tida.[6][7] Det vart rapportert at ristingane frå bombene førte til skadar på dei romerske ruinane. UNESCO tilbaud hjelp for å få dei restaurert att.[8]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Baalbeck har eit halvtørt middelhavsklima med varme, tørre somrar, og relativt kalde, stundom snørike vintrar.

Klimadata for Baalbek
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 8.8 9.3 13.5 18.7 24.1 29.2 32.1 32.5 28.6 20.2 15.7 10.4 20 26
Døgnmiddeltemp. °C 4.2 4.9 8.0 12.5 17.1 21.7 24.1 24.6 20.8 16.5 10.6 5.8 14 23
Normal min. temp. °C -0.5 0.2 2.6 6.4 10.0 14.2 16.1 16.5 12.7 9.5 5.2 1.7 -0,5
Nedbør (mm) 149 112 96 25 10 0 0 0 0 21 69 111
Normal mengd regndagar 14 12 10 5 3 1 0 0 0 5 8 11 69
Kjelde: chinci

[9]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Baalbek er venskapsby med:

Kjende folk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Baalbek» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2014.
  • Mal:EB1911
  • Adam, Jean-Pierre (1977), «À propos du trilithon de Baalbeck: Le transport et la mise en oeuvre des mégalithes», Syria 54 (1/2): 31–63, doi:10.3406/syria.1977.6623 
  • Frauberger, Heinrich: Die Akropolis von Baalbeck (Keller : Frankfurt a. M., 1892. – 14, 22 S. : überw. Ill.) (pdf 24,6 MB)
  • Ruprechtsberger, Erwin M. (1999), «Vom Steinbruch zum Jupitertempel von Heliopolis/Baalbeck (Libanon)», Linzer Archäologische Forschungen 30: 7–56 
  1. Paolo Matthiae; Frances Pinnock; Licia romersko; Lorenzo Nigro. Proceedings of the 6th International Congress of the Archeology of the Ancient Near East: 5–10. mai 2009, «Sapienza», Universita di Roma. Otto Harrassowitz Verlag. ss. 208–. ISBN 978-3-447-06216-9. 
  2. German Archaeological Institute The urban planning and historical development of the Roman sanctuary of Baalbeck [1]
  3. Rowland Jr, Benjamin «The Vine-Scroll in Gandhāra», Artibus Asaie Vol. 19, No. 3/4 (1956), s. 353–361
  4. J. J. Coulton: «Lifting in Early Greek Architecture», The Journal of Hellenic Studies, Vol. 94 (1974), s. 16
  5. «Center for American Architecture and Design – Center 9». Utexas.edu. http://www.utexas.edu/architecture/center/center9%20copy/coote.html. Henta 2009-05-05. 
  6. Minute by Minute:: August 2, lebanonupdates.blogspot, 2. august 2006, http://lebanonupdates.blogspot.com/2006/08/minute-by-minute-august-2.html, henta 22. september 2014 
  7. Butters, Andrew Lee (August 2, 2006), Behind the Battle for Baalbeck: Residents i ancient libanesisk city knew an israelske attack was imminent, Time.com, http://www.time.com/time/world/article/0 8599 1222201,00.html?cnn=yes, henta 14. september 2006 
  8. Karam,Zeina, «Cleanup to Start at old sites in Lebanon», AP, 4. oktober 2006
  9. «Climate Historie for Baableck i Libanon». http://www.chinci.com/travel/pax/w/277130/Yanta/LB/Baalbek/0/#. Henta oktober 2011. 
  10. Syaifullah, M. (oktober 26, 2008). «Yogyakarta dan Libanon Bentuk Kota Kembar». Tempo Interaktif. http://www.tempointeraktif.com/hg/nusa/2008/10/26/brk,20081026-142146,id.html. Henta 2010-01-25. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Baalbeck frå Wikivoyage

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Baalbek