Barnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Barnet

High Street
High Street
Plassering
Barnet is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Stor-London
Distrikt Barnet
Geografi
Koordinatar 51°39′″N 0°12′″WKoordinatar: 51°39′″N 0°12′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer EN5
Telefon-retningsnummer 0 20
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Barnet

Barnet, òg kjent som High Barnet eller Chipping Barnet, er eit område i bydelen Barnet i London. Det var tidlegare ein by, men har vorte innlemma i Lonon og blir rekna som ein forstad. Staden ligg omkring 17 km nordvest for Charing Cross.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I saksisk tid låg det ein stor skog kalla Southaw på staden, som høyrde til St. Albans abbedi. Namnet på busetjinga var den gong Bergnet, som tyder «lita høgd». Namnet High Barnet kjem frå plasseringa på denne høgda, og det er ein lokal tradisjon at «Barnet står på det høgaste punktet mellom London og York».

Staden er kjent for slaget ved Barnet i 1471, der yorkistane leia av Edvard IV drap Richard Neville, 16. jarl av Warwick og bror hans John Neville, 1. marki av Montagu.

Han er òg kjent for ein hestemarknad som går tilbake til 1588, då Elizabeth I gav eit charter til godsherren som tillét to marknader i året. På Cockney rhyming slang tyder barnet «hår», ein referanse til hestehår.

Byen var eit verdsleg sokn i Hertfordshire, og i 1894 vart han eit eige distrikt. Ved skipinga av Stor-London i 1965 vart han overført til distriktet Barnet.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

High Barnet undergrunnsstasjon betener Northern-linja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]