Black Mountain Side

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Black Mountain Side
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin
Utgjeve 12. januar 1969
Innspelt Oktober 1968
Sjanger Folkrock
Lengd 2:12
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Jimmy Page
Produsent Jimmy Page

«Black Mountain Side» er ein instrumental av det engelske rockebandet Led Zeppelin som i 1969 vart gjeven ut på debutalbumet Led Zeppelin. Han vart innspelt i Olympic Studios i London i oktober 1968.

Songstruktur[endre | endre wikiteksten]

«Black Mountain Side"» var inspirert av den tradisjonelle irske folkesongen «Down by Blackwaterside». Gitararrangementet ligg tett opp til versjonen til Bert Jansch av denne songen, som vart spelt inn i 1966 for albumet hans Jack Orion.[1] Dette arrangementet lærte han til Al Stewart, som igjen lærte han vidare til Jimmy Page, som var studiomusikar for debutalbumet til Stewart.[2]

Då songen vart spela på konsertane til Led Zeppelin, var han vanlegvis ein del av instrumentalen til Jimmy Page, «White Summer» og samla varte dei om lag 11 minuttar. Songen vart spela fram til den femte amerikanske turneen deira i 1970. Fleire år seinare vart han henta fram att i 1977, 1979 og 1980.[3] «Black Mountain Side» vart òg nytta som introduksjon til «Kashmir» på den siste turneen. Det finst eni konsertversjon av songen på Led Zeppelin DVD, frå Royal Albert Hall i 1970. «White Summer»/«Black Mountain Side» vart gjeven ut på albumet Coda frå 1982.

Page spela seinare songen då han var med i bandet The Firm, ei gruppa han starta i lag med Paul Rodgers.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kennedy, Doug (1983). The Songs and Gitar Solos of Bert Jansch. New Punchbowl Music. s. 21. 
  2. Harper, Colin (2006). Dazzling Stranger: Bert Jansch and the British Folk and Blues Revival (2006 edition). Bloomsbury. ss. 99–100. ISBN 0-7475-8725-6. 
  3. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.