Led Zeppelin av Led Zeppelin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Led Zeppelin
Studioalbum av Led Zeppelin
Utgjeve 12. januar 1969 (USA)
31. mars 1969 (UK)
Innspelt Oktober 1968 i Olympic Studios i London
Sjanger
Lengd 44:26
Selskap Atlantic, Polydor (original UK), WEA (ny UK)
Produsent Jimmy Page
Kritikk
Led Zeppelin-kronologi
Led Zeppelin Led Zeppelin II
(1969)

Led Zeppelin er debutalbumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin. Det vart spelt inn i oktober 1968 i Olympic Studios i London og gjeven ut på Atlantic Records den 12. januar 1969 i USA og 31. mars 1969 i Storbritannia. Albumet bestod av bidrag frå alle dei fire medlemmane i bandet og etablerte blandinga til Led Zeppelin av blues og rock. Led Zeppelin gav dei òg ein stor og lojal tilhengjarskare og var ei tidleg utgåve av den framveksande heavy metal-stilen som gjorde dei elska hos motkulturrørslene på begge sider av Atlanteren.

Sjølv om albumet i starten fekk negative meldingar, selde det godt og er i dag langt meir kritikarrost. I 2003 vart albumet rangert på 29. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I august 1968 var det engelske rockebandet The Yardbirds oppløyst. Gitarist Jimmy Page, det einaste gjenverande medlemmet i The Yardbirds, stod att med rettane til namnet til gruppa og forpliktinga om å spele fleire konsertar i Skandinavia.[10] For det nye bandet sitt, rekrutterte Page bassist John Paul Jones, vokalist Robert Plant og trommeslagar John Bonham. I løpet av september 1968 turnerte gruppa i Skandinavia som The New Yardbirds, og spelte gamle Yardbirds-songar samt nye songar som «Communication Breakdown», «I Can't Quit You Baby», «You Shook Me», «Babe I'm Gonna Leave You» og «How Many More Times».[11] Månaden etter dei kom attende til England, oktober 1968, endra Page namnet på bandet til Led Zeppelin, og gruppa gjekk i Olympic Studios i London for å spele inn debutalbumet.[12]

Innspeling og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju i 1990 sa Page at dei brukte om lag 36 timar i studio (over eit par veker) på å spele inn albumet (inkluder miksing).[13][14] Ein av hovudårsakene til at det tok så kort tid var at songane var godt innøvde av bandet og arrangert på førehand for turneen i Skandinavia månaden før.[15] Som Page forklarte, «bandet hadde starta å utvikle arrangementa under den skandinaviske turneen og eg visste kva lyd eg ønskte. Det berre skjedde utruleg raskt.»[16]

I tillegg, sidan bandet ikkje enno hadde signert avtalen med Atlantic Records, betalte Page og manageren til Led Zeppelin, Peter Grant, for innspelingane av eiga lomme, så dei hadde ikkje plateselskapet sine pengar til å bruke på studiotid.[17] I eit anna intervju sa Page at han betalte for studiotida sjølv for å ha kunstnarisk fridom, «eg ønskte kunstnarisk kontroll i eit jarngrep, fordi eg visste nøyaktig kva eg ønskte med desse karane. Faktisk finansierte eg og gjorde ferdig heile albumet før me gjekk til Atlantic. ... Det var ikkje den vanlege soga der du får eit forskot for å lage eit album. Me møtte opp hos Atlantic med lydbanda i handa ... Reaksjonen til Atlantic var særs positiv. Eg meiner dei signerte oss, gjorde dei ikkje?»[18]

Gruppa spelte visstnok inn songane sine for £1782.[17][19] Led Zeppelin-ekspert Dave Lewis merka seg at «kanskje med unntak av dei 12 timane det tok the Beatles å spele inn det første albumet sitt i Abbey Road, har sjeldan studiotid vorte utnytta så økonomisk. Debutalbumet gav dei meir enn £3,5 millionar, litt mindre enn 2000 gonger meir enn dei investerte!»[17]

For innspelinga spelte Page på ein psykedelisk lakkert Fender Telecaster, ei gåve frå Jeff Beck etter at Page anbefalte venen til the Yardbirds i 1965 som ein potensiell erstattar for Eric Clapton på sologitar.[20] Dette var ein annan gitar enn dei han nytta på seinare album (hovudsakleg ein Gibson Les Paul). Page spelte Telecasteren gjennom ein Supro-forsterkar.[20] Han nytta òg ein Gibson J-200, lånt av Big Jim Sullivan, for dei akustiske songane på albumet.[20] For «Your Time Is Gonna Come» nytta han ein ustemd Fender 10-strengsgitar.[20]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Led Zeppelin vart produsert av Jimmy Page med Glyn Johns som lydteknikar. Johns hadde tidlegare arbeidd med The Beatles, The Rolling Stones og The Who. I følgje Page, «Det første albumet er eit livealbum, det er verkeleg det, og det vart gjort slik med vilje. Det har ekstra lydspor, men originalspora er spela inn live.»[21]

Page nytta visstnok den naturlege atmosfæren i rommet for å forsterke klangen og teksturen på plata og demonstrerte nyskapingar innan lydopptak som han hadde lært medan han var studiomusikar. Fram til seint i 1960-åra, plasserte dei fleste produsentane mikrofonar direkte føre forsterkarar og trommer. For Led Zeppelin utvikla Page ideen om å plassere mikrofonar i tillegg eit stykke unna forsterkane (så langt som 7 meter) og så fange balansen mellom dei to. Ved å nytte denne teknikken vart Page ein av dei første produsentane som fanga lyden på denne måten.[22][23]

Eit anna kjend detalj på albumet var «lekkasje» av innspelinga av vokalen til Plant. I eit intervju i Guitar World i 1998 sa Page at «Stemma til Robert var så ekstremt kraftig, og som følgje av dette hamna vokalen på nokre av dei andre lydspora. Men merkeleg nok høyrest det ut som lekkasjen er gjort med vilje.»[22] På songen «You Shook Me» nytta Page «baklengs ekko». Dette gjer at ein høyrer ekkoet før sjølve lyden (i staden for etter lyden), og dette får ein ved å snu om lydbandet og skape eit ekko på eit anna lydspor, så snu lydbandet igjen og få ekkoet før lydsignalet.[22]

Albumet var eit av dei første albuma som berre vart gjeven ut i stereo, medan det på denne tida var vanleg å gje ut albuma i både mono- og stereoversjonar.[17]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

The Led Zeppelin album cover depicts the Hindenburg airship seconds after catching fire

Bilete på framsida av Led Zeppelin vart valt ut av Page, og syner eit svartkvittbilete av luftskipet Hindenburg i brann. Biletet refererer til namnet på gruppa:[17] då Page, Jeff Beck og Keith Moon og John Entwistle frå The Who diskuterte ideen om å danne ei gruppe i lag, spøkte Moon med at «det vil truleg gå over som ein blyballong (lead balloon)», og Entwistle skal visstnok ha svart «...a lead zeppelin!»

Bilete på baksida av plateomslaget vart teken av det tidlegare Yardbirds-medlemmet Chris Dreja.[17] Heile plateomslaget vart koordinert av George Hardie, som bandet skulle arbeide med på framtidige plateomslag.[17]

Komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

Songar som «Good Times Bad Times», «Dazed and Confused» og «Communication Breakdown» hadde ein særeigen tung stil som var uvanleg på slutten av 1960-åra. På Led Zeppelin finn ein òg akustisk gitar av Page på «Black Mountain Side», og ei blanding av akustisk og elektrisk gitar på «Babe I'm Gonna Leave You».

«Dazed and Confused» var basert på song av Jake Holmes frå 1967 og vert ofte rekna som den sentrale songen på albumet. Arrangementet består av ein fallande bass av Jones, tung tromming av Bonhan og forvrengde gitarriff og soloar av Page. Page spelar òg gitar med ein fiolinboge (etter ein ide av David McCallum Sr., som Page hadde møtt i tida som studiomusikar).[24] Den same teknikken vart òg nytta på «How Many More Times», ein song som inneheld eit «Bolero»-riff og ein improvisert kadens.[17] «Dazed and Confused» vart ein av signaturlåtane til Led Zeppelin i fleire år framover.

Mange av dei tidlege songane til Led Zeppelin var basert på bluesstandarar, og albumet inneheld tre songar komponerte av andre: «You Shook Me» og «I Can't Quit You Baby», begge av bluesartist Willie Dixon; og «Babe I'm Gonna Leave You».[17] Den sistnemnde trudde gitarist Jimmy Page feilaktig var ein tradisjonell folkesong ha hadde høyrt på ei Joan Baez-plate, men i røynda var songen skriven av Anne Bredon i 1950-åra.[17] Dixon vart derimot tilskriven som komponist på dei to songane på albumet.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart marknadsført i fleire musikkaviser med slagordet «Led Zeppelin — the only way to fly».[17] Det fekk i starten dårleg kritikk. Rolling Stone skreiv mellom anna bandet gav «lite som tvillingen, the Jeff Beck Group, ikkje sa like bra eller betre tre månader sidan ... Det ser ut til at visste dei vil fylle tomrommet etter Cream, så må dei finne ein produsent, redaktør og betre songar verdige for det samla talentet deira.»[25][26] Dei kalla òg Plant «like snobbete som Rod Stewart, men ikkje i nærleiken like spanande.»[27] John Paul Jones sa seinare:

« Me fekk dårleg omtale i pressa på den tida. Ingen ville ha noko med oss å gjere av ein eller annan grunn. Me kom til Amerika og las meldinga i Rolling Stone for det aller første albumet, som omtalte oss som nok eit hypa britisk band. Me kunne ikkje tru det. Me var naive og trudde me hadde gjort eit bra album og at me gjorde det bra, så kjem denne vondskapen fykande. Me forstod ikkje kvifor eller kva me hadde gjort dei. Etter dette var me veldig varsame med pressa, som vart ein høne-og-egget-situasjon. Me unngjekk dei, så dei unngjekk oss. Det var berre fordi me gjorde mange konsertar me fekk rykte på oss som eit godt konsertband.[26]  »

Som rockejournalist Cameron Crowe skreiv fleire år seinare: «Det var ei tid for supergrupper, band med intensiv publisitet som berre så vidt klarte bragdene, og Led Zeppelin måtte i starten kjempe seg oppover for å syne at dei var ekte.»[28]

Det var derimot ikkje berre negativ omtale av albumet. I Storbritannia fekk albumet strålande kritikk i Melody Maker. Chris Welch skreiv i ei melding kalla «Jimmy Page triumphs — Led Zeppelin is a gas!»: «songane deira lener seg ikkje berre mot opplagte bluesriff, sjølv om dei veit korleis dei skal spele dei, dei unngår den utmagra svakheita til mange av dei såkalla britiske bluesbanda.»[14]

Albumet selde særs godt. Det kom ut i januar 1969 i Amerika, samstundes med den første turneen deira i USA. Før dette hadde Atlantic Records distribuert nokre få hundre eksemplar av albumet til viktige radiostasjonar og kritikarar. Positive reaksjonar på innhaldet, samt gode reaksjonar etter dei første konsertane, gjorde at det vart bestilt 50 000 kopar av albumet på førehand.[17] I løpet av to månader etter albumet kom ut, nådde det Topp 10 på Billboard-lista.[29] Albumet låg på Billboard-lista i 73 veker og på den britiske lista i 79 veker. I 1975 hadde albumet selt for $7 000 000.[30]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Suksessen og påverknaden til albumet vert i dag vidt vedkjent, sjølv av kritikarane som i starten var skeptiske. I 2006 skreiv til dømes Rolling Stone at

[Albumet] var ulikt alt anna. Arrangement var meir utforma enn dei til Cream eller Jimi Hendrix, og musikalsk var det ikkje like tungvindt som Iron Butterfly eller bombastisk som Vanilla Fudge. Den næraste samanlikninga kan vere til MC5 eller the Stooges—begge frå Michigan—som likevel ikkje var like polerte og overlegent dyktige som Led Zeppelin, og Led Zeppelin hadde heller ikkje den politiske, sosiale eller konservative kjenslegheita til desse banda. Det dei derimot hadde var potensialet for eit massivt publikum.[23]

I følgje Lewis:

Tida har ikkje gjort noko for å minske kvaliteten til eit av dei beste debutalbuma som nokon gong er spelt inn. Det er ein naudsynheit og entusiasme i framføringa deira som har ein tidlaus sjarm. Dei ni songane er ein kraftprestasjon, men likevel ofte med finurleg dynamikk ... Og la oss ikkje gløyme at med dette albumet, så finn Page nærast opp gitarriffet som ein viktig del av låtskrivinga.[17]

I 2003 plasserte VH1 Led Zeppelin på 44. plass på lista over dei største albuma gjennom tidene, medan Rolling Stone rangerte det på 29. plass på deira liste over dei 500 største albuma. Det vert i dag rekna som eit viktig vendepunkt i utviklinga av hardrock og heavy metal.[31] The Times inkluderte albumet på lista si over den 100 beste albuma gjennom tidene.[32] I 2004 vart albumet innlemma i Grammy Hall of Fame Award[33]. Q hadde albumet med på lista si over «Musikken som endra verda» i 2004.[34]. Albumet er òg ein del av boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[35]. Classic Rock plasserte albumet på 81. plass på lista deira over dei 100 største britiske rockealbuma gjennom tidene.[36], medan Uncut hadde albumet på 7. plass på lista deira over dei 100 beste debutalbuma.[37] Rock and Roll Hall of Fame plasserte albumet på 165. plass på lista deira over dei 200 beste albuma gjennom tidene.[38]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Good Times Bad Times»   John Bonham, John Paul Jones, Jimmy Page 2:47
2. «Babe I'm Gonna Leave You»   Page, Robert Plant, Anne Bredon 6:41
3. «You Shook Me»   Willie Dixon, J. B. Lenoir 6:30
4. «Dazed and Confused»   Page 6:27
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Your Time Is Gonna Come»   Jones, Page 4:34
2. «Black Mountain Side»   Page 2:13
3. «Communication Breakdown»   Bonham, Jones, Page 2:30
4. «I Can't Quit You Baby»   Dixon 4:43
5. «How Many More Times»   Bonham, Jones, Page 8:28

«How Many More Times» vart oppført som 3:30 på plateomslaget med vilje av Jimmy Page for å prøve å lure radiostasjonar til å spele songen.

Det er sagt at Robert Plant deltok i låtskrivinga, men ikkje vart ført opp på plateomslaget fordi den førre platekontrakten hans ikkje hadde gått ut enno.[17] Dette er derimot drege i tvil av Mick Wall, forfattaren av Led Zeppelin-biografien When Giants Walked the Earth.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Album
Liste (1969) Høgaste plassering
Kanadiske RPM Top 100 Chart[39] 11
Britisk albumliste[40] 6
Amerikanske Billboard Topp 200 10
Fransk albumliste[41] 115
Japansk albumliste [42] 36
Liste (1970) Høgaste plassering
VG-lista i Noreg[43] 16
Spansk albumliste[44] 1
Tysk albumliste 32
Australske Go-Set Top 20[45] 9


Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Led Zeppelin
Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic Review
  2. Blender Review
  3. Entertainment Weekly Review
  4. Oz Review
  5. Q Review
  6. Rolling Stone Review
  7. Rolling Stone Review
  8. Yahoo! Music Review
  9. Sputnikmusic Review
  10. «Led Zeppelin Biography». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/artists/ledzeppelin/biography. Henta 2008-01-01. 
  11. «Concert on 7 September 1968 at Teen-Clubs, Denmark». Led Zeppelin official website. http://ledzeppelin.com/show/september-7-1968. Henta 21. mars 2011. 
  12. Erlewine, Stephen Thomas. «Led Zeppelin Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p4739. Henta 21. mars 2011. 
  13. Led Zeppelin Profiled radio promo CD, 1990
  14. 14,0 14,1 Welch, Chris (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 0-85797-930-3, s. 28, 37.
  15. Dave Schulps, Interview with Jimmy Page, Trouser Press, oktober 1977.
  16. Lewis, Dave and Pallett, Simon (1997) Led Zeppelin: The Concert File, London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-5307-4, s. 13.
  17. 17,00 17,01 17,02 17,03 17,04 17,05 17,06 17,07 17,08 17,09 17,10 17,11 17,12 17,13 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9
  18. Interview with Jimmy Page, Guitar World magazine, 1993
  19. Mick Wall (2008), When Giants Walked the Earth: A Biography Of Led Zeppelin, London: Orion, s. 52.
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 Steven Rosen, 1977 Jimmy Page Interview, Modern Guitars, 25 May 2007 (originalt juli 1977, i Guitar Player).
  21. “I first met Jimmy on Tolworth Broadway, holding a bag of exotic fish...”, Uncut, Januar 2009, s. 42.
  22. 22,0 22,1 22,2 Tolinski, Brad; Di Bendetto, Greg (Januar 1998). "Light and Shade". Guitar World.
  23. 23,0 23,1 Gilmore, Mikal (10 August 2001). "The Long Shadow of Led Zeppelin". Rolling Stone.
  24. Welch, Chris (ed.) Led Zeppelin: Dazed and Confused, the Stories Behind Every Song. (Page 23) Thunder's Mouth Press, 1998 ISBN 1-56025-188-3
  25. Rolling Stone, 15. mars 1969.
  26. 26,0 26,1 Mat Snow, “Apocalypse Then”, Q, desember 1990, s. 74-82.
  27. BBC News 12 September 2007
  28. Liner notes by Cameron Crowe for The Complete Studio Recordings
  29. «Led Zeppelin Biography». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/artists/ledzeppelin/biography. Henta 21. mars 2011. 
  30. Billboard discography
  31. Review by Allmusic
  32. «The Times: The 100 Best Albums of All Time — December 1993». The Times. http://www.rocklistmusic.co.uk/times100.htm. Henta 21. mars 2011. 
  33. «The Grammy Hall of Fame Award». National Academy of Recording Arts and Sciences. http://www.grammy.com/Recording_Academy/Awards/Hall_Of_Fame/#l. Henta 21. mars 2011. 
  34. The Music That Changed The World (Part One: 1954 – 1969), UK, January 2004 
  35. Dimery, Robert (7. februar 2006), 1001 Albums You Must Hear Before You Die., Universe. New York, NY (ISBN 0-7893-1371-5), s. 910 
  36. «Classic Rock - 100 Greatest British Rock Album Ever — April 2006». Classic Rock. http://www.rocklistmusic.co.uk/steveparker/classicrock2.htm. Henta 2009-02-10. 
  37. 100 Greatest Debut Albums, UK, August 2006 
  38. «The Definitive 200». Rock and Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen den 13 August 2007. http://web.archive.org/web/20070813004137/http://www.definitive200.com/200_list.php. Henta 21. mars 2011. 
  39. «RPM Albums Chart - 21 April 1969». RPM. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.5957&volume=11&issue=8&issue_dt=April%2021%201969&type=1&interval=24&PHPSESSID=hrg50o22lgammqcogv27ve6d95. Henta 21. mars 2011. 
  40. «Top 100 Albums - 10 May 1969». chartstats.com. Arkivert frå originalen den 2012-05-24. http://archive.is/xXus. Henta 21. mars 2011. 
  41. «Top 100 Albums - 1969». infodisc.fr. http://www.infodisc.fr/. Henta 21. mars 2011. 
  42. «Top 100 Albums - 1969». Oricon. http://www.oricon.co.jp/. Henta 21. mars 2011. 
  43. «Top 20 Albums - 8 February 1970». norwegiancharts.com. http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=Led+Zeppelin&titel=Led+Zeppelin&cat=a. Henta 21. mars 2011. 
  44. «Top 100 Albums - 21 February 1970». PROMUSICAE. http://www.promusicae.es/english.html. Henta 21. mars 2011. 
  45. «Top 20 Albums - 23 May 1970». Go Set. http://www.poparchives.com.au/gosetcharts/1970/19700523.html#albums. Henta 21. mars 2011.