Misty Mountain Hop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Misty Mountain Hop
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin IV
A-side «Black Dog»
Utgjeve 8. november 1971
Innspelt Desember 1970–mars 1971
Sjanger Hardrock
Lengd 4:38
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Page/Plant/Jones
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi
«Immigrant Song» / «Hey Hey What Can I Do»
(1970)
Misty Mountain Hop «Rock and Roll» / «Four Sticks»
(1972)

«Misty Mountain Hop» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå det fjerde albumet deira, frå 1971. I USA og Australia var han òg B-sida til singelen «Black Dog». Songen vart spelt inn i Headley Grange, ein herregard med platestudio i Hampshire i England, der bandet stundom budde.[1]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Musikalsk har songen eit middels tempo som starta med bassist John Paul Jones på elektrisk piano. Han er kjend for dei mange laga med gitar og keyboard og den drivande trommerytmen til John Bonham. Songen har eit minneverdig riff, der Page og Jones spelar samstundes på keyboard og gitar. 2:11 ut i songen, på den andre halvdelen av andre verset så gjer bandet feil og kjem ut av takt med kvarandre. Dei følte derimot at resten av opptaket var så bra at dei oversåg dette.

Den vanlegaste tolkinga av teksten er at dei omhandlar eit møte med politiet etter å ha røykt marihuana i parken og såg år til Misty Mountains («where the spirits fly»), som er ein referanse til Hobbiten av J. R. R. Tolkien. Led Zeppelin refererte òg til Tolkien i andre songar, som «Bron-Y-Aur Stomp», «The Battle of Evermore» og «Ramble On».

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

«Misty Mountain Hop» vart først framført i København i 1971 og vart spelt jamnt frå seint 1972 og ut 1973, ofte knytt direkte til «Since I've Been Loving You». han vart òg spela i 1979. Dei gjenverande medlemmane spela songen på Atlantic Records 40th Anniversary-konserten i 1988 med Jason Bonham på trommer for faren. Songen vart òg spela under konserten for Ahmet Ertegün i O2 Arena i London den 10. desember 2007.

Robert Plant spela songen på soloturneane sine. Jimmy Page spela songen på turneen sin med The Black Crowes i 1999.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1991: Dread Zeppelin (5,000,000)
  • 1993: 7 Seconds (The Song Retains the Name II)
  • 1994: Cinnamon (Cinnamon II)
  • 1995: 4 Non Blondes (Encomium: A Tribute to Led Zeppelin)
  • 1995: Alon Nadel & Friends (Jazzeppelin)
  • 1998: Sansi Janiba's Infectious Groove (A Tribute to John Bonham)
  • 1999: Taime Downe (The Song Remains Remixed: A Tribute to Led Zeppelin, Sigue Sigue Sputnik remix)
  • 1999: Makoto Ihara (Super Rock Summit)
  • 1999: Pondlife ("Misty Mountain Hop" CD-singel)
  • 2000: Jimmy Page & The Black Crowes (Live at the Greek [bonusspor])
  • 2000: Kokoo (Super-Nova)
  • 2001: Out of Phase (A Tribute to Led Zeppelin IV)
  • 2001: Never Never (Never Never Tribute II)
  • 2003: various artists (Pickin' on Led Zeppelin, Volume II: A Bluegrass Tribute)
  • 2004: Bruce Lash (Prozak for Lovers II)
  • 2004: 2 Many DJs (As Heard on Radio Soulwax Pt. 8 [remix])
  • 2005: The Rockies (The Hits Re-loaded: The Music of Led Zeppelin)
  • 2005: Cee (Hip-Hop tribute to Led Zeppelin)
  • 2006: Glenn Hughes (Music for the Divine [bonus tracks edition])
  • 2006: Dream Theater (Two Nights In North America [limited release])
  • 2006: Greg Reeves & Eric Stock (Dub Tribute to Led Zeppelin)
  • 2007: Heart (Dreamboat Annie Live)
  • 2007: Zepparella (A Pleasing Pounding)
  • 2007: Letz Zep (Letz Zep II: Live in London)
  • 2008: Harry Slash & The Slashtones (Misty Mountain Hop: A Millennium Tribute to Led Zeppelin)
  • 2010: Supercute! (Supercute!)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.