Black Dog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Black Dog
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin IV
B-side «Misty Mountain Hop»
Utgjeve 8. november 1971
2. desember 1971 (singel)
Innspelt Desember 1970–mars 1971, Headley Grange i Headley, England
Sjanger Hardrock
Lengd 4:56
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Page/Plant/Jones
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi
«Immigrant Song» / «Hey Hey What Can I Do»
(1970)
Black Dog «Rock and Roll» / «Four Sticks»
(1972)

«Black Dog» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin og den første songen på det fjerde albumet deira, frå 1971. Han vart òg gjeven ut som singel i USA og Australia med «Misty Mountain Hop» på B-sida. Singelen nådde 15. plass i USA og 11. plass i Australia.

I 2004 vart han ranger på 294. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Musikkforskar Deena Weinstein hevda at «Black Dog» er ein av dei lettast gjenkjennelege songane til Led Zeppelin.[1]

Inspirasjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Led Zeppelin-bassist John Paul Jones, som skreiv hovudriffet,[2][3] ønskte å skrive ein song som folk ikkje kunne danse til på grunn av dei buktande riffa og kompliserte rytmeendringane.

I eit intervju forklarte Jones vanskane bandet hadde med å skrive songen:

« Eg ønskte å spele ein elektrisk blues med ein rullande bass. Men det kunne ikkje vere for enkelt. Eg ønskte at han skulle snu seg mot seg sjølv. Eg viste han for karane og me sokk hen i han. Me kjempa med vendepunktet, fram til [John] Bonham kom fram til at du berre fire-gonger som om det ikkje var eit vendepunktet. Det var løyndomen.[4]  »

Tittelen på songen er ein referanse til ein namnlaus svart Labrador retriever som vandra rundt utanfor studioet i Headley Grange.[4][5] Hunden har ikkje noko med teksten å gjere, som omhandlar eit desperat ønske om kjærleiken til ei kvinne og lykka som følgjer.

Songen er bygd rundt ein kall-og-svar-dynamikk mellom vokalisten og bandet. Dei acappella-versa med start og stopp var inspirert av Fleetwood Mac-songen «Oh Well» frå 1969.[2] (Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page og The Black Crowes spela seinare «Oh Well» på turneen deira i 1999 og tok han med på albumet Live at the Greek.)[6]

Trass i det tilsynelatande enkle trommemønsteret, har songen ein kompleks og stadig endrande takt som bandet stundom har hevda for å hindre andre band frå å spele songen. Jones ønskte opphavleg at songen skulle spelast inn i 3/16-takt, men skjønte det vart for vanskeleg å gjenskape live.[7] På konsertane fjerna Bonham 5/4-variasjonen slik at Plant kunne synge acappella-vokalen før instrumenta kom saman i lag synkronisert.[8] Om ein har volumet høgt nok kan ein høyre Bonham slå stikkene mot kvarandre før kvart riff. Page kommenterte dette i eit intervju med Guitar World i 1993:

« Han gjorde det for å halde takten og som eit signal til bandet. Me prøvde å fjerne dei felste av dei, men støysperre var vanskelegare då enn i dag.[9]  »

Lydane heilt i starten av songen er Page som varmar opp den elektriske gitaren sin. Han kalla det «vekke armeen av gitarar» - som er ei fleirsporsinnspeling i lag med elektrisk bassgitar.

Under den siste soloen kan ein høyre Robert Plant stønne og skrike i bakgrunnen[10]. Etter kring fire minuttar seier han «Push me babe, push me babe». Det er òg i denne delen av songen at Robert Plant når den høgaste tonen på alle Led Zeppelin-innspelingane. Han når han mellom den andre og tredje repetisjonen i uttoninga under gitarsoloen (ved 3:49 ut i songen). Han var kjend for å kunne klare ein høg G dei første åra han song i bandet, men ser her ut til å nå A5.

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

«Black Dog» vart spela mykje på konsertane til bandet. Han vart første gong spela i Ulster Hall i Belfast den 5. mars 1971, der dei første gong òg spela «Stairway to Heaven».[2] Han vart spela på kvar turne ut 1973. I 1974 vart han spela som ekstranummer som ein del av ein medley med «Whole Lotta Love», men vart lite spela i 1977. Han vart igjen henta fram i 1979 og 1980.[2]

På konsertane opna dei ofte med dei første taktane av «Out on the Tiles» som introduksjon til «Black Dog», bortsett frå i 1973 då dei nytta riffet frå «Bring It On Home» som introduksjon.

«Ah-ah»-refrenga vart ofte sungen som kall-og-svar mellom Plant og publikum.

Konsertopptak av songen finst i filmane The Song Remains the Same og Led Zeppelin DVD, samt albuma How the West Was Won og Led Zeppelin BBC Sessions.

«Black Dog» vart spela på konserten for Ahmet Ertegün i O2 Arena i London den 10. desember 2007.

Plant sampla songen på solosongen «Tall Cool One» og «Your Ma Said She Cried In Her Sleep Last Night». Page and Plant spela ein oppdatert versjon av songen på turneen sin i 1995. Robert Plant spela òg songen på soloturneen sin i 2005 og dette finst på DVDen Soundstage: Robert Plant and the Strange Sensation. Robert Plant og Alison Krauss song ofte «Black Dog» på turneen sin i USA og Euorpa i april og mai 2008.[11]

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Publikasjon Land Lovord År Rangering
Classic Rock USA The Top Fifty Classic Rock Songs of All Time[12] 1995 18
The Guitar USA Riff of the Millenium[13] 1999 7
Rolling Stone USA The 500 Greatest Songs of All Time[14] 2003 294
Q Storbritannia 1010 Songs You Must Own![15] 2004 *
Blender USA The Greatest Songs Ever![16] 2005 *
Bruce Pollock USA The 7,500 Most Important Songs of 1944-2000[17] 2005 *
Q Storbritannia The 20 Greatest Guitar Tracks[18] 2007 1

(*) uordna liste.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ronnie James Dio spela songen med bandet sitt Elf tidleg i 1970-åra

  • 2004: Tuba Gitarra & Bateria (TubaGitarra&Bateria)
  • 2005: Hayseed Dixie (A Hot Piece of Grass)
  • 2005: Larry Coryell, Victor Bailey, & Lenny White (Elektrisk)[19]
  • 2005: James Ryan (Led Zeppelin Salute: Get the Led Out!)
  • 2005: Led Zepagain (A Tribute to Led Zeppelin)
  • 2006: Robert Plant & The Strange Sensation (Robert Plant & The Strange Sensation)
  • 2006: Zepparella (Live at 19 Broadway [recorded 28 October 2005])
  • 2006: Franck Tortiller & Orchestre National de Jazz (Close to Heaven: A Led Zeppelin Tribute)
  • 2006: Studio 99 (Led Zeppelin: A Tribute)
  • 2007: Spahn Ranch (The Many Faces of Led Zeppelin [remix])
  • 2007: Finn and the Sharks (Breakfast Special)
  • 2007: The Boys from County Nashville (Long Ago and Far Away: The Celtic Tribute to Led Zeppelin)
  • 2008: Ted Kooshian (Ted Kooshian's Standard Orbitkvartett)
  • 2008: Keith Emerson (Led Box: The Ultimate Led Zeppelin Tribute)
  • 2008: Mads Tolling Trio (Speed of Light)
  • 2008: Debbie Landry (Misty Mountain Hop: A Millennium Tribute to Led Zeppelin)
  • 2009: Momentary Prophets (Quickening)

Samplingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Deena Weinstein (1991), "Listener's Guide to Heavy Metal" in Heavy Metal: A Cultural Sociology, New York: Lexington Books, ISBN 0-6692-1837-5, s. 278
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  3. Dave Schulps, Interview with Jimmy Page, Trouser Press, October 1977.
  4. 4,0 4,1 Liner notes by Cameron Crowe for The Complete Studio Recordings
  5. Australian Broadcasting Corporation - Triple J Music Specials - Led Zeppelin (first broadcast 12 July 2000)
  6. Black Dog Songfacts. Songfacts. Henta 25. mars 2011.
  7. Dave Lewis (1991), "The Making of Led Zep IV" in Led Zeppelin: A Celebration II, London: Omnibus Press, ISBN 1-84449-056-4, s. 22
  8. Theodore Gracyk (2007), Listening to Popular Music, Or, How I Learned to Stop Worrying and Love Led Zeppelin, Ann Arbor: University of Michigan Press, ISBN 0-472-06983-7, s. 166
  9. Interview with Jimmy Page, Guitar World 1993
  10. http://www.allmusic.com/song/t2072316
  11. Robert Plant and Alison Krauss at the Birmingham NIA
  12. ROCK SONGS «The Top Fifty Classic Rock Songs of All Time - 1995». Jacobs Media. http://www.rocklistmusic.co.uk/50.html#CLASSIC ROCK SONGS. Henta 25. mars 2011. 
  13. «Riff of the Millenium - December 1999». The Guitar. http://www.rocklistmusic.co.uk/50.html#guitarriff. Henta 25. mars 2011. 
  14. «The 500 Greatest Songs of All Time - November 2003». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/news/story/_/id/6596661/500songs. Henta 25. mars 2011. 
  15. «1010 Songs You Must Own! Celebrity Choices - September 2004». Q. http://www.rocklistmusic.co.uk/q1010songs.htm. Henta 25. mars 2011. 
  16. «Standout Tracks from the 500 CDs You Must Own - January 2005». Blender. http://www.blender.com/guide/articles.aspx?id=1407. Henta 25. mars 2011. 
  17. «The 7,500 Most Important Songs of 1944-2000 - 2005». Acclaimed Music. http://www.acclaimedmusic.net/Current/S4102.htm. Henta 25. mars 2011. 
  18. Greatest Guitar Tracks «The 20 Greatest Guitar Tracks - September 2007». Q. http://www.rocklistmusic.co.uk/qlistspage3.htm#20 Greatest Guitar Tracks. Henta 25. mars 2011. 
  19. «Elektrisk overview». Allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r787871. 
  20. http://www.hereinmyhead.com/collect/beesides/blackdog.html