Coda av Led Zeppelin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Coda
Studioalbum av Led Zeppelin
Språk engelsk
Utgjeve 19. november 1982
Innspelt 9. januar 1970–21. november 1978, overdubbing i 1982
Studio Sol Studios, Cookham i Berkshire i England
Sjanger
Lengd 33:04
Selskap Swan Song
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi 
In Through the Out Door
(1979)
Coda Led Zeppelin Boxed Set
(1990)


Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic78/100[1]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[2]
Robert ChristgauB+[3]
Classic Rock7/10[4]
Collector's Guide to Heavy Metal8/10[5]
The Daily Telegraph3/5 stars[6]
MusicHound3/5[7]
Pitchfork7.3/10[8]
Q3/5 stars[9]
Rolling Stone4/5 stars[10]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[11]

Coda er det niande og siste studioalbumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin, gjeve ut i 1982. Denne samlinga av unytta studioopptak frå forskjellige innspelingar gjennom den 12 år lange karrieren til Led Zeppelin vart gjeven ut to år etter gruppa offisielt hadde gitt seg etter at trommeslagar John Bonham døydde. Ordet coda tyder avslutninga av eit musikkstykke og vart derfor vald som tittel.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Led Zeppelin-gitarist og produsent Jimmy Page forklarte at årsaka til at albumet vart gjeve ut delvis var alle piratkopialbuma som var populære hos tilhengjarane:

« Coda vart hovudsakleg gjeven ut fordi det var så mange piratkopialbum tilgjengeleg. Me tenkte, vel, om det er så stor interesse, kan me like godt gje ut resten av studiomaterialet vårt sjølv. »

Led Zeppelin-bassist John Paul Jones minnest:

« Dei var gode songar. Mykje av det vart spelt inn då punk verkeleg slo an... stort sett var det ikkje mange Led Zeppelin-songar som ikkje vart gjeven ut. Me nytta alt.[12] »

I følgje Led Zeppelin-biografien Hammer of the Gods, skulda òg bandet Atlantic Records eit album til med avtalen på fem album som skapte Swan Song Records i 1974. Slik sett kunne dei oppfylle kontrakten med Coda.

«We're Gonna Groove» opnar albumet, og i følgje plateomslaget vart han spelt inn i Morgan Studios i juni 1969. Det vart seinare kjend at han kom frå eit konsertopptak frå januar 1970 i Royal Albert Hall, med nytt gitarspor og den originale gitaren fjerna.

«Poor Tom» er frå innspelinga av Led Zeppelin III og vart innspelt i Olympic Studios i juni 1970.

«I Can't Quit You Baby» er henta frå same konsert som «We're Gonna Groove», men vart oppført som ei øving i det originale plateomslaget. Innspelinga vart redigert ned for å fjerne «konsert-kjensla».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«We're Gonna Groove» (live)Ben E. King, James A. Bethea2:42
2.«Poor Tom»Page, Plant3:03
3.«I Can't Quit You Baby» (Live) (Edit)Willie Dixon4:18
4.«Walter's Walk»Page, Plant4:31
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Ozone Baby»Page, Plant3:35
2.«Darlene»Bonham, Jones, Page, Plant5:07
3.«Bonzo's Montreux»Bonham4:19
4.«Wearing and Tearing»Page, Plant5:32
1993-utgåva med bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
9.«Baby Come On Home» (innspelt 1968, finst på Boxed Set 2, 1993)Bert Berns, Page, Plant4:30
10.«Travelling Riverside Blues» (innspelt 1969, finst på Boxed Set, 1990)Johnson, Page, Plant5:11
11.«White Summer/Black Mountain Side» (konsertopptak juni 1969, finst på Boxed Set, 1990)Page8:01
12.«Hey Hey What Can I Do» (innspelt 1970, b-side til «Immigrant Song», 1970)Bonham, Jones, Page, Plant3:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Led Zeppelin

Albumlister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Topplassering
Den norske VG-lista[13] 18
Den britiske albumlista[14] 4
Den japanske albumlista[15] 16
US Cash Box Top 100 6
Kanadiske RPM Top 100[16] 3
New Zealand Top 50[17] 7
Den tyske albumlista 43
Den franske albumlista[18] 18
US Billboard The 200 6
Australske Kent Music Report 9

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[19] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[20] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Coda [Remastered] - Led Zeppelin». Metacritic. Henta 22. august 2018. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. Coda av Led ZeppelinAllmusic. Henta 22. august 2018.
  3. Christgau, Robert (15. juni 1972). «Led Zeppelin». Consumer Guide. robertchristgau.com. Henta 22. august 2018. 
  4. Batcup, Tim (August 2015). «Led Zeppelin Presence / In Through The Out Door / Coda». Classic Rock. s. 102–03. 
  5. Popoff, Martin (1. november 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 195. ISBN 978-1-894959-31-5. 
  6. McCormick, Neil (23. april 2014). «Led Zeppelin's albums ranked from worst to best». The Daily Telegraph. Henta 22. august 2018. 
  7. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 662. ISBN 1-57859-061-2. 
  8. Richardson, Mark (28. juli 2015). «Led Zeppelin: Presence / In Through the Out Door / Coda». Pitchfork. Henta 22. august 2018. 
  9. Aizlewood, John (September 2015). «Led Zeppelin Reissues». Q. s. 121. 
  10. Loder, Kurt (20. januar 1983). «Coda». Album Reviews. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 12. september 2012. Henta 22. august 2018. 
  11. «Led Zeppelin». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 14. januar 2011. 
  12. Tekst i plateomslaget for Led Zeppelin boxed set.
  13. «Top 20 Albums - 28 November 1982». norwegiancharts.com. Henta 27. mars 2011. 
  14. «Top 100 Albums - 4 December 1982». chartstats.com. Arkivert frå originalen 7. oktober 2012. Henta 27. mars 2011. 
  15. «Top 100 Albums - 18 December 1982». Oricon. Henta 27. mars 2011. 
  16. «RPM albumlista - 25 December 1982». RPM. Henta 27. mars 2011. 
  17. Scapolo, Dean (2007). «Top 50 Albums - December 1982». The Complete New Zealand Music Charts (1st Edition utg.). Wellington: Transpress. ISBN 1-877443-00-8 Check |isbn= value: checksum (hjelp). 
  18. «Top 100 Albums - 1 January 1983». infodisc.fr. Henta 27. mars 2011. 
  19. «British album salstrofé – Led Zeppelin – Coda». British Phonographic Industry.  Enter Coda in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  20. «American album salstrofé – Led Zeppelin – Coda». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH