Over the Hills and Far Away av Led Zeppelin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Over the Hills and Far Away
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Houses of the Holy
B-side «Dancing Days»
Utgjeve 24. mai 1973
Innspelt 1972
Sjanger Folkrock, hardrock
Lengd 4:50
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Page/Plant
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi
«Rock and Roll» / «Four Sticks»
(1972)
Over the Hills and Far Away «D'yer Mak'er» / «The Crunge»
(1973)

«Over the Hills and Far Away» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Houses of the Holy i 1973.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Jimmy Page og Robert Plant skreiv opphavleg songen i 1970 i Bron-Yr-Aur, ei hytte i Wales der dei kvilte ut etter ein slitsam turne i Nord-Amerika.[1]

Page spelar ein 6-strengs akustisk gitar i introduksjonen med ein melodi som liknar «White Summer». Page repeterer temaet med ein 12-strengs akustisk gitar i samklang. Vokalen til Plant kjem så inn. Den akustiske gitaren bygger seg opp i eit crescendo før Page sin elektrisk gitar, trommene til John Bonham og bassen til John Paul Jones kjem inn.

Instrumentalpartia før versa og i mellomspelet står fram som eit døme på det tette samspelet mellom Jones og Bonham. Etter det siste verset tonar rytmen ut, før ein kan høyre nokre akkordar av Jones på cembalo.[2] Dei siste åtte taktane spelar òg Page pedalsteelgitar.

Songen vart gjeven ut som den første amerikanske singelen frå Houses of the Holy og nådde 51. plass på Billboard Hot 100-lista.

Led Zeppelin spela ofte songen på konsertane sine.[3] Konsertopptaket frå How the West Was Won, ein kombinasjon av konsertane den 25. og 27. juni 1972, var den andre offentlege framferda med songen. Bandet spela songen i 1972 og ut 1979. Han vart ikkje spela på den siste turneen deira i Europa i 1980.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 2000: Kokoo (Super-Nova)
  • 2002: Purdymouth W.V. (Just Don't Kiss Her)
  • 2002: Nikki Boyer (Livin', Lovin', Played: A Tribute to Led Zeppelin)
  • 2003: various artists (A Bluegrass Tribute: Pickin' on Led Zeppelin, Volume II)
  • 2004: Hampton String Quartet (HSQ Rides Again)
  • 2005: Led Zepagain (A Tribute to Led Zeppelin)
  • 2006: Michael Armstrong (Rockabye Baby! Lullaby Renditions of Led Zeppelin)
  • 2006: Bustle In Your Hedgerow (Live at Abbey Pub, 8.6.06)
  • 2007: The Boys from County Nashville (The Celtic Tribute to Led Zeppelin: Long Ago and Far Away)
  • 2008: Gov't Mule (Holy Haunted House [konsert 2007])
  • 2008: Snowblynd (Misty Mountain Hop: A Millenium Tribute to Led Zeppelin)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sutcliffe, Phil (2003), Back to Nature (Special Led Zeppelin utg.), s. 34 
  2. Tolinski, Brad; di Benedetto, Greg (January 1998). «Light and Shade: A Historic Look at the Entire Led Zeppelin Catalogue Through the Eyes of Gitarist/Producer/Mastermind Jimmy Page». Guitar World. 
  3. Lewis, Dave (1994). The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin. Omnibus Press. ISBN 0-7119-3528-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]