Led Zeppelin III

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Led Zeppelin III
Studioalbum av Led Zeppelin
Språk engelsk
Utgjeve 5. oktober 1970 (US)
23. oktober 1970 (UK)
Innspelt Januar–august 1970 på forskjellige stader
Sjanger
Lengd 43:04
Selskap Atlantic
Produsent Jimmy Page
Kritikk
Led Zeppelin-kronologi 
Led Zeppelin II
(1969)
Led Zeppelin III Led Zeppelin IV
(1971)


Led Zeppelin III er det tredje albumet av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Det vart spelt inn mellom januar og juli 1970 og kom ut 5. oktober 1970 på Atlantic Records. Det vart hovudsakleg spelt inn i ei avsidesliggande hytte i Wales kalla Bron-Yr-Aur. Bandet la her større vekt på folkemusikk og akustiske lydar. Dette overraska mange tilhengjarar og kritikarar, og då det kom ut fekk det heller middels kritikk. Sjølv om det ikkje er eit av dei bestseljande albuma i katalogen til Led Zeppelin, vert det i dag generelt hylla, og vert rekna som ein viktig milepåle i historia til bandet.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Oppfor Bron-Yr-Aur, der mykje av albumet vart skrive.

Mange av songane på albumet vart skriven midtvegs i 1970 i Bron-Yr-Aur, ei hytte frå 1700-talet i Gwynedd i Wales, på ein åstopp oppfor Dyfidalen, 5 km nord for kjøpstaden Machynlleth. Her oppheldt vokalist Robert Plant og gitarist Jimmy Page seg ei stund etter ein turne i Nord-Amerika for å spele og komponere ny musikk. Dei hadde verken innlagt vatn eller straum, noko som oppmuntra dei til ei ny musikalsk retning med større vekt på akustiske instrument.[6][7] Som Page seinare forklarte:

Etter den omfattande turneringa under og etter dei to første albuma, med arbeid nesten 24 timar dagleg, måtte me stoppe og ta ein skikkeleg pause, eit par månader i staden for eit par veker. Me valde å leige ei hytte i staden for to motellrom. Det hadde tydelegvis ein effekt på songane me skreiv ... Det var roen på denne staden som sette tonen på albumet. Me nytta sjølvsagt ikkje 100 watts Marshall-forsterkarar. Me spelte akustisk og var interessert i klassisk gitar, vel, me var i ei hytte utan straum, så det var tid for akustisk gitar ... Etter all den tunge, intense stemninga med turneringa, som kjem fram i den rå energien på det andre albumet, var det berre ei totalt annleis kjensle.[8]

Plant sa noko liknande:

[Bron-Yr-Aur] var ein fantastisk stad midt i ingemannsland utan fasilitetar i det heile - og det var ein fantastisk test på kva me kunne få til i dei omgjevnadane. På denne tida hadde me blitt besett av endringar, og det store var at me klarte å lage ei landleg side til Led Zep. Jimmy lytta til Davey Graham og Bert Jansch og eksperimenterte med forskjellige stemmingar, og eg elska John Fahey. Så det var ein særs naturleg stad for oss å dra til.[9]

Etter å ha gjort klar songane som skulle med på albumet, kom Page og Plant saman med dei andre medlemmane i bandet (trommeslagar John Bonham og bassist John Paul Jones) i Headley Grange, eit nedsliten herskapshus i East Hampshire, for å øve inn songane. Med den avslappa atmosfæren og dei landlege omgjevnadane, appellerte Headley Grange til band som ein godt alternativ til disiplinen i eit vanleg studio.[6]


Albumet vart spelt inn i fleire bolkar i mai og juni 1970 i både Headley Grange og i Olympic Studios i London. Noko vart tillegg spelt inn i t Island Records sitt nye Basing Street Studios i Notting Hill i London i juli, så miksa i Ardent Studios i Memphis i august 1970 under den sjette amerikanske turneen til bandet.[6] Albumet vart produsert av Page med Andy Johns og Terry Manning som lydteknikarar.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Som nemnd over markerte Led Zeppelin III ei markert endring for bandet frå hardrock seint i 1960-åra til eit meir folkrock eller elektrisk folk og akustisk-inspirert lydbilete.[6] Desse stilane fann ein òg til ein viss grad på dei to første platene deira, men her vart det lagt langt større vekt på dei, og dei skulle òg verte meir framståande på seinare album. Denne utviklinga vann fram hos mange tilhengjarar av progressiv rock, som ikkje hadde høyrt på Led Zeppelin tidlegare. Med Led Zeppelin III endra dynamikken i låtskrivinga deira seg òg, og der Page hadde dominert på dei to første albuma, var det no ein meir demokratisk affære der alle fire bandmedlemmane medverkane med sine komposisjonar og idear.[6]

Albumet inneheld to songar som vart faste innslag på konsertane deira i mange år framover, «Immigrant Song» og «Since I've Been Loving You». Den første av desse, skriven av Jimmy Page og Robert Plant, omhandlar invasjonen til vikingane av England og var inspirert av ein konsert bandet hadde halde på Island. «Since I've Been Loving You» er ein klassisk, original blues i c-moll med hjarteleg samspel mellom dei fire medlemmane. Han vart mykje spela på konsertane deira og erstatta «I Can't Quit You Baby» på setlista som bluesnummeret deira.

Albumet inneheld òg rockesongane «Celebration Day» og «Out on the Tiles» og den austleg-aktige «Friends» og dei akustiske songane «Bron-Y-Aur Stomp»" «Tangerine» og «That's the Way», sistnemnde vart av Page rekna som eit gjennombrot for tekstskrivinga til Plant, som framleis var under utvikling.[10] Songen «Gallows Pole» er eit nytt arrangement av den tradisjonelle folkesongen «The Maid Freed from the Gallows». Albumet avsluttar med «Hats Off to (Roy) Harper», ein song tileigna artisten og venen Roy Harper.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Led Zeppelin III var eit av dei mest venta albuma i 1970, og førehandssalet i USA aleine var nær ein million.[6] Han vart gjeven ut med ein stor marknadsføringskampanje i Melody Maker mot slutten av september, som berre sa «Thank you for making us the world's number one band.»[6]

Sjølv om bandet utvida dei musikalske grensene sine og vart varmt teke imot av somme, var det dei som talte meir nedlatande om dei tyngre spora på albuma, som vart kalla likeglad støy. I ei representativ melding i Rolling Stone, hylla kritikar Lester Bangs «That's the Way» som «vakker og oppriktig rørande», medan han kalla dei tyngre songane til bandet som brutale og vanskeleg å skilje frå kvarandre.[11] Andre kritiserte dei akustiske songane som imitasjonar av Crosby, Stills, Nash & Young.[12] Page meinte at denne samanlikninga var unøyaktig og sa i eit intervju han gav Cameron Crowe at

då det tredje albumet kom ut og kritikken kom hadde Crosby, Stills and Nash nettopp starta. Albumet hadde nettopp kome ut og fordi det var mykje akustisk gitarar der, så var det brått: LED ZEPPELIN GO ACOUSTIC! Eg tenkte, herregud, kvar er hovuda og øyra deira? Det var tre akustiske songar på det første albumet og to på det andre.[13]

Page sa òg at den negative presseomtalen på det tredje albumet påverka han så mykje at han ikkje gav intervju dei neste 18 månadane etter det kom ut, og var òg ei av årsakene til at det neste albumet til bandet, ikkje hadde tittel eller noko anna informasjon om kven albumet var av.[8] I nyare år har han kommentert kritikken på meir diplomatisk vis:

I etterkant kan eg sjå kvifor enkelte mottok Led Zeppelin III, som var så forskjellig frå det me hadde gjort tidlegare, og at dei berre hadde kort tid på seg til å skrive kritikken at dei missa innhaldet. Dei hadde hastverk og såg etter ein ny «Whole Lotta Love» og lytta ikkje til det som faktisk var der. Det var så nytt for dei og dei klarte ikkje å fange handlinga. Så å sjå attende no så overraskar det meg ikkje at mangfaldet og breidda i det me gjorde vart oversett og lite verdsett på den tida.[14]

Led Zeppelin III gjekk til førsteplassen på begge sider av Atlanteren. Han låg fire veker på toppen av Billboard-lista i USA, og tre veker på toppen av lista i Storbritannia.[6] Men etter den lunkne, om ikkje forvirrande og stundom avskrivande kritikken, fall salstala kort tid etter.[10] Som Plant sa:

Led Zeppelin III var ikkje det bestseljande i katalogen fordi publikum såg på albumet og sa 'Kva skal me liksom gjere med dette?' - 'Kvar er vår 'Whole Lotta Love Part 2'? Dei ønskte noko som Paranoid av Black Sabbath! Men me ønskte å gå akustisk og eit stykke som «Gallows Pole» hadde likevel all krafta til «Whole Lotta Love» fordi det tillet oss å bli dynamiske.[7]

Trass i middels kritikk og lågare salstal i starten, samanlikna med dei andre Led Zeppelin-albuma, har ryktet til Led Zeppelin III vorte langt betre med tida.RIAA gav albumet dobbel platina i 1990 og 6x platina i 1999.[15]

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Publikasjon Land Lovord År Rangering
The Book of Rock Lists USA The Top 40 Albums (1970) 1981 39
Mojo Storbritannia The 100 Greatest Albums Ever Made[16] 1996 99
Colin Larkin Storbritannia The Virgin All-Time Album Top 1000 List[17] 1998 361
Q Storbritannia 50 Best British Albums Ever[18] 2004 9
Robert Dimery USA 1001 Albums You Must Hear Before You Die[19] 2005 *
Classic Rock Storbritannia 100 Greatest British Rock Album Ever[20] 2006 31

(*) uordna lister.

Plateomslaget[endre | endre wikiteksten]

Det originale plateomslaget til Led Zeppelin III kom med eit nyskapande omslag, designa av Zacron, ein multimediakunstnar Jimmy Page hadde møtt i 1963 då Zacron var student ved Kingston College of Art.[21]

Omslaget bestod av ei surrealistisk samling tilsynelatande tilfeldige bilete på ein kvit bakgrunn. Mange av dei var knytte til luftfart (som i «Zeppelin»). Bak framsida var eit roterande, laminert disk, eller, dekt med fleire bilete, inkludert foto av bandmedlemmane. Desse kom til syne gjennom hol i omslaget. Ved å rotere skiva bak, kunne ein få fram forskjellige bilete i hola. Dette kunne ikkje reproduserast for CD- eller kassett-utgåvene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Immigrant Song»Page, Plant2:26
2.«Friends»Page, Plant3:55
3.«Celebration Day»Jones, Page, Plant3:29
4.«Since I've Been Loving You»Jones, Page, Plant7:25
5.«Out on the Tiles»Bonham, Page, Plant4:04
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Gallows Pole»trad., arr. Page, Plant4:58
2.«Tangerine»Page3:12
3.«That's the Way»Page, Plant5:38
4.«Bron-Y-Aur Stomp»Jones, Page, Plant4:20
5.«Hats Off to (Roy) Harper»trad., arr. Charles Obscure3:41

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Album
Chart (1970) Peak Position
Den norske VG-lista[22] 3
US Billboard 200 1
US Billboard Soul LP's[23] 30
Den britiske albumlista[24] 1
Kanadiske RPM Top 100 Albums Chart[25] 1
Den japanske albumlista[26] 5
US Record World Top Pop Albums 1
US Cash Box Top 100 Albums 1
Den tyske albumlista 3
Den spanske albumlista[27] 6
Den franske albumlista[28] 4
Australske Go-Set Top 20 [29] 1

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Led Zeppelin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Q Review
  2. Blender Review
  3. Allmusic Review
  4. Rolling Stone Review
  5. Robert Christgau Review
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9
  7. 7,0 7,1 Chris Welch (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 0-85797-930-3, s. 52, 55.
  8. 8,0 8,1 Dave Schulps, Interview with Jimmy Page Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine., Trouser Press, October 1977.
  9. Nigel Williamson, "Good Times...Bad Times", Uncut, May 2005, s. 56.
  10. 10,0 10,1 Gilmore, Mikal (10 August 2006). «The Long Shadow of Led Zeppelin». Rolling Stone (1006). Arkivert frå originalen 12. desember 2007. Henta 23. mars 2011. 
  11. Bangs, Lester (November 26, 1970). «Records: Led Zeppelin III». Rolling Stone (Straight Arrow Publishers, Inc.) (71): 34. 
  12. Davis, Stephen (4 July 1985). «Power, Mystery And The Hammer Of The Gods: The Rise and Fall of Led Zeppelin». Rolling Stone (451). Arkivert frå originalen 28. januar 2008. Henta 23. mars 2011. 
  13. «Cameron Crowe interview Led Zeppelin». 18. mars 1975. Arkivert frå originalen 24. oktober 2007. Henta 23. mars 2011. 
  14. Nigel Williamson, "Forget the Myths", Uncut, mai 2005, s. 70.
  15. LED ZEPPELIN III search results, RIAA official website.
  16. «The 100 Greatest Albums Ever Made - January 1996». Mojo. Henta 23. mars 2011. 
  17. «Virgin All-Time Album Top 1000 List - 1998». Virgin. Henta 23. mars 2011. 
  18. «50 Best British Albums Ever - July 2004». Q. Henta 23. mars 2011. 
  19. Dimery, Robert - 1001 Albums You Must Hear Before You Die; page 156
  20. «Classic Rock - 100 Greatest British Rock Album Ever - April 2006». Classic Rock. Henta 23. mars 2011. 
  21. Zacron - Led Zeppelin III Rock album cover Gallery
  22. «Top 20 Singles - 25 October 1970». norwegiancharts.com. Henta 23. mars 2011. 
  23. «allmusic (((Led Zeppelin III > Charts & Awards > Billboard Albums)))». Henta 23. mars 2011. 
  24. «Top 100 Albums - 7 November 1970». chartstats.com. Arkivert frå originalen 8. desember 2012. Henta 23. mars 2011. 
  25. «RPM Albums Chart - 7 November 1970». RPM. Henta 23. mars 2011. 
  26. «Top 100 Albums - 11 November 1970». Oricon. Henta 23. mars 2011. 
  27. «Top 100 Albums - 12 December 1970». PROMUSICAE. Henta 23. mars 2011. 
  28. «Top 100 Albums - 1970». infodisc.fr. Henta 23. mars 2011. 
  29. «Top 20 Albums - 23 January 1971». Go Set. Arkivert frå originalen 29. august 2008. Henta 23. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]