Hot Dog av Led Zeppelin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hot Dog
Singel av Led Zeppelin
frå albumet In Through the Out Door
A-side «Fool in the Rain»
Utgjeve 15 August 1979
Innspelt November–desember 1978
Sjanger Rock, rockabilly
Lengd 3:17
Selskap Swan Song
Låtskrivar(ar) Page/Plant
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi
«Candy Store Rock» / «Royal Orleans»
(1976)
Hot Dog

«Hot Dog» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå In Through the Out Door i 1979. Det er den einaste songen på albumet der John Paul Jones ikkje er medlåtskrivar. Det er ein lystig melodi gjort som ein country-låt med Elvis Presley-liknande vokal av songaren Robert Plant.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Songen var påverka av amerikansk rockabilly-musikk. Han dukka opp i London under øvingane der, då det var vanleg for dei å spele gjennom gamle Elvis og Ricky Nelson-songar frå 1950-åra.[1] Elvis hadde faktisk ein song kalla «Hot Dog» som han framførte i filmen Loving You i 1957.

Teksten omhandlar ei jente i Texas som «stal hjarta mitt» og kan ha vore basert på ei verkeleg jente i livet til Plant, men han kalla det ein hyllest til Texas og sinntilstanden deira.

«Hot Dog» vart spela på konsertar av Led Zeppelin i 1979 og 1980.

Songen vart òg gjeven ut som B-side til singelen «Fool in the Rain».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.