Rock and Roll av Led Zeppelin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rock and Roll
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin IV
B-side

«Four Sticks»

Språk engelsk
Utgjeve 21. februar 1972
Innspelt Desember 1970–mars 1971
Sjanger Hardrock, rock and roll
Lengd 3:40
Selskap Atlantic
Komponist Jimmy Page
Tekstforfattar Robert Plant
Låtskrivar(ar) Page/Plant/Jones/Bonham
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi 
«Black Dog» / «Misty Mountain Hop»
(1971)
Rock and Roll «Over the Hills and Far Away» / «Dancing Days»
(1973)


«Rock and Roll» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin, som først kom ut på det fjerde albumet deira i 1971. Med seg hadde dei The Rolling Stones-pianisten Ian Stewart.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Som tittelen indikerer er songen basert på ein av dei mest populære strukturane i rock and roll, 12-taktsbluesprogresjon (i A). «Rock and Roll» står som ein av dei mest kjende songane i katalogen deira.

Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page har sagt at songen vart til spontant under ein jam, medan bandet prøvde (og mislukkast) å gjere ferdig songen «Four Sticks».[1][2] Trommeslagar John Bonham spelte introduksjonen til Little Richard sin «Keep a Knockin'» og Page la på eit gitarriff.[3] Lydbanda gjekk og femten minutt seinare var grunnlaget for songen innspelt.[4] På songen spelar òg John Paul Jones piano.[3] Page sa:

« Me spelte inn ein annan song [Four Sticks]; me var akkurat ferdig med eit forsøk og John Bonham spelte trommeintroen og me berre følgde på. Eg start med om lag halve riffet du høyrer på Rock n Roll og det var så bra at me tenkte, 'la oss arbeide vidare med dette'. Riffet og sekvensen låg tett opp til 12-taktsmønsteret du hadde i gamle rockesongar som Little Richard, etc, og det var berre så på ståande fot at han nesten berre kom ut av ingenting.[2] »

Page sa òg :

« Det stoppa faktisk opp etter om lag 12 taktar, men det var nok der til at me forstod at det var meir å arbeide med. Robert [Plant] starta til og med å synge med det same.[5] »

«Rock and Roll» er ein av få Led Zeppelin-songar der alle i bandet er tilskriven som låtskrivarar.

Teksten til songaren Robert Plant refererer fleire tidlege rockesongar frå 1950- og 1960-åra, som «The Stroll», «The Book of Love», og «Walking In the Moonlight».

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

«Rock and Roll» vart mykje spela på konsertane til Led Zeppelin frå 1971 og frametter. Plant kalla songen i starten «It's Been A Long Time», som er den første tekstlinja i songen.[3] I 1972 vart han opningssongen på alle konsertane deira, noko han var fram til 1975. I 1977 vart han spelt som ein medley under ekstranummeret med «Whole Lotta Love», og i 1979 og 1980 vart heile songen spela under ekstranummera..[3]

På konsertversjonane byta vanlegvis Robert Plant det andre og tredje verset.

Eit konsertopptak frå Madison Square Garden i juli 1973 vart innspelt for filmen The Song Remains the Same og det tilhøyrande albumet. Eit anna opptak frå juni 1972 finst på albumet How the West Was Won.

I 1985 spela Page, Plant og Jones songen på Live AidJFK Stadium i Philadelphia, som ein del av Led Zeppelin-settet med trommeslagarane Tony Thompson og Phil Collins. «Rock and Roll» vart òg spela som siste ekstranummer på konsert for Ahmet ErtegünO2 Arena i London den 10. desember 2007. Den 7. juni 2008 spela Jimmy Page og John Paul Jones i lag med Foo Fighters-frontmann Dave Grohl og trommeslagar Taylor Hawkins på Wembley stadium på «Rock and Roll» i lag med «Ramble On».

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Publikasjon Land Lovord År Rangering
Dave Marsh USA "The 1001 Greatest Singles Ever Made"[6] 1989 424
Rock and Roll Hall of Fame USA The Rock and Roll Hall of Fame's 500 Songs that Shaped Rock and Roll 1994 *
Radio Caroline Storbritannia Top 500 Tracks[7] 1999 21
VH1 USA The 100 Greatest Rock Songs of All Time[8] 2000 66
Q Storbritannia The 50 Most Exciting Tunes Ever..[9] 2002 17
Q Storbritannia The 1001 Best Songs Ever[10] 2003 201

(*) usortert liste.

Singel[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeven ut på singel i fleire land med «Four Sticks» som B-side. Singelen nådde 47. plass i USA. I Sør-Afrika kom singelen ut med «Going to California» som B-side. Han vart òg gjeven ut som ein EP i USA i 1972 med «Black Dog» og «Stairway to Heaven».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Classic Albums", "Led Zeppelin IV", first broadcast on BBC Radio 1, 1992.
  2. 2,0 2,1 James Jackson, "Jimmy Page on Led Zeppelin IV, the band's peak and their reunion, The Times, January 8, 2010 .
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  4. Australian Broadcasting Corporation - Triple J Music Specials - Led Zeppelin (first broadcast 12 July 2000)
  5. Dave Schulps, Interview with Jimmy Page Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine., Trouser Press, oktober 1977.
  6. «The Heart of Rock and Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made - 1989». http://www.control.lth.se/~anton/personal/music/1001_number.html. Da Capo Books.  External link in |nettstad= (hjelp); |access-date= requires |url= (hjelp)
  7. «Top 500 Tracks - 1999». Radio Caroline. Henta 25. mars 2011. 
  8. «The 100 Greatest Rock Songs of All Time - July 2000». VH1. Arkivert frå originalen 12. april 2012. Henta 25. mars 2011. 
  9. «The 50 Most Exciting Tunes Ever.. - January 2002». Q. Henta 25. mars 2011. 
  10. «The 1001 Best Songs Ever - 2003». Q. Henta 25. mars 2011. 
  11. Davis 2008, s. 61, "Axl went back to see Shark Island at Gazzari's several times. One night he and Tracii Guns got onstage with Shark Island and jammed on Led Zeppelin's "Rock and Roll.""

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]