Beltekøyretøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fig. 1 Hägglunds Bv206 rammstyrt beltevogn.

Beltekøyretøy er køyretøy som vert drivne fram på belte av stål eller gummi. Dei vert nytta i ulendt terreng, på våt mark og jamvel på vegar. Bruk av belte er mykje nytta på anleggsmaskiner, terrengkøyretøy og militære køyretøy.

Ein av dei største føremonane med beltekøyretøy er at dei har svært lågt marktrykk. Dei kan difor nyttast på underlag med dårleg bereevne, som myr, gjørme og snø. Dei har òg god framkomstevne i ulendt terreng og på laust underlag.

Beltekøyretøy har òg nokre ulemper, som at dei er vanskelegare å manøvrera enn køyretøy med hjul og at farten er låg. Ei anna ulempe er at dei er meir utsett for slitasje enn gummihjul.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Fig. 2 Britisk Mark IV stridsvogn frå 1. verdskrig.

Sjølv om beltedrivne køyretøy ikkje slo gjennom før tidleg på 1900-talet vart dei fyrste eksperimenta utførte i fyrste halvdelen av 1800-talet. Engelskmannen Georg Caley eksperimenterte med endelause belte på ei vogn så tidleg som i 1825 [1]. Han var interessert i å redusera marktrykket slik at vogna kunne nyttast på underlag med dårleg bereevne. John Heatcoat byggde vidare på denne ideen då han i 1834 bygde ein dampdriven beltetraktor [2]. Belta på denne traktoren var laga av treplater som vart heldt saman av kraftig kanvas. Grunnen til at han var utstyrt med belte var at han skulle nyttast på blaut myr.

I 1888 bygde russaren Friodur Abramovitch Blinov ein dampdriven beltetraktor, med ein sylinder over kvar beltevange [3]. Glover and Chandler bygde òg ein dampdriven beltetraktor i 1888 [4]. I 1900 bygde Lombard Traction Engine Company i Penobscot ein dampdrive beltetraktor, med kraftige belteplater av eik som vart helt saman av kjettingar [5].

I 1904 laga Holt Tractor Company i California ein dampdriven beltetraktor. Belta var laga av stålplater som var hengsla saman og monterte på beltevangar med nedre rullar. Konstruksjonen var svært lik moderne belte. Belta var relativt korte og rakk berre over halvparten av lengda på traktoren, som vart styrt med eit breitt midtmontert framhjul.

I 1905 bygde Hornsby ein beltetraktor med ein 20 hk Hornsby-Akroyd firetakts råoljemotor [6]. Denne traktoren hadde stålbelte som var svært like moderne stålbelte. Det var inga interesse for traktoren i Storbritannia, så i 1913 selde dei rettane til Holt Tractor Co. i California, som i 1925 gjekk saman med C. L. Best Gas Traction til Caterpillar. Men då den britiske hæren i 1914 arbeidde med å konstruera ei pansra stridsvogn fekk dei hjelp av Hornsby og i 1915 var den fyrste prototypen klar for testing. Desse vognene, Fig. 2, hadde same type belte som Hornsby hadde nytta i 1905.

Stålbelte på vangar[endre | endre wikiteksten]

Fig. 3 M: drivhjul, A: Løpehjul, R: strammehjul.
Fig. 4 Stålbelte på anleggsmaskin.
Fig. 5 Beltetraktor med sidekran.
Fig. 6 Overrullar.
Fig. 7 Belteplater.
Fig. 8 Underrullar.

Fig. 3 til 8 syner korleis beltevangane for stålbelte er bygd opp. Drivhjulet, merka A i Fig. 3, har grove tenner som går i inngrep med stålbeltet. På undersida vert beltet pressa ned av fleire underrullar, merka L i Fig. 3. I fronten sit eit strammehjul, som vert pressa framover av ei kraftig fjær eller ein hydraulisk sylinder og helt beltet stramt. Det er òg ofte ein eller fleire overrullar, Fig. 6, som hindrar oversida på beltet i å subba ned i vangane.

Belta vert utsette for slitasje når dei går i jord og stein og for å forlenga levetida vert alle delar laga av herda stål. Hjul og rullar er opplagra i tette eingongssmurte lager. Som Fig. 7 syner er belta laga av stålplater som er hengsla saman med boltar. Desse hengslene vert smurte med feitt som er innkapsla mellom boltane og foringane. På tross av at alle delane er herda og eingongsmurte er stålbelte utsett for slitasje og bytte av deler representerer ein ikkje ubetydeleg del av vedlikehaldskostnadane.

Denne typen belte toler store påkjenningar og er motstandsdyktig mot skoten stein. Dei vert difor nytta på anleggsmaskiner, som bulldosarar og gravemaskinar. Militære beltekøyretøy, som stridsvogner og sjølvgåande artilleri nyttar òg denne typen belte. På militære køyretøy er belta bøygd oppover i begge endar for at køyretøyet lettare skal kunne ta seg over hindringar. På anleggsmaskiner, som beltetraktoren i Fig. 5, er det viktigare med stor bereflate og endane av belta er ikkje bøygde oppover.

Køyretøy med denne typen belte vart tidlegare styrte ved at drifta til beltet i innersvingen vart kopla frå med ei styrekopling. Ved køyring i nedoverbakke ville køyretøyet auka farten på den sida som vart frikopla, så maskina svinga til motsett side av det den gjorde i motbakke og på flatmark. Styrebremsar kunne nyttast for å ta skarpe svingar. Moderne maskiner har meir avansert kraftoverføring og maskina svingar til same side både i oppover- og i nedoverbakke.

Bilar med halvbelte[endre | endre wikiteksten]

Fig. 9 Ein Packard Twin-6 med Kégresse halvbelte i Petrograd i 1917.
Fig. 10 Somua MCG Saumur frå 2. verdskrig.

I 1910 konstruerte franskmannen Adolphe Kégresse, som frå 1906 til 1917 arbeidde for tsar Nicolas II i Petrograd, halvbelte for bilar. Desse vart monterte på Delaunay-Belleville, Fig. 9, Mercedes-Benz og Packard medan han var i Petrograd.

I 1919 starta han eit samarbeide med Citroën og bygde om fleire Citroën-modellar til beltebilar. Saman med Hinstin utvikla han belte med stålribber heldt saman av kraftige gummireimer, som vart kjendte som Kégresse-Hinstin-belte. Denne typen vart nytta på militære køyretøy i fleire europeiske land under 2. verdskrig. Kvaliteten på gummi på denne tida begrensa levetida på belta til 2000 til 6000 km. Halvbelte av stål, Fig. 10, var meir slitesterke og vart nytta på lastebilar under 2. verdskrig.

Beltevogner[endre | endre wikiteksten]

Fig. 11 Volvo BV 202 bandvogn.
Fig. 12 Løypemaskin.

Beltekøyretøy som vert nytta på mjukt og laust underlag, som terrengkøyretøy, som beltevogner, Fig. 1 og 11, og løypemaskiner, Fig. 12, har ofte stålforsterka gummibelte. Føremonene med gummibelte er både at dei kan toler mykje større fart og støyar mindre enn stålbelte. Dei er òg meir skånsame mot underlaget.

Mange bandvogner har rammestyring, som dei vist i Fig. 1 og 11, medan andre, som løypemaskina i Fig. 12, vert styrte ved å køyra dei to belta med forskjellig fart. På moderne maskiner med hydrostatisk drift kan dette skje ved å endra på fordelinga av oljestraumen mellom dei to sidene.

Belte for traktor[endre | endre wikiteksten]

Fig. 13 BM Volvo 350 Boxer med halvbelte.
Fig. 14 Edmund Hillary hadde med denne traktoren (ein Ferguson TE 20) med Bombardier heilbelte på ein sørpolekspedisjon i 1957-1958.
Fig. 15 Rammestyrt traktor med gummibelte; Case-IH Quadtrac.

Halvbelte for traktor, Fig. 13, vart innførte tidleg på 1950-talet [7] og var i bruk til det vart vanleg med firehjulsdrift på traktorar. Det var fyst og fremst skogstraktorar og traktorgravarar som vart utstyrte med halvbelte. I Sverige vart det på 1960-talet utvikla spesialiserte skogsmaskiner og bruken av halvbelte på traktor gjekk tilbake. Halvbelta hadde glansperioden sin på 1950-talet og 1950-talet ofte vert av og til kalla «halvbeltetiåret». Ein føremon med denne typen belte er at belta kan monterast av når det ikkje er bruk for dei.

Halvbelta vart òg mykje nytta på traktorgravarar, både for å auka framkomstevna og flytevna. Spesielt ved grøfting på myr var dei nyttige. Heilbelte, Fig. 14, auka framkomstevna i høve til halvbelte, men med så lange belta vart traktoren vanskelegare å manøvrera. Både halvbelte og heilbelte for traktor vert laga av stål, men i motsetning til belte på vangar har dei ein open konstruksjon med krumme tverrsprosser. Kjende produsentar var ÖSA i Sverige og Bombardier i Canada.

Traktorar med halvbelte har ein tendens til å gå rett fram og det er naudsynt å nytta styrebremsane. På 1950-talet hadde dei fleste landbrukstraktorane trommelbremsar, som ikkje var dimensjonerte for å nyttast kontinuerleg som styrebremsar. Dei vart difor fort utslitne. Stoa betra seg noko då det vart vanleg med skivebremsar. Då det mot slutten av 1960-talet vart vanleg med firehjulsdrive traktorar gjekk halvbelta ut av bruk.

Dei siste tiåra har gummibelte vorte tekne i bruk på store landbrukstraktorar, for å redusera marktrykket. Gummibelte av god kvalitet er dyrare enn gummihjul, så slike traktorar vert berre nytta der det er naudsynt på grunn av at grunnen har dårleg bereevne. Nokre av desse traktorane er rammestyrte, Fig. 15, og har motorar med opp til 600 hk.

Snøskuter[endre | endre wikiteksten]

FIg. 16 Snøskuter.

Snøskuter vert drive av eit eller to gummibelte og styrte ved å dreia dei frontmonterte skia, med eit styre som på ein motorsykkel. Dei vert drive av ein to- eller firetakts bensinmotor. Belta på snøskutrar har støtteskinner i staden for underrullar.

Snøskuterar vert vert produserte i ulike utføringar, tilpassa bruksområdet. Før nyttekøyring, som til dømes reindrift, vert er dei ofte utstyrte med to forholdsvis lange belte. Denne typen er laga for å trekkja ein slede med last og har etter måten låg utveksling. Snøskuterar som er laga for høg fart har vanlegvis berre eit belte. For køyring i laus og djup snø vert det nytta lengre belte enn for køyring etter løyper.

Beltemotorsykkel[endre | endre wikiteksten]

Fig. 17 NSU SdKfz 2 Kettenkrad frå 2. verdskrig

Under 2. verdskrig produserte NSU i Neckarsulm motorsyklar med halvbelte, Fig. 17. Noko av produksjonen føregjekk ved Stoewer-fabrikken i Stettin (no Szczecin i Polen). Desse vart nytta for å legga kommunikasjonskabel og for å trekkja lette kanonar og anna utstyr. Etter krigen vart dei produserte for å nyttast innan landbruk.

Stridsvogner[endre | endre wikiteksten]

Fig. 18 Norske Leopard 1 stridsvogner på øving.
Fig. 19 Sjølvgåande armert rampe frå 2. verdskrig.

Heilt sidan Storbritannia bygde dei fyrste beltedrivne stridsvognene under 1. verdskrig, Fig. 2, har beltedrift vore nytta på stridsvogner. Belta fungerer både på veg og i terrenget, sommar som vinter. I land med lange vintrar, som Noreg, er fører beltedrifta til god framkomlegheit, Fig. 18. Mykje anna militært utstyr er òg beltegåande, som sjølvgåande feltartelleri, bergingsvogner, osb. Fig. 19 syner ein beltegåande pansra rampe frå 2. verdskrig, Fleire slike ramper vart sett saman for å laga bruer provisoriske bruer over til dømes elver.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leffingwell, R., Caterpillar farm crawlers and bulldozers, MDI Publishing Company, 1994.
  2. Haining, J. og Tyler, C., Ploughing by steam, Model & Allied Publications Ltd., 1970.
  3. Dupouy, A., Les tracturs et engines speciaux chenilles sovietiques, Bind I: Les tracteurs agricoles et industriales, Alain Dupouy, 1986.
  4. The Forest History Society. (vitja 28/3-2008)
  5. Amato, R.V. og Heimburger, D.J., Classical vintage crawlers & dozers, Vol 1, Heimburger House Publishing Company, 2003.
  6. Hooley, R., Ray Hooley's - Ruston-Hornsby - Engine Pages, Ruston company history.
  7. Östberg, M., En smedjas förvandling - ÖSAs historia, FMG ÖSA AB, 1990.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]