Johnny Logan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johnny Logan i 2010.

Seán Patrick Michael Sherrard (fødd 13. mai 1954 i Victoria), kjend som Johnny Logan, er ein irsk songar og komponist.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Eurovision
Eurovision Song Contest
Tevla for Irland
01 (F) 1980 Artist
02 (F) 1984 Låtskrivar
01 (F) 1988 Artist og låtskrivar
01 (F) 1992 Låtskrivar
12 (1) 50 år «What's Another Year?»
03 (1) 50 år «Hold Me Now»
03 (2) 50 år «Hold Me Now»

Logan vert rekna som «Mister Eurovision», etter å ha delteke i Eurovision Song Contest fleire gongar sidan 1980-talet, og sidan 1992 har han vore den mest suksessfulle artisten i Eurovision Song Contest-historia.

Han har vunne Eurovision Song Contest for Irland tre gongar, to gongar som artist (1980 og 1987) og to gongar som låtskrivar (1987 og 1992). Han skreiv òg det irske bidraget som enda på andreplass 1984.

National Song Contest 1980[endre | endre wikiteksten]

I 1980 deltok han i den irske uttakinga til Eurovision Song Contest, National Song Contest 1980, med songen «What's Another Year», skriven av Shay Healy.

Han starta som nummer fem i finalen, etter «You're So Cheeky» av Charlie Chapman og The Miami og før «You Have» av The Dajacs. Bidraget fekk 40 poeng og vann.

Eurovision Song Contest 1980[endre | endre wikiteksten]

Programleiar Marlous Fluitsma og Johnny Logan etter at Logan vann Eurovision Song Contest 1980.

Han starta som nummer 17 i finalen, etter Frankrike med «Hé, hé, m'sieurs dames» av Profil og før Spania med «Quédate esta noche» av Trigo Limpio.

Bidraget fekk tolv poeng frå Hellas, Danmark, Sveits, Noreg, Vest-Tyskland, Storbritannia og Belgia, ti poeng frå Austerrike, åtte poeng frå Finland og Frankrike, sju poeng frå Luxembourg, Sverige og Spania, seks poeng frå Nederland, fem poeng frå Portugal og eitt poeng frå Italia. Irland fekk tilsaman 143 poeng og vann av totalt 19 bidrag.

National Song Contest 1984[endre | endre wikiteksten]

Linda Martin deltok i den irske uttakinga til Eurovision Song Contest 1984, National Song Contest 1984, med songen «Terminal 3», skriven av Logan, då under namnet Seán Sherrard.

Ho starta som nummer fem i finalen, etter «April Won't Be Here 'Til September» av Thomas McParland og før «Don't Take My Dreams Away» av Aileen Pringle. Bidraget fekk 18 poeng og vann.

Eurovision Song Contest 1984[endre | endre wikiteksten]

Ho starta som nummer ni i finalen, etter Belgia med «Avanti la vie» av Jacques Zegers og før Danmark med «Det' lige det» av Hot Eyes.

Bidraget fekk tolv poeng frå Sverige, Belgia, Sveits og Italia, ti poeng frå Spania, Kypros, Austerrike, Vest-Tyskland og Tyrkia, åtte poeng frå Storbritannia, sju poeng frå Nederland og Finland, fem poeng frå Luxembourg, fire poeng frå Noreg, tre poeng frå Frankrike og Danmark og to poeng frå Portugal. Irland fekk tilsaman 137 poeng og enda på andreplass av totalt 19 bidrag.

Eurosong 1987[endre | endre wikiteksten]

I 1987 deltok han att i den irske uttakinga til Eurovision Song Contest, som no hadde fått namnet Eurosong 1987, med songen «Hold Me Now», skriven av Logan sjølv under namnet Seán Sherrard.

Han starta som nummer ni i finalen, etter «You're Not Around» av Jenni Stanley. Bidraget fekk 114 poeng og vann.

Eurovision Song Contest 1987[endre | endre wikiteksten]

Han starta som nummer 20 i finalen, etter Danmark med «En lille melodi» av Anne-Cathrine Herdorf og [[[Bandjo]] og før Jugoslavia med «Ja sam za ples» av Novi Fosili.

Bidraget fekk tolv poeng frå Austerrike, Belgia, Sverige, Italia, Nederland, Storbritannia, Finland og Sveits, ti poeng frå Spania, Tyrkia og Luxembourg, åtte poeng frå Noreg, Portugal og Kypros, seks poeng frå Vest-Tyskland og Jugoslavia, fem poeng frå Danmark, fire poeng frå Israel og eitt poeng frå Frankrike. Irland fekk tilsaman 172 poeng og vann av totalt 22 bidrag.

Eurosong 1992[endre | endre wikiteksten]

I 1992 deltok Linda Martin att i den irske uttakinga til Eurovision Song Contest, Eurosong 1992, med songen «Why Me?», skriven av Logan, då under namnet Seán Sherrard.

Ho starta som nummer sju i finalen, etter «Le Chéile Arís» av Alannah og før «Call To Me» av Karen Dowling. Bidraget fekk 105 poeng og vann.

Eurovision Song Contest 1992[endre | endre wikiteksten]

Ho starta som nummer 17 i finalen, etter Storbritannia med «One Step Out of Time» av Michael Ball og før Danmark med «Alt det som ingen ser» av Kenny Lübcke og Lotte Nilsson.

Bidraget fekk tolv poeng frå Tyrkia, Hellas og Malta, ti poeng frå Sverige, Finland, Luxembourg, Austerrike, Danmark, Tyskland og Nederland, åtte poeng frå Storbritannia, sju poeng frå Belgia, Island og Noreg, seks poeng frå Sveits, fem poeng frå Kypros, fire poeng frå Portugal, to poeng frå Italia og Jugoslavia og eitt poeng frå Spania. Irland fekk tilsaman 155 poeng og vann av totalt 23 bidrag.

Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Under Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest i 2005 vart både «What's Another Year» og «Hold Me Now» nominert saman med 12 andre Eurovision Song Contest-songar til å verte røysta fram som den mest populære. I den fyrste røysterunden fekk «What's Another Year» 74 poeng og enda på tolvteplass, medan «Hold Me Now» fekk 182 poeng og enda på tredjeplass. «Hold Me Now» gjekk dimed vidare til den andre røysterunden og fekk 262 poeng og vart kåra til den tredje mest populære songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]