Constanţa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Constanţa
Constanţa - Cazino2.jpg
Byvåpenet til Constanţa
Byvåpenet til Constanţa


Plassering
Constanţa is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Constanţa
Borgarmeister Radu Ştefan Mazăre
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

124,88 km²
1121.66 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

304 279
  2 436,6 /km²
444 009
Koordinatar 44°10.4′0″N 28°38.3′0″EKoordinatar: 44°10.4′0″N 28°38.3′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 900xxx
Nettstad: www.primaria-constanta.ro


Constanţa (/kon'stan.ʦa/; historisk namn Tomis, gresk Κωνστάντια eller Konstántia, tyrkisk Köstence, bulgarsk Кюстенджа eller Kionstendzja) er den eldste byen i Romania. Constanţa har den største hamna ved Svartehavet og ei av dei største i Europa.

Constanţa er den femte største byen i Romania med like over 300 000 innbyggjarar. I storbyområdet rundt bur det nesten 450 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne fleire inskripsjonar rundt om i byen som viser at Constanţa ligg der den greske byen Tomis ein gong stod. Tomis (òg kalla Tomi) var ein gresk koloni i provinsen Vesle-Skythia ved kysten av Svartehavet. Han vart grunnlagd rundt år 500 f.Kr. for ein kunne drive handel i området. Truleg kjem namnet frå det greske ordet Τόμη som tyder «bit, stykke».

I år 29 f.Kr. erobra romarane regionen frå Odryses og annekterte områda heilt til Donau og gav det namnet Limes Scythicus.

I år 8 e.Kr. vart den romerske diktaren Ovid (43 f.Kr.-17) vist bort hit av Augustus og døydde her åtte år seinare. Ovid skreiv fleire dikt om Tomis og ein statue av han står ved Ovidplassen (Piaţa Ovidiu) i Constanţa, føre Det historiske museumet.

Byen vart etter kvart ein del av provinsen Moesia, og etter Diocletian, i Skythia Minor, der han var ein metropol. Etter at Romarriket vart delt kom Tomis inn under Austromarriket. Under Maurice sine felttog på Balkan vart Tomis omleira av avarar vinteren 597/598.

Tomis vart seinare gjeve namnet Constantiana til ære for Constantia, halvsystera til Constantin den store (274-337). Den tidlegaste kjende bruken av dette namnet var «Κωνστάντια» («Konstantia») i 950. Byen låg på sjøsida av den store Trajanmuren og var omkransa av festningsverk.

Etter at byen vart ein del av Det bulgarske riket, så dei sjølvstendige fyrstedøma Dobrotitsa/Dobrotici og Valakia under Mircea I av Valakia kom Constanţa inn under Det osmanske riket rundt 1419.

Ei jernbanelinje frå Constanţa til Cernavodă opna i 1860. Trass i øydeleggingane som jernbanearbeidarane gjorde er det framleis mange restar igjen av murar og søyler frå antikken. Ein imponerande offentleg bygning, som ein meiner kan ha vore eit portbygg, er grave ut og inneheld nokre av dei lengste mosaikkveggane i verda.

Etter den rumenske sjølvstendekrigen i 1878 vart Constanţa og resten av Nord-Dobrujdsa avstått av Det osmanske riket til Romania. Byen vart den viktigaste hamnebyen i Romania og mellomstasjon for eksport ut av Romania.

22. oktober 1916, under den første verdskrigen, vart Constanţa okkupert av Sentralmaktene (tyske, tyrkiske og bulgarske troppar). Etter Bucurestitraktaten i mai 1918, ein avtale som aldri vart ratifisert av Romania, delte Sentralmaktene kontrollen over Constanţa. Byen vart frigjeve av allierte troppar i 1918 etter ein suksessrik offensiv på Thessaloníki-fronten som slo Bulgaria ut av krigen.

Bystranda

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Constanţa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]