Erkehertug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Erkehertug (latin archidux) var adelstittelen som vart brukt av dei habsburgske herskarane av Austerrike inntil 1918.

Austerrike var opphavleg eit bayersk markgrevskap, men vart i 1156 eit sjølvstendig hertugdøme. Hertug Rudolf IV fann opp 1359 tittelen erkehertug for å bli likestilt med Det tysk-romerske riket sine kurfyrstar (som òg vart omtalt som erkefyrstar). Han forfalska eit papir som skulle dokumentere tittelen, men keisar Karl IV respekterte det ikkje.

Etter at keisartittelen hadde vorte knytt til huset Habsburg, kunne Fredrik III i eigenskap som tysk-romersk keisar offisielt respektere tittelen og gjere bror sin Albrecht VI til erkehertug av Austerrike. Frå og med 1453 var dermed erkehertug(inne) den offisielle tittelen på herskaren i Austerrike, men òg av dei ikkje-regjerande medlemmane av huset Habsburg. «Austerrike» var likevel ikkje av dagens omfang, men viste berre (omtrent) til dagens delstatar Nieder- og Oberösterreich. Difor vart tittelen erkehertug av Austerrike halde sjølv etter at Austerrike vart keisardøme i 1804. Erkehertugdømet (Nieder- pluss Ober-)Austerrike var nemleg berre ein del av det mykje større keisarriket Austerrike(-Ungarn).

Lista over austerrikske erkehertugar er altså (med eitt avbrekk) identisk med lista over tyske keisarar frå 1453 til 1806, og med lista over austerrikske keisarar frå 1804 til 1918. Det einaste unntaket var perioden 17401780, då Maria Teresia av Austerrike var erkehertuginna av Austerrike, medan tittelen tysk-romersk keisar var førehalden mannen hennar Frans Stefan (17451765) og sonen hennar (1765–1790).

Andre titlar og kroner[endre | endre wikiteksten]

Austerrikes «mellomste» våpen frå 1867 kombinerer ei rekkje heraldiske symbol: Det viser han habsburgsk-lothringske dobbelørn med keiarkrone og eit kombinert habsburgsk-austerriksk-lothringsk brystskjold, omgjeve av kronlanda sine våpen (frå øvst til høgre [heraldisk venstre] med klokka: Böhmen, Dalmatia, Siebenbürgen, Mähren+Schlesien, Kärnten+Krain, Tirol, Steiermark, Salzburg, Niederösterreich, Galicia, Ungarn)

Dei regjerande erkehertugane var samstundes innehavarar av ei heil rekkje andre kroner og adelstitlar. Desse hadde dei fått gjennom avtaler, erobringar og giftarmål i løpet av habsburghusets mangehundreårige historie. Dei viktigaste av desse titlane var ein del av den formelle tiltalen. Nokre av titlane vart halde av reint historiske eller symbolske grunnar, sjølv om det høvesvise området hadde vorte tapt (men kravet på området vart oppretthalde) og til og med om det aldri hadde høyrt til habsburgriket. (Desse reint historiske titlane er sett i hakeparentes i oversynet under.) Dessutan har lista over andre titlar naturleg nok ikkje vore uforanderleg, men måtte bli tilpassa etter nye territorielle ervervingar eller tap. (Difor er årstala gjeve for titlane i oversynet under). Den formelle tiltalen av erkehertugen av Austerrike var dermed:

«Hans keisarlege og kongelege majesteten NN, av Guds nåde

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]