Det norske alfabetet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å


Det norske alfabetet byggjer på det latinske alfabetet. Det finst i hovudsak 29 bokstavar i det norske alfabetet. Alfabetet blir ofte kalla det dansk-norske alfabetet av di alfabetet er likt for språka nynorsk, bokmål og dansk.

Innanfor datahandsaming er det nytta fleire kodestandardar:

Bokstaven Å vart nytta i det norske alfabetet frå 1917 som erstatning for Aa og i dansk frå 1948. Den endelege avgjerda om plasseringa av Å i dansk vart ikkje tatt før i 1955. Det var først foreslått at bokstaven skulle kome først i alfabetet, men det motsatte - som i norsk - vart den endelege avgjerda. Aa kan framleis finnast i gamle dokument, og blir nytta dersom ein ikkje har tilgang til Å, til dømes på eit engelsk tastatur. Aa blir alfabetisert som Å.

Skilnaden mellom dansk-norsk alfabet og det svenske alfabetet er et ein i Sverige nyttar Ä i staden for Æ og Ö i staden for Ø. Bokstavrekkefølgja er òg ulik på svensk, Å, Ä, Ö medan norsk nyttar Æ, Ø, Å

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.