Elsa Laula Renberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elsa Laula Renberg (29. november 187722. juli 1931) var ein svensk-norsk same-aktivist og politikar.

Elsa Laula var fødd i Hattfjelldalen, men ho vart døypt i Åsele i Sverige.[1] Mora var Kristina Josefina Larsdotter, medan faren var Lars Thomasson Laula, ein velståande reindriftssame frå Susendalen. Elsa Laula voks opp i Såafoe ved Dikanäs. Ho gjekk på realskule i Örebro og tok jordmorskulen i Stockholm.

I 1904 gav Laula ut kampskriftet «Inför lif och död: Sanningsord i de lapska förhållandena». I skriftet tok ho opp viktige samiske spørsmål. Mellom anna hevda ho at samane burde ha eigedomsrett til skattelanda sine, og ha rett til fast jordbruk. Ho peikte også på at skulegangen for samane var kort og mangelfull. Laula var med på å stifta den første samiske riksorganisasjonen Lapparnas Centralförbund. Ho var aktiv i svensk samerørsle fram til 1908, då ho gifta seg med den norske samen Tomas P. Renberg og flytta med han til Vefsn.

To år etter, i 1910, tok ho initiativet til å danna «Brurskanken Samiske Kvindeförening». Saman med kvinneforeininga, Ellen Lie og Anna Löfwander-Järwson arrangerte Renberg det første Samiske Landsmøtet som blei halda den 6.-9. februar 1917 i Trondheim, der ho sjølv heldt åpningstalen. Møtet samla over 100 deltakarar, og er sidan 1993 blitt minna med den samiske nasjonaldagen 6. februar.

Renberg døydde i Brønnøy av tuberkulose. Ho har vore ei kjelde til inspirasjon for seinare samepolitikarar, og er mellom anna nemnd som førebilete av Aili Keskitalo.

Elsa Laulas veg på Andås i Vefsn er oppkalla etter henne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rønnaug Tuven: «Elsa Laula Renberg» i Spor etter mødrene 1996 ISBN 82-993918-0-6