Eminence Front
| «Eminence Front» Singel av The Who frå albumet It's Hard |
||
| Utgjeve | 1982 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 5:39 | |
| Selskap | Polydor Records (UK) Warner Bros. (U.S.) |
|
| Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
|---|---|---|
| Produsent | Glyn Johns | |
| The Who-kronologi | ||
| Athena 1982 |
«Eminence Front» | It’s Hard 1983 |
«Eminence Front» er ein song av The Who frå albumet It's Hard frå 1982. Han er skriven og sungen av Pete Townshend og er den sjette songen på albumet. Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet og nådde 68. plass på Billboard Hot 100 i USA.[1] Han er den einaste songen frå albumet som bandet har halde fram med å spele på konsertar etter turneen som følgde albumet. Vokalist Roger Daltrey har vore kritisk album, men har skildra «Eminence Front» som den einaste songen han følte seg verdig til å gje ut.
[endre] Inspirajon og innspeling
Teksten omhandlar ein fest der folk ignorerer problema sine og prøver å gøyme seg bak ein fasade, «eminence front» («høg fasade»).
Tidleg i songen er det ein forskyting av rytmen, som enkelte meiner er ein feil i vokalen der Daltrey og Townshend syng tittelen med litt forskjellig timing. Feilen vart redigert og retta opp i utgåva som finst på 1997-utgåva av albumet. Det vart laga ein video til songen, spelt inn under ei øving i Landover i Maryland, under den amerikanske delen av turneen i 1982. Videoen vart mykje spelt på MTV då han kom ut.
Den orignale miksen av songen plasserte vokalen til Townshend i den høgre lydkanalen, på liknande måte som på «Athena» der vokalen til Daltrey var plassert i den venstre. Begge desse vart miksa på ny for 1997-utgåva av albumet og vokalen vart her sentrert.
Det var meininga å gje «Eminence Front» ut på singel i Storbritannia av Polydor Records i 1982, men dette vart aldri noko av.
Songen er ein del av musikken til videospelet Grand Theft Auto: San Andreas. Det finst òg ei utgåva som kan lastast ned til videospelet Rock Band.
CBS hadde planlagt å nytte songen som kjenningsmelodi til ein London-basert serie av den populære CSI-serien, men fjernsynsserien vart aldri noko av.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Eminence Front» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Discography - thewho.com
[endre] Bakgrunnsstoff
|
|
|
|---|---|
| Roger Daltrey · Pete Townshend John Entwistle · Keith Moon · Kenney Jones |
|
| Studioalbum | My Generation · A Quick One · The Who Sell Out · Tommy · Who's Next · Quadrophenia · The Who by Numbers · Who Are You · Face Dances · It's Hard · Endless Wire |
| Konsertalbum | Live at Leeds · Who's Last · Join Together · Live at the Isle of Wight Festival 1970 · The BBC Sessions · Blues to the Bush · Live at the Royal Albert Hall · Encore Series 2002 · Encore Series 2004 · Encore Series 2006 & Encore Series 2007 · Live from Toronto · At Kilburn 1977 + Live at the Coliseum |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |