Songen Who Are You
| Who Are You Singel av The Who frå albumet Who Are You |
||
| Utgjeve | 1978 | |
| Innspelt | Oktober 1977 | |
| Sjanger | Hardrock | |
| Lengd | 6:16 (album) 5:06 (singel) 3:27 (amerikansk singel) |
|
| Selskap | Polydor (UK), MCA (US) | |
| Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
|---|---|---|
| Produsent | Glyn Johns | |
| The Who-kronologi | ||
| «Squeeze Box» (1975) |
Who Are You | «You Better You Bet» (1981) |
«Who Are You» er ein song av Pete Townshend og tittelsporet på The Who-albumet Who Are You frå 1978, det siste albumet som trommeslagar Keith Moon var med på før han døydde i september 1978. Songen vart gjeven ut som ei dobbel A-side i lag med John Entwistle sin «Had Enough». Songen vart den største hitten til bandet i USA og nådde 14. plass.
Innhaldsliste |
Tekst [endre]
Albumutgåva inkluderte eit ekstra vers samanlikna med den langt kortare singelutgåva. I tillegg finst ei «tapt vers»-utgåva av songen på 1996-utgåva av albumet. Denne inneheld eit heilt anna andreverds: «I used to check my reflection / Jumping with my cheap guitar / I must have lost my direction, cause I ended up a superstar/ One night I was in the boardroom/ Affected by the human race/ You can learn from my mistakes, but you're posing in the glass again».
Songen er uvanleg fordi Roger Daltrey tydleg syng ordet «fuck», men at songen likevel har vorte mykje spelt usensurert på radio.
Tolking [endre]
I dokumentaren Amazing Journey: The Story of The Who fortel Sex Pistols-gitaristen Steve Jones om eit møte med ein full Pete Townshend som ropar «Who are you?! Who are you?!» til bandet.
I CD-heftet til 1996-utgåva av albumet seier Matt Resnicoff at det ikkje er nok spørsmålsteikn i tittelen og at dette kan tyde på at tittelen ikkje er eit spørsmål, men ytringa «The Who are you», altså «Du er The Who».
Video [endre]
Det vart filma ein video til songen den 9. mai 1978. Opphavleg skulle The Who berre mime til songen med Roger Daltrey på live vokal, men dei valde òg å spele inn at gitarane, korvokalen, trommene og pianoet på ny. Berre bassen til John Entwistle og synthesizeren er intakt frå originalutgåva. Denne videoen vart seinare gjeven ut på The Kids Are Alright-dokumentaren. Videoen syner òg den dårlege helsa Keith Moon var i og han er tydeleg overvektig.
Ettermæle [endre]
Songen har vorte ein av dei mest populære songane til The Who og har vorte spelt på konsertar som Live 8 og på The Concert for New York City. Han vart nytta som kjenningsmelodi for CBS-serien CSI: Crime Scene Investigation.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Who Are You (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2009.
|
|
|
|---|---|
| Roger Daltrey · Pete Townshend John Entwistle · Keith Moon · Kenney Jones |
|
| Studioalbum | My Generation · A Quick One · The Who Sell Out · Tommy · Who's Next · Quadrophenia · The Who by Numbers · Who Are You · Face Dances · It's Hard · Endless Wire |
| Konsertalbum | Live at Leeds · Who's Last · Join Together · Live at the Isle of Wight Festival 1970 · The BBC Sessions · Blues to the Bush · Live at the Royal Albert Hall · Encore Series 2002 · Encore Series 2004 · Encore Series 2006 & Encore Series 2007 · Live from Toronto · At Kilburn 1977 + Live at the Coliseum |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |