Happy Jack
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| «Happy Jack» Singel av The Who |
||
| B-side | «I've Been Away» «Whiskey Man» (Decca) |
|
|---|---|---|
| Utgjeve | 3. desember 1966 | |
| Innspelt | 10. november 1966, CBS Studios, London | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 2:14 | |
| Selskap | Reaction Records (UK) Decca Records Polydor (EU) |
|
| Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
| Produsent | Kit Lambert | |
| The Who-kronologi | ||
| «La-La-La-Lies» (1966) |
«Happy Jack» | «Pictures of Lily» (1967) |
«Happy Jack» er ein song av det britiske rockebandet The Who, som kom ut i desember 1966 og nådde tredjeplassen i heimlandet. I USA kom singelen ut i mars 1967 og nådde 24. plass. Songen vart òg gjeven ut på den amerikanske utgåva av det andre albumet deira, som heitte A Quick One i Europa og Happy Jack i USA.
Heilt mot slutten av «Happy Jack» kan ein høyre Townshend rope «I saw you!» («Eg såg deg!») og det vert sagt at dette er til trommeslagar Keith Moon som i smug prøvde få stemma si med på innspelinga, noko resten av bandet mislikte.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Happy Jack (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2009.