Siljan kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Siljan kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0811
Fylke Telemark
Adm.senter Siljan
Areal 216 km²
Folkemengd 2 426 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011) Gunn Berit R. Holmelid (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.siljan.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0811.svg
Siljan kommune på Commons

Siljan er ein kommune aust i Telemark fylke. Kommunen grensar i nord til Kongsberg, i aust mot Lardal, i søraust mot Larvik, i sør mot Porsgrunn, i vest mot Skien, og i nordvest mot Sauherad.

Namnet «Siljan» skal vera knytt til trenamnet selje. Kommunevåpenet viser tre opprette sagblad i sølv mot ein grøn bakgrunn, og står for dei tradisjonelle næringsvegane sagbruk og tømmerfløting.

Kommunen har rundt 2 400 innbyggjarar, rudnt 900 av dei bur i administrasjonssenteret Siljan. Meir enn halvparten av arbeidstakarane i Siljan arbeider i nabokommunane Skien, Porsgrunn og Larvik.

Høgaste punkt i kommunen er Rådmannen, som måler 646 moh. Størsteparten av Siljanvassdraget med utløp i Farris ligg i Siljan. Vassdraget er bygd ut med tre vasskraftverk.

Det blir også drive jordbruk og skogbruk her. Konsernet Treschow-Fritzøe eig det meste av skogen.

Fylkesveg 32 mellom Eidanger og Lågendalen er ein del av vegsambandet mellom Skien og Oslo, og går gjennom sentrum av kommunen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB

Koordinatar: 59°16′57.0″N 9°44′1.2″E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.