Federal Reserve System

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eccles Building i Washington, DC er hovudkvarteret til Federal Reserve.
Foto: Dan Smith

Federal Reserve er sentralbanken i USA. I daglegtale blir ofte forkortinga The Fed bruka, men det fulle namnet på heile sentralbanksystemet er eigentleg Federal Reserve System. Pr. 2008 er Ben Bernanke styreformann i Board of Governors of the Federal Reserve og dermed den øvste leiaren i banken.

Sentralbanksystemet i USA er unikt på verdsbasis. Systemet er ein hybrid av tolv privateigde sentralbankar («Federal Reserve Banks») og ei leiing som er politisk utpeikt. Det øvste nivået i systemet er Board of Governors som held til i Washington D.C. Dette styret blir peika ut av presidenten i USA og blir godkjent av senatet. Under styret kjem Federal Open Market Committee, som har hovudansvaret for pengepolitikken til landet. Denne komiteen består av Board of Governors og formennene for fem av dei tolv Federal Reserve Banks. Under desse kjem dei tolv bankane, som i stor grad tek seg av dei praktiske gjeremåla til sentralbanksystemet.

Federal Reserve System vart oppretta av president Woodrow Wilson gjennom Federal Reserve Act i 1913, i samarbeid med kongressrepresentant Carter Glass og senator Robert L. Owen. USA hadde då gått mange år utan ein sentralbank, men ulike bankkriser hadde ført til krav om at bankvesenet måtte bli regulert og bli støtta av ein sentralbank.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Ben Bernanke, styreformann for the Fed frå 2006

The Fed har status som ein uavhengig føderal institusjon («Independent agency of the Federal government»). Kongressen har eit overordna ansvar for Federal Reserve, men blandar seg ikkje inn i den daglege drifta. To gonger i året rapporterer styreformannen i the Fed til Kongressen, men i det daglege er samarbeidet med finansdepartementet og presidenten viktigare. Sjølv om the Fed har ein uavhengig status kan han bli kalla tilbake om Kongressen meiner at politikken til the Fed strid mot interessene til nasjonen.

Federal Reserve System består av tolv sentralbankar. Desse sentralbankane er regionale, og har ansvar for å tene private bankar og finansinstitusjonar i dei respektive regionane sine. USA er det einaste landa i verda med eit sentralbanksystem basert på denne modellen. Modellen kom som eit kompromiss mellom dei som ynskte ein sterk, føderal sentralbank og dei som ynskte å fortsetje med det desentraliserte systemet frå før 1913.

Merkte til Board of Governors
Alan Greenspan var styreformann frå 1987 til 2006

The Fed er leia av eit styre kjent som «Board of Governors». Det er sju medlemer i styret, som blir utpeikt av presidenten og blir godkjent av Senatet. Desse sit for ein periode på 14 år, og perioden kan ikkje bli forlenga. Periodane er fordelt slik at ein styreplass blir fornya annakvart år. Slik blir ein einskild president forhindra frå å fylle opp styret med personar som deler hans eige økonomiske syn. Styreformannen blir valt for fire år av gongen, og blir utpeikt av presidenten. Styreformannen kan sitja meir enn éin periode. Ben Bernanke har vore styreformann sidan februar 2006. Nestleiar i styret sidan juni 2006 er Donald Kohn.

Kongressen gir inga økonomisk støtte til the Fed, noko som gjev the Fed handlerom utan frykt for innblanding frå politikarar. Inntektene til the Fed kjem hovudsakleg frå to kjelder; handel med statsobligasjonar (som dei gjer på vegne av finansdepartementet) og lån til private bankar. Etter at kostnadene til Federal Reserve System er betalt, går resten av overskotet attende til finansdepartementet. Sidan skipinga av the Fed har rundt 95 % av overskotet blitt overført til finansdepartementet; dette utgjer omtrent 22 milliardar dollar i året. Eigarane av regionalbankane får eit utbytte på 6 % i året, noko som blir regulert av føderal lov. Budsjettet til medlemsbankane må bli godkjent av the Board of Governors, og blir òg kontrollert av eksterne revisorar.[1]

Ein viktig del av the Fed er the Federal Open Market Committee (FOMC). Denne er ansvarleg for handel med statsobligasjonar, som er det viktigaste verktøyet for å kontrollere pengemengda (og dermed indirekte samfunnsøkonomiske variablar som inflasjon og rente). FOMC fastset òg Federal funds rate, som styrer renta.

Kommersielle bankar og finansinstitusjonar kan vera medlemer i Federal Reserve. Omtrent 3 000 av 8 000 bankar i USA er med, men desse 3 000 representerer omtrent 70 % av alle bankinnskota. Bankar som er basert på delstatslovgiving («state banks») kan sjølv velje om dei vil vera med, medan alle bankar som er basert på føderal lovgiving («national banks») er pålagt å vera med i Federal Reserve. Det at ein bank har orda «national» med i namnet sitt er difor eit sikkert teikn på at han er medlem i the Fed.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sentralbankar i USA før Federal Reserve System[endre | endre wikiteksten]

Bygningen til The First Bank of the United States i Philadelphia. Bygningen er i dag verna, og har sidan 1987 hatt status som nasjonalhistorisk landemerke
G. William Millar var formann i the Board of Governors frå 1978 til 1979. Han vart deretter utnemnt til finansminister i regjeringa Carter. Millar er den einaste som både har leia Federal Reserve og finansdepartementet
President Woodrow Wilson samarbeidde tett med Carter Glass og H. Parkar Willis om å utforme lovforslaget som førde til skipinga av Federal Reserve System. Til trass for at lovforslaget vart motarbeidd av representantar som Louis T. McFadden vart det vedteke med stort fleirtal.

Den første sentralbanken til USA var The First Bank of the United States, oppretta av George Washington-administrasjonen i 1791. Den store pådrivaren var finansminister Alexander Hamilton, medan utanriksminister Thomas Jefferson var imot. Banken hadde hovudkvarter i Philadelphia, med avdelingar rundt om i landet. Tjue prosent av banken sin eigenkapital på ti millionar dollar vart skote inn av dei føderale styresmaktene. First Bank hadde ansvaret for å handtere landet sin gullreserve, for handel med utanlands valuta, og handel med statsobligasjonar. Likevel konkurrerte banken òg i det private lånemarknaden, noko som førde til at forretningsbankar ynskte å få slutt på ordninga. First Bank hadde fått konsesjon for tjue år, og denne vart ikkje fornya i 1811, etter at Det demokratisk-republikanske partiet og James Madison var vorte skeptiske til ordninga.[3]

Under Den britisk-amerikanske krigen frå 1812-15 hadde ikkje USA nokon sentralbank, og styresmaktene tok opp lån frå mange private bankar for å finansiere krigen. Dei private bankane si overdrivne utferding av papirpengar gjorde at bankane ofte ikkje greidde å løyse inn setlane for den lovde metallverdien, noko som gjorde at setlane vart omsett for ein rabattert pris på det private marknaden. Denne kaotiske situasjonen gjorde at Kongressen på nytt såg fordelene med ein sentralbank, og The Second Bank of the United States vart oppretta i 1816. Dei føderale styresmaktene skaut inn sju av dei 35 millionane i eigenkapital. Denne nye banken fekk rett til å utskrive pengesetlar, som vart gjort til tvunge betalingsmiddel. Banken fekk òg ansvaret for å hjelpe kommersielle bankar med naudlån dersom dei fekk problem med pengereservane.

Second Bank vart møtt med motstand frå forretningsbankar, fordi sentralbanken sine reguleringar hindra veksten deira. Vidare vart òg bønder skeptiske til sentralbanken, fordi lånemarknaden vart strammare. Dette førde til at Andrew Jackson la ned veto mot kongressvedtaket om å fornye den tjueårige konsesjonen til Second Bank, og banken opphøyrde å vere sentralbank i 1836.[4]

Danninga av the Fed[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1837 og 1866 kunne praktisk talt kven som helst skrive ut pengesetlar i USA. Her ein setel utskriven av Delaware Bridge Company

På starten av nittenhundretalet voks det fram eit stadig sterkare krav om at USA igjen måtte få ein sentralbank. Fram til då hadde USA hatt ei mengd private bankar med rett til å utskrive setlar. Dette skapte store praktiske problem, då ein kunne oppleve at pengesetlar utskrive av ein bank ikkje vart godteke av kundar i ein annan bank.

I «panikkåret 1907» gjekk økonomien i USA inn i ein resesjon. Børsen fall, mange bankar gjekk under, og mange privatpersonar mista difor sparepengane sine. For å redusere risikoen for liknande situasjonar kravde mange eit meir sentralisert banksystem. Debattane om modellen ein skulle velje var mange. Nokre politikarar var redde for å gje for mykje makt til finansmiljøet i New York, medan andre igjen var redde for å gje for stor kontroll til føderale styresmakter. Likevel kom ein fram til eit kompromiss begge sider kunne leve med. Under administrasjonen til Woodrow Wilson kom «Federal Reserve Act» av 1913. Lovforslaget vart fremja av demokratane Carter Glass og Robert L. Owen, og var inspirert av eit tidlegare, nedstemt lovforslag kjent som «Aldrich Bill».[5] Heretter vart det slutt på at private bankar sjølv kunne regulere pengemengda i USA. Federal Reserve System skulle eigast av private bankar, men styrt skulle peikast ut av presidenten, noko som ville gje indirekte politisk kontroll over pengepolitikken. Lovforslaget vart sett opp til røysting den 23. desember 1913, då dei fleste senatorane var drege heim for ferie, men forslaget fekk likevel fleirtal i Senatet med 43 mot 25 røyster der. Det vart seinare ratifisert og vedteke med 298 mot 60 røystar i Representanthuset. Eit fleirtal av bankane var imot skipinga av the Fed, då fleire meinte at New York sin innverknad på bankane var for stor medan andre igjen meinte den politiske innverknaden vart for stor.[6] Dette galdt spesielt dei større bankane i New York. Mindre bankar i vest og småbedrifter var meir positive, då dei var positive til den auka offentlege kontrollen over bankvesenet.[7]

Den historiske utviklinga av Federal Reserve-systemet[endre | endre wikiteksten]

Første prøven til systemet vart første verdskrigen, då USA var nøytrale dei første åra. Gjennom å kunne regulere ned verdet av finansinstrument som bankremisser kunne the Fed sørgje for at handelen med Europa gjekk mest mogleg smertefritt, til trass for dei vanskelege tidene.[8]

På 1920-talet forstod formannen i New York Fed, Benjamin Strong, at open market operations var eit effektivt verktøy for å motverke resesjonar (dette vart seinare the Feds viktigaste pengepolitiske verktøy). Samstundes auka han samarbeidet med utanlandske sentralbankar, som Bank of England.

Under depresjonen fekk the Fed fleire nye oppgåver, spesielt innanfor regulering av bankar. Federal Deposit Insurance Corporation (FDIC) vart oppretta i 1933, og alle privatpersonar sine bankinnskott opp til $10 000 dollar vart garantert av Federal Reserve.[9] The Fed fekk òg ansvaret for å sjå etter holdingselskap som åtte bankar. President Roosevelt bestemte seg òg for å kutte ut gullstandarden, slik at setlar ikkje lenger kunne løysast inn i edle metall.

Pengepolitisk teori var ikkje så godt utvikla på 1930-talet, og einskilde økonomar har i ettertid sett spørjeteikn ved om the Feds pengepolitikk under depresjonen fungerte slikt det var meint (dette gjeld spesielt den såkalla Friedman-Schwartz-hypotesen).[10]

Under andre verdskrigen kom det sterke signal frå regjeringa om at renta skulle haldast låg, då dette ville hjelpe på finansieringa av krigføringa. Styreformann Marriner S. Eccles gjekk noko motvillig med på dette, og ein kunne difor ikkje halde inflasjonen nede. Regjeringa ynskte det same i samband med Koreakrigen i 1951, men the Fed ynskte heller å kunne føre ein uavhengig pengepolitikk. Finansdepartementet og Federal Reserve kom fram til ei avtale same år, som gjorde at Federal Reserve vart uavhengige i rentepolitikken. Dette førde til at inflasjonen gjekk markant ned i påfølgjande år.[11]

På 1970-talet opplevde USA ein kraftig inflasjon (blant anna på grunn av oljekrisa), samstundes som dei føderale budsjettunderskotta var rekordhøge. I 1979 vart Paul Volcker ny leiar for the Fed, med ei målsetjing om å knuse inflasjonen. Volckers metodar svei på kort sikt, men utover på 80-talet klarte Federal Reserve å få inflasjonen under kontroll.[8]

Alan Greenspan vart styreformann i Federal Reserve i 1987. Like etterpå kollapsa New York Stock Exchange på den såkalla Black Monday. Greenspan fekk mykje ros for måten han handterte krakket på. 1990-talet var ein samanhengande økonomisk oppgang for USA, noko Greenspan fekk mykje av æra for.[12]

Regionale bankar[endre | endre wikiteksten]

Kart over kva for delstatar som høyrer til kva for regionale bankar
Hovudkvarteret til Federal Reserve Bank of Boston, i sentrum av Boston i Massachusetts

The Fed og oppgåvene til dei regionale bankane[endre | endre wikiteksten]

Regionalbankene har ansvaret for å klarere sjekkar mellom private bankar. Private bankar har kontoar hos the Fed, kontoar som blir kreditert og debitert når sjekkar blir klarert. Slik slepp dei private bankane å samarbeide med alle andre private bankar i landet.

The Fed har ansvaret for bokettersyn hos alle bankane i landet, og set òg grenser for kor mykje pengar dei har løyve til å låne ut. Dei kan òg avgjere om bankar kan fusjonere eller ikkje. The Feds-underavdelinga Federal Deposit Insurance Corporation (FDIC) har ansvaret for å forsikre alle innskot i USA opp til $100 000. Denne ordninga er likevel ikkje obligatorisk, og delstatsbankane kan sjølv velje å vere med eller ikkje. Dei som ikkje er med har likevel eigne ordningar internt i delstaten.

Federal Reserve skriv ut pengesetlar (kjent som Federal Reserve Notes), men har ikkje det fysiske ansvaret for trykkinga (noko som blir gjort av Bureau of Engraving and Printing. Myntar blir støypte av United States Mint). Det er likevel the Fed som styrer mengda av valuta som blir sett i omløp. Det er store variasjonar i setelmengda gjennom året; før feriar og heilagdagar aukar typisk the Fed setelmengda.

Sidan 1968 har the Fed hatt ein funksjon som klageinstans for bankkundar som følar seg diskriminert av bankar. Equal Credit Opportunity Act forbyr bankar å diskriminere kundar på grunnlag av rase, kjønn, religion, sivilstatus o.l.

The Fed fungerer òg som den føderale banken til styresmaktene. Finansdepartementet har ein brukskonto hos the Fed, ein konto som blir til brukt lønningar, pensjonar, vegbygging, forsvar osb[13]

Verdas største gullreservar blir lagra av Federal Reserve Bank of New York. Gullet høyrer i hovudsak til statar rundt om i verda, og blir ofte brukt som betalingsmiddel i internasjonal handel.

Styreformenn for Federal Reserve[endre | endre wikiteksten]

Paul Volcker, styreformann 1979–1987
  1. Charles S. Hamlin (1914–1916)
  2. William P.G. Harding (1916–1922)
  3. Daniel R. Crissinger (1923–1927)
  4. Roy A. Young (1927–1930)
  5. Eugene Meyer (1930–1933)
  6. Eugene R. Black (1933–1934)
  7. Marriner S. Eccles (1934–1948)
  8. Thomas B. McCabe (1948–1951)
  9. William McChesney Martin jr. (1951–1970)
  10. Arthur F. Burns (1970–1978)
  11. G. William Millar (1978–1979)
  12. Paul A. Volcker (1979–1987)
  13. Alan Greenspan (1987–2006)
  14. Bein Bernanke (2006– )

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fox, side 12–13
  2. Federal Reserve Bank of Dallas. Understanding the Fed. Vitja 27. mai 2007.
  3. Wells, side 7
  4. Wells, side 8
  5. Wells, side 18
  6. Edward Flaherty (2003-03-06). A Brief History of Central Banking in the United States: Federal Reserve Act (1913). Department of Humanities Computing, Riksuniversitetet i Groningen. Vitja 26. mai 2007.
  7. Chang, side 132
  8. 8,0 8,1 FED 101 - History of the Federal Reserve. Federal Reserve Bank of Kansas City. Vitja 26. mai 2007.
  9. Tucker, side 361
  10. Christano, side 8
  11. Should the government or the central bank be left in control of interest rates?. Federal Reserve Bank of San Francisco (februar 2000). Vitja 2007-05-27.
  12. Alan Greenspan: Monetary myopia. The Economist (12. januar 2006).
  13. Tucker, side 362

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Henta frå «http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Federal_Reserve_System&oldid=2454790»