Skjåk kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjåk kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0513
Fylke Oppland
Adm.senter Bismo
Areal 2 079 km²
Folkemengd 2 279 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-2011) Rolv Kristen Øygard (Sp)
Målform Nynorsk
Nettstad www.skjaak.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0513.svg
Skjåk kommune på Commons
Skjåk kyrkje
Pollfossen

Skjåk er ein kommune og fjellbygd i Oppland. Kommunen ligg lengst vest i Ottadalen. Han grensar i nord til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Kommunen ligg mellom fjellpartia Breheimen og Reinheimen. Bismo er eit moderne bygdesenter der dei fleste har arbeid i industri, handel og tenesteyting.

Skjåk

Bygda ligg langs ein av dei viktigaste ferdselsårene frå austlandet, til Stryn og Nordfjord, Geiranger og Sunnmøre, saman med dei andre Ottadalskommunane i aust, Vågå og Lom. Landbruksbygda med mange gardar ligg i eit breitt dalføre med høge fjell på begge sider, furumoar og bratte lier. Ottaelva renn gjennom dalen. Viss du kjem frå vest over Strynefjellet eller frå Geiranger vil du køyre forbi Grotliområdet og Billingsdalen med høgfjell og mange vassdrag før du etterkvart kjem til bygdesenteret Bismo. Skjåkbygda ligg i regnskuggen for nedbør, og har den lågaste nedbøren i landet med 278 mm i året. Dette har tvinga bygdefolket til løysingar for kunstig vatning med vatn leda frå fjellet gjennom sinnrike ordningar.

Kjende produkt frå Skjåk er marknadsførte som skjåkmjøl, skjåkpølse, skjåkskinke og skjåkpanel. Skjåkmøbler AS lagar møbler. I kommunen driv ein òg med tradisjonsrike handverk som lafting, treskurd og rosemåling.

Kjende personar frå Skjåk kommune[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]