Aralsk Karakum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aralsk Karakum er ein ørken som ligg nordaust for Aralsjøen i Kasakhstan og grensar til Syr-Darja i sør. Han har eit areal på 40 000 km².

Området er relativt flatt og har ei høgd som varierer frå 55 til 118 meter over havet. sanddynene kan verte opp til 25 meter høge.

I heile området finn ein gryter og i mange av desse er jordsmonnet salt. Området er tørt og dei uttørka elvefara får som regel berre vatn under snøsmeltinga om våren. I løpet av eit år fell det om lag 120 mm nedbør.

Vinteren varer frå midten av november til midten av mars med varierande skydekke og ofte tåke. Middeltemperaturen om ettermiddagen er frå 5 til 10 minusgrader, og om natta ned mot -25 °C. Den lågaste temperaturen som er målt er -42 °C. Når som helst på vinteren kan ein likevel få periodar med mildvêr. Nedbøren kjem stort sett i form av snø om vinteren og snødekke varer vanlegvis frå midten av desember til slutten av mars. Tjukkleiken på snølaget vert vanlegvis ikkje større enn 15 cm, men i snørike vintrar kan det verte opp mot 30 cm.

Sommaren varer frå mai til midten av september og er varm og ofte overskya. Temperaturen på ettermiddagen ligg normalt rundt 30-35 °C, men temperaturar opp til 43 °C er registrert. Om natta fell temperaturen til 15-18 °C. Om sommaren får ein ofte tørre vindar med støvstormar som lyfter sand og støv opp i lufta.

Området har noko vegetasjon, hovudsakleg i form av gras, som vert nytta til sauedrift.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]