Thal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hus i Thalørkenen

Thal er eit stort ørkenområde i Panjab i Pakistan, hovudsakleg mellom elvane Jhelum og Indus ved Pothohar-platået. Han er rundt 300 km lang, med ei breidd som varierer mellom 30 og 110 km. Geografisk minner han om ørkenane Cholistan og Thar.

Innan ørkenen finst distrikta Bhakkar, Khushab, Mianwali, Jhang, Layyah og Muzaffargarh. Større byar her er Bhakkar, Khushab, Mianwali. Mindre byar er Dullewala, Darya Khan, Lawa, Leiah og Piplan.

Det lokale språket i Thal er siraiki, og den største folkegruppa er siraikiar. Panjabi er også utbreidd. Området er i dag hovudsakleg muslimsk, men før delinga av Britisk India og Panjab i 1947 hadde området store hindu- og sikhgrupper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]