Provinsen Granada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Localización provincia de Granada.png

Granada er ein provins sør i Spania, aust i den autonome regionen Andalucía. Han grensar til provinsane Albacete, Almería og Jaén, Murcia, Córdoba, Málaga og Middelhavet. Provinshovudstaden er Granada.

Provinsen har eit areal på 12 635 km² og opp mot 900 000 innbyggjarar. Om lag ein tredjedel bur i provinshovudstaden.

Det høgaste fjellet på Den iberiske halvøya, Mulhacén, ligg i Granada. Det har ei høgd på 3481 meter over havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 37°15′N 3°15′W