Helena Petrovna Blavatsky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helena Petrovna Blavatsky

Fødenamn russisk Елена Петровна Блаватская, Jelena Petrovna Blavatskaja, ukrainsk: Олена Петрівна Блаватська, Olena Petrivna Blavatska
Statsborgarskap Det russiske imperiet, USA
Fødd 31. juli 1831
Dnipro Sjå dette på Wikidata
Død

26. april 1891 (59 år)
London Sjå dette på Wikidata

Yrke filosof, skribent, journalist, okkultist, redaktør, theosophist
Medlem av Teosofisk samfunn
Religion Teosofi
Far Peter von Hahn Sjå dette på Wikidata
Mor Jelena Fadejeva Sjå dette på Wikidata
Prisar Subba Row Medal
Helena Petrovna Blavatsky på Commons

Helena Petrovna Blavatsky, òg kalla Madame Blavatsky, fødd Helena von Hahn (12. august 183126. april 1891) var ein russisk okkultist og mystikar som gjennom skriftene sine la grunnlaget for den moderne teosofien og for organisasjonen Teosofisk samfunn.[1][2][3]

Madame Blavatsky var ei fargerik kvinne som vart den viktigaste esoteriske filosofen på 1800-talet. Hennar arbeid med å sameina austlege og vestlege esoteriske tradisjonar har lagt grunnlaget for mange nyare religiøse tendensar og grupperingar. Ho vart gjentekne gongar skulda for svindel, men har hatt enorm innverknad. Mange seinare nyreligiøse retningar byggjer på teosofien til Madame Blavatsky.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Helena Petrovna von Hahn vart fødd natt til 31. juli 1831 i byen Jekaterinoslav i Ukraina, som den gongen var ein provins i det russiske imperiet. Ho var dotter av oberst Peter von Hahn, ein russisk offiser av tysk adeleg herkomst. Han nedstamma frå grev Hahn von Rottenstern-Hahn i Basedow i Mecklenburg, som emigrerte til Russland på 1700-talet. Mora Helena de Fadejev tilhøyrde ei gammal russisk adelsslekt, og skreiv eit dusin noveller under pseudonymet «Zenaida R.». Ho vart skildra som «den russiske George Sand» av Vissarion Belinskij.

Syster til Helena, Vera Zjelikhovskaja, var barnebokforfattar, men skreiv òg historier om okkulte emne.

Faren til mora Andrej Mikhailovitsj Fadejev var guvernør i Saratov og seinare i Tbilisi. Mormora hennar var prinsesse Jelena Dolgorukij. Dei var begge prominente skikkelsar i den russiske opplysingstida.

Grev Sergej Juljevitsj Witte, som var russisk finansminister, og deretter statsminister under tsar Nikolaj II av Russland, var eit syskenbarn. I memoarene sine omtalar grev Witte møta sine med Helena.

Blavatsky i 1868

Mora døydde 28 år gammal, då Helena var 11 år gammal. Ho og broren budde deretter hos besteforeldra sine.

I 1848, mindre enn 17 år gammal, vart Helena gift med den 40 år gamle Nikifor Vasiljevitsj Blavatsky, som var viseguvernør i Jerevan. Etter tre månader rømde ho frå han og kom seg om bord på ein dampbåt frå Tbilisi til Istanbul.

Deretter er det vanskeleg å følgja ferda hennar. Ho presenterte ved ulike høve ulike forteljinga om reiser til blant anna Amerika, Java, Ceylon, India og Tibet. Sikkert er det iallfall at ho hadde vitja Egypt og andre land i Midtausten, hadde opptredd som sirkusryttar og spådame, overlevd skipsforlis og kjempa med Garibaldis soldatar i Italia. Overalt hadde ho oppsøkt mystikarar og okkultistar og opparbeida seg inngåande kjennskap til den esoteriske tradisjonen.

Teosofisk samfunn[endre | endre wikiteksten]

I 1873 kom ho til New York der ho vart kjend med oberst Henry Olcott, som delte interessa hennar for okkulte fenomen. Blavatsky imponerte han og mange andre ved å få fram ei lang rekkje spiritistiske fenomen: Usynlege bjøller ringte, møblane gav frå seg bankelyder, og gjenstandar materialiserte seg for auga på forbløffa tilskodarar. I 1878 vart ho amerikansk statsborgar.

Olcott skaffa Madame Blavatsky ei leilegheit der dei oppretta Teosofisk samfunn hausten 1875. Ordet «teosofi» tyder 'guddommeleg visdom' eller 'kunnskap om det guddommelege'. H. P. Blavatsky vart sekretæren til det nye selskapet, medan Olcott vart president.

Den nye samskipnaden hadde eit tredelt føremål:

  • å danna ein kjerne av den allmenne brorskapa til menneskja utan omsyn til rase, tru, kjønn eller hudfarge.
  • å oppmuntra samanliknande studium i religion, filosofi og vitskap.
  • å studera uforklarte naturlover og dei skjulte kreftene til mennesket.

Madame Blavatsky si bok Den avslørte Isis kom på marknaden i 1877. Den vakte stor merksemd, fekk rosande omtaler i avisene og kom på kort tid i fleire opplag. Den avsløra Isis har undertittelen «ein hovudnøkkel til gammal og ny vitskap og teologi». Madame Blavatsky hevdar at sann religion og sann vitskap ikkje er motsetnader, men tvert imot utfyller og gjer kvarandre rikare. Alle religionar spring ut av ei felles sanning, og dei sanne innvigde i alle religionar har til alle tider vore klar over dette, skriv ho.

Til India[endre | endre wikiteksten]

I 1878 reiste Olcott og Blavatsky til Bombay, med sikte på å slå saman Teosofisk samfunn og den hinduiske reformsekta Arya Samaj. Teosofane viste respekt for indiske religiøse tradisjonar og vart difor møtt med sympati hos mange indarar, medan dei britiske koloniherrane med få unntak var fiendtleg innstilte. Eit av dei få unntaka var redaktøren for avisa The Pioneer i Allahabad, A.P. Sinnett, ein mann som lenge hadde vore interessert i okkulte og spiritualistiske fenomen.

Madame Blavatsky demonstrerte assorterte fenomen for han; astrale bjøller og bankande møblar, og dessutan materialisering av ein kaffikopp med skål, ei flaske vatn, eit utfylt medlemsbrev i Teosofisk samfunn og ei forsvunnen brosje.

H. P. Blavatsky i moden alder

H. P. Blavatsky hevda at ho hadde sina okkulte kunnskapar frå ei gruppe høgt utvikla menneske, mahatmaene eller meistrane. Sinnett bad om å få kontakt med desse meistrane.

I løpet av dei neste fire åra fekk Sinnett og venen hans A.O. Hume ei mengd brev frå meistrane Koot Hoomi Lal Singh og Morya. Nokre kom i posten, andre fall ned frå taket eller låg plutseleg framfor dei. Sinnett fekk gjennom desse breva ei innføring i okkult filosofi som danna grunnlaget for bøkene hans Esoteric Buddhism og The Occult World.

Breva er seinare vorte offentleggjort under namnet The Mahatma Letters to A. P. Sinnet, og utgjer ein hjørnestein i den teosofiske litteraturen. Originalane er vortne deponerte i British Museum i London. Brev frå Koot Hoomi og Morya til andre mottakarar er òg utgjevne i fleire bind under namnet Letters from the Masters of the Wisdom.

Blavatsky og Olcott kontakta religiøse leiarar frå ulike trussamfunn i India og på Sri Lanka, og bidrog til å stimulera nasjonal og religiøst sjølvmedvit i heile Sør-Asia. Buddhismen på Sri Lanka vart vitalisert av Oberst Olcott som innførte undervising i buddhisme på singalesisk. Initiativet til å danna den indiske nasjonalkongressen vart teken på eit møte i Teosofisk samfunn, og Mahatma Gandhi fekk auga opp for visdomen til hinduismen via Teosofisk samfunn i London. Ikkje alle sette pris på denne verksemda.

I 1885 vart Madame Blavatsky skulda for å ha forfalska mahatmabreva av avisa Madras Christian College Magazine. To tilsette ved det teosofiske hovudkvarteret som no var flytta til Adyar utanfor Madras, herr og fru Coulomb, hevda å ha hjelpt ho med ei lang rekkje bedrageri.

Selskapet for Psykisk Forsking sende den unge Richard Hodgson til Adyar for å granska påstandane. Han rapporterte at alle dei påståtte fenomena til Blavatsky var falske. Han meinte madame Blavatsky var russisk agent, og at arbeidet med teosofien var eit skalkeskjul for dette. Rapporten førte til omfattande utmeldingar av Teosofisk samfunn.

Den løynlege læra[endre | endre wikiteksten]

I Europa heldt fram H P Blavatsky å arbeida med hovudverket sitt. The Secret Doctrine ('Den hemmelege læra') vart utgjeven i 1888, i to bind, på over 1500 tettskrivne sider. Boka er forma som kommentarar til eit elles ukjent manuskript, Dzyans Bok, som mahatmaene Koot Hoomi og Morya frå Tibet skal ha overført til ho telepatisk.

Slik framstilte HPB ein runde - ein serie inkarnasjonar av ein plana

Kritikarar hevdar at ho sjølv hadde funne opp Dzyans stanzer, men nyare religionsforsking og vitnesbyrd frå tibetansk hald viser likevel at det er samsvar mellom madame Blavatsky si lære og aspekt av tibetansk buddhisme. Den noverande Dalai Lama har ved fleire høve vitja Teosofisk samfunn i Adyar, og delteke på teosofiske arrangement andre stadar. Han har rost Blavatskys store innsats for å spreia kunnskapen om tibetanske religiøse tradisjonar.

Madame Blavatsky skriv at mennesket eksisterer på mange plan, frå det guddommelege til det fysiske. Ho skriv om forsvunne høgkulturar på Atlantis og i Egypt. Vidare skriv ho at mennesket skal utvikla seg gjennom ein serie på sju rotraser, der dagens menneskje stort sett tilhøyrer femte underrase av femte rotrase. Blant Blavatskys tilhengarar har enkelte grupper teke læra hennar til inntekt for rasistiske ideologiar. Blant annan spelte teosofien si raselære ei rolle i utviklinga av nazismen.

Frå 1887 til ho døydde i 1891 budde madame Blavatsky i London. I tillegg til å gjera ferdig 'Den hemmelege læra', skreiv ho fleire mindre bøker, som 'Nøkkelen til teosofi' og 'Røysta til stilla'.

Ho deltok aktivt i den teosofiske verksemda, som leiar for den europeiske seksjonen, som redaktør for tidsskriftet Lucifer, som inspirator og som foredragshaldar, særleg i Blavatskylosjen. Ho tok dessutan initiativet til å oppretta ein «esoterisk seksjon» innan Teosofisk samfunn. Medlemmane av den esoteriske seksjonen fekk personleg instruksjon frå Madame Blavatsky i spesielle emne, slik ho òg hevda at alle store religionar hadde si esoteriske kjerne.

Fleire medlemmar i den esoteriske seksjonen, mellom dei den irske poeten W.B. Yeats, var òg med i Det Gyldne Daggrys Hermetiske Orden.

Madame Blavatsky formulerte eit teoretisk grunnlag som dei fleste moderne okkulte og esoteriske rørsler verda over stadig byggar på. Blant dei viktigaste videreførarane av Madame Blavatskys arbeid er Annie Besant og Charles Leadbeater, Alice A. Bailey og Rudolf Steinar.

Død[endre | endre wikiteksten]

Ho hadde allereie vore svekka av sjukdom i ei tid då ho 8. mai 1891 døydde av influensaen som herja i London. Dødsfallet vart nemnt i over hundre pressesaker i britisk presse, i tillegg til lesarbrev frå teosofar om tydinga hennar.[4]

Skrifter[endre | endre wikiteksten]

Hennar «Collected Writings» er utgjeve i 15 store bind. Ingen av hovudverka hennar finst på norsk, men 'Den hemmelege læra' finst i utdrag på svensk og i sin heilskap på dansk. Eit utdrag frå den korte pamfletten The Key to Theosophy er utgjeven på norsk i antologien New Age, 2007.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Helena Blavatsky. Edited and introduced by Nicholas Goodrick-Clarke. Western Esoteric Masters Serie sin. North Atlantic Books, Berkeley 2006.
  • Priestess of the Occult by Gertrude Marvin Williams, Alfred A Knopf, 1946.
  • HPB: The Extraordinary Life and Influence of Helena Blavatsky. Sylvia Cranston, G. P. Putnam's Sons, 1993.
  • Theosophy: History of a pseudo-religion. René Guénon
  • Madame Blavatsky: The Woman Behind the Myth. Marion Meade
På norsk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Helena_Petrovna_Blavatsky» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Per Kværne og Kari Vogt (1992). Kunnskapsforlagets religionsleksikon: religion og religiøsitet i vår tid. Kunnskapsforlaget. s. 46-47. ISBN 8257304301. 
  3. Vindheim, Jan Bojer (1945-) (1990). «Madame Blavatsky og teosofien». Vestens mysterier: en innføring i okkultismens historie fra pyramidene til Vannbærerens tidsalder. Ex Libris. s. 79-88. ISBN 8273841073. 
  4. James A. Santucci: «Blavatsky, Helena Petrovna». I: Wouter J. Hanegraaff (red.): Dictionary of Gnosis and Western Esotericism. Brill, Leiden 2006, s. 184.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Helena Petrovna Blavatsky