Holm of Noss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Noss og Holm of Noss

Holm of Noss eller Cradle Holm[1] er ei lita øy i Shetlandsøyane. Det høgaste punktet på øya er om lag 48 meter over havet.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ho er ei flat øy med vertikale sider og ligg like ved øya Noss. Sundet mellom desse er berre 20 meter breitt.[1] Både Holm of Noss og nærliggande Faedda Ness på Noss har mange grotter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det andre namnet på øya, Cradle Holm, kjem frå ein liten taubane som brukte å gå mellom øya og Noss i rund 200 år frå 1600-talet til 1864. Det vart sagt at banen var stor nok til å bere ein mann og ein sau.[1]

I 1864 fekk landeigaren Walker fjerna taubanen fordi ho ikkje var trygg, og fekk reist ein mur på naboklippa på Noss. Bonden som skal ha bygt den opphavlege taubanen skal ha vunne eit veddemål om at han ikkje ville klare å klatre opp klippa, men døydde kort tid etter at taubanen var ferdig.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.

Koordinatar: 60°7′58″N 1°0′36″W