Foula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foula
Klippene nordvest om Da Smaalie.  (Foto: Lis Burk)
Klippene nordvest om Da Smaalie.
(Foto: Lis Burk)
Geografi
Foula is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 60°08′N 02°04′WKoordinatar: 60°08′N 02°04′W
Øygruppe Shetlandsøyane
Areal 12,65 km²
Høgaste punkt The Sneug (418 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane
Største busetnad Ham
Demografi
Folketal 31 [1][2] (2001)
Folketettleik 2,5 /km²

Foula (av norrønt Fuglaey, 'Fugløy') er ei øy i Shetlandsøyane i Skottland. Ho ligg om lag 26 km vest i havet om Shetland Mainland og er den busette øya i Storbritannia som ligg lengst frå andre stader der det bur folk. I 2001 budde det 31 personar på Foula. Øya har sidan starten på 1900-talet vore eigd av familien Holbourn. Viktigaste næringsvegane på øya er sauehald og ornitologisk turisme.

Ham på Foula.

Øya er kjend for dei høge klippene og alle fuglane som held til der, mellom anna raudnebbterne, smålom og storjo.

Det går ferjer frå landsbyen Ham på Foula til Walls og ScallowayShetland Mainland, og fly frå flystripa på Foula til Tingwall.

I nærleiken av Foula er det ei grunne kalla Hoevdi Grund eller Shaalds of Foula. Det stikk opp til like under havflata og har vorte banen til mange fartøy. Seinsommaren 1914 rende den store atlanterhavsdamparen RMS «Oceanic», som då var i krigsteneste for Royal Navy, på revet og vart ståande fast. Mannskapet vart berga, men det gjekk ikkje å få drege det store skipet av revet og i løpet av fjorten dagar vart Oceanic broten ned og slukt av havet.

I 1986 vart det sett opp eit fyrtårn på sørspissen av øya.[3] Det hadde opphavleg acetylengass som energikjelde, men har vorte bygd om for solenergi og vindkraft.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gaada Stack ved Foula
Foula postkontor i 1964

Norrøn arv[endre | endre wikiteksten]

Foula var mellom dei siste stadane der norn var morsmålet, og dialekten på øya ber framleis spor etter det. Øya var óg ein av dei siste stadane der dei følgde strengt Udal law, eit lovsystem med klåre likskapar med odelsretten.

Tidsrekning[endre | endre wikiteksten]

På Foula fortsette dei å gå etter den julianske kalanderen då resten av Storbritannia gjekk over til den gregorianske i 1752. Dei held seg til den julianske kalanderen ved at dei hadde skotår i år 1800, men dei hadde ikkje skotår i år 1900, og dei vart etter det liggjande ein dag før den julianske kalanderen og tolv dagar etter den gregorianske, slik at til dømes fyrste juledagen fall på det som er den 6. januar i resten av Storbritannia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Ian Stoughton Holbourn: The Isle of Foula: A Series of Articles on Britain's Loneliest Inhabited Isle ISBN 1-84158-161-5}}

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate.
  2. Ordnance Survey
  3. http://www.nlb.org.uk/ourlights/history/foula.htm

Denne artikkelen byggjer på «Foula» henta frå Wikipedia på engelsk 16. mai 2007.