Balta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Balta
Strand sørvest på Balta. Foto: Mike Pennington
Strand sørvest på Balta.
Foto: Mike Pennington
Geografi
Balta is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°45′N 0°47′WKoordinatar: 60°45′N 0°47′W
Øygruppe Shetlandsøyane
Areal 0,8 km²
Høgaste punkt Muckle Head (44 moh.)
Administrasjon
Land Skottland, Storbritannia
Region Shetlandsøyane

Balta (norrønt Baltey) er ei øy i Shetlandsøyane. Øya er ikkje folksett og ligg austom Unst, som er den nordlegaste av dei større Shetlandsøyane. Mellom Unst og Balta ligg Baltasundet. Balta har eit areal på 0,8 km².

På austsida av øya er det ein naturleg boge som er forma av erosjon. Av fortidsminne har øya ruinane etter eit skotsk rundhus frå jarnalderen (broch) og etter eit kapell frå den norske kolonitida vigsla heilage Sunniva. Det finst ingen oppføringar i samband med folketeljingar som tyder på at det har budd folk på øya i nyare tid.[1]

I 1895 vart det sett opp eit fyrtårn på sørspissen av øya. Det var i betong og teikna av David A. Stevenson. Dette tårnet vart rive i 2003 og erstatta av eit mindre tårn med solenergidriven ljoskjelde.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Balta Island» henta frå Wikipedia på engelsk 13. mai 2007.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish. The Scottish Islands. ISBN 1-84195-454-3
  2. «Historic lighthouse to go» frå www.shetland-news.co.uk 10. november 2003 (arkivert versjon ved Internet Archive)