West Burra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
West Burra
Geografi
West Burra is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°4′ N 1°20′ WKoordinatar: 60°4′ N 1°20′ W
Øygruppe Shetlandsøyane
Areal 7,43 km²
Høgaste punkt 217 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane
Største busetnad Hamnavoe
Demografi
Folketal 753 (2001)
Folketettleik 101 /km²

West Burra er ei av Scalloway Islands i Shetlandsøyane i Skottland. Ho har brusamband til East Burra. Med eit areal på 7,43 km² er ho den ellevte største av Shetlandsøyane.

Shetlandsponniar nær Papil

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den sørvendte sandstranda ved Meal er ein populær badeplass. Ved sørenden av West Burra ligg Kettla Ness med imponerande klipper. Ho er landfast til West Burra via ein grus- og sandtombolo.

West Burra er landfast med Shetland Mainland via Trondra og ei rekkje bruer.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Hamnavoe er den største busetnaden på øya. Ein annan busetnad er Bridge End, kalla opp etter staden der brua går til East Burra.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Papil sør på West Burra er ein norrøn referanse til papar, irske munkar. Ein har funne restar av ei gammal kyrkje samt ein runestein som i dag står på Shetland Museum[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins.