Colsay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Colsay er ei folketom øy utanfor sørvestsida av Shetland Mainland i Shetlandsøyane i Skottland. Fora Ness ligg i sør, på andre sida av Muckle Sound. Det høgaste punktet på øya ligg 44 meter over havet og det står ein gammal varde på toppen.

Øya høyrer til soknet Dunrossness, 13 km nordvest for Sumburgh Head. Ho vart nytta mykje til beitemark for sau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 59°57′10″N 1°21′16″W