Isfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isfugl

Status i verda: LC Livskraftig

Isfugl
Isfugl

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Coraciiformes
Familie: Alcedinidae
Slekt: Alcedo
Namn på andre språk
  • Engelsk: Common Kingfisher
Vitskapleg namn
Alcedo atthis

Isfugl (Alcedo atthis) er ein vidt utbreidd fugl i isfuglfamilien. Arten er rekna som særs vakker med sin metallglinsande blå rygg med innslag av grønt, som skil seg tydeleg frå den raudoransje og kvite undersida. Han finst i store delar av Europa, Asia, Afrika og Australia, og vandrar gjerne mykje. I Noreg vert han ofte sett om vinteren, det har òg vorte gjort rundt 20 hekkefunn[1]. Det første vart registrert ved Halden i 1962.

Isfuglen lever hovudsakleg av små fisk og er særs sky.

Isfugl som nyss har letta

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Isfuglen er på storleik med ein sporv, ca 18 cm lang med ei vekt på 35-45 gram. Han er særs lett å kjenne att med sin metallisk blå og grøne overside og raudoransje underside. Strupen er kvit, og i nakken er det òg to flekkar med denne fargen. Vaksne individ har raude bein, medan ungfuglar har brune. Nebbet er svart.

Sjølv om isfuglen er lett å kjenna att, er han ofte vanskeleg å oppdaga. Mesteparten av tida sit dei på greinar i skuggen utan å røyra seg. Lyden er som regel det sikraste teiknet på at arten er i nærleiken; dei syng skarpt og gjennomtrengande med ei blanding fløyt, kvitring og utbrot, stundom i duett mellom kjønna.

Flukta til isfuglen er rettlinja og raskt, ofte rett over vassflata.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Isfuglen et fisken han fangar med hovudet først etter å ha drepe han mot ein stein.

Isfuglen lever av småfisk og litt insekt, særleg augestikkarar og -larvar. Difor finn ein arten som regel i tilknyting til vatn. Han er sårbar overfor ureining, og finst sjeldsynt i ureina område. Oftast finn me han nær ferskvatn, men særleg om vinteren kan ein òg sjå dei i tidevassona. Dyra hevdar territorium.

Maten sin fangar isfuglen ved å styrtdykka. Som regel sit fuglen på ein kvist og ventar til han har oppdaga eit passande bytte, men det hender òg dei dykkar etter å ha svirra litt rundt over vatnet. Dei brukar som regel særs lite tid under vatnet, og svelger fangsten sin med hovudet først. Før han et han slår fuglen helst fisken mot ein stein.[2]

Forplantning[endre | endre wikiteksten]

Isfuglegg

Isfugl hekkar om våren. Dei dannar par for livet, og hannen kurtiserer hoa ved å tilby ho fisk. Viss ho tek imot og et maten, vert det paring, og dei tek til å grava ut reirholet sitt.

Som regel hekkar dei ved sakteflytande elver og bekker, i hol dei grev ut i sand- eller jordkantar. Holane er så mykje som 40-100 cm djupe og om lag 5 cm vid. Hannen og hoa dannar par for livet og både rugar og oppdreg borna saman, men lever kvar for seg utanom sesongen.

Hoa legg 6-7 kvite egg om våren, mellom april og juli.[3] Rugetida er 19-21 døger, og ungane forlet reiret etter 23-27 døger. Eit par rekk ofte å få to kull på vengjene i ein sesong.[4] Ungane får hovudsakleg fisk å eta.

Trekk og vandringar[endre | endre wikiteksten]

I Nord-Europa er isfuglen hovudsakleg ein trekk- eller streiffugl. I vestlege Sentral-Europa og Middelhavslanda er dei meir bufaste. Ungfuglane trekker meir enn vaksne, og hoer i større grad enn hannar.

Dei fleste observasjonar av isfugl i Noreg vert gjort om vinteren. Det er sannsynleg at dei norske eksemplara kjem austfrå; eit individ som vart funne i Sandefjord i september hadde tidlegare vorte ringmerka i Latvia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hogstad, Olav: «Isfugl» i Norges dyr - fuglene 3 Cappelen 1990

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Isfugl