Ivar Tveiten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ivar Pettersson Tveiten (8. desember 185017. april 1934) var ein gardbrukar og politikar frå Fyresdal i Telemark. Han representerte Venstre for Bratsberg amt, seinare Vest-Telemarken og Telemark. Den kjende felespelaren Petter Sveinungsson Veum var far hans.

Tveiten gjekk lærarskule i Kviteseid 1869, og var lærar i ein krins i heimbygda fram til 1883. Han overtok farsgarden Vestre Tveiten i 1879?, i 1889 overtok han garden Brokke i grannelaget, der han budde sidan.

Tveiten var formann og forretningsførar for Fyresdals forbruksforening 1871-99, og heldt fram i same posisjonar for den utskilde Veums forbruksforening 1899-1902. Heradskasserar eit par år, og kasserar 1884-99 for dampskipet Fyresdal. Skulestyreformann 1893-1902. Direktør 1895-1910 for den fyrste sparebanken i heradet. Medlem av heradsstyret i fleire år.

Tveiten var stortingsmann 1902-24. 1902-03 møtte han som varamann frå Bratsberg, medlem av jarnbanekomiteen. Han fekk fast plass på Stortinget etter valet i 1903, var medlem av budsjettkomiteen 1903-09, sekretær i same komite 1910-15. I 1905 var han mellom dei som gjekk inn for republikk som nytt styresett for Noreg. Åra 1906-18 representerte han einmannskrinsen Vest-Telemarken. Han var president i Stortinget i perioden 1917-20 og 1922-24. Frå 1917 til -23 var han medlem av utanriksnemnda, formann frå 1919. I 1919 og -20 var han parlamentarisk leiar i Venstre.

Frå 1924 til 1926 var Tveiten kyrkje- og undervisningsminister i Johan Ludwig Mowinckel si fyrste regjering. Han var ein iherdig talsmann for landsmålet, og i hans statsrådstid vart det krav om at det offentlege skulle svare på adressaten si målform. Nynorsk salmebok vart godkjend under Tveiten.

Tveiten vart tildelt 7. juni-medaljen.

Han døydde 1934 på Brokke i Fyresdal.

Ei byste av Tveiten, laga av Dyre Vaa, er utstilt på Nasjonalgalleriet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]