Sigvald Hasund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sigvald Mathias Hasund (24. mars 18683. september 1959), fødd på Hasund i Ulstein, var ein norsk agronom, historikar og politikar for Venstre, kyrkje- og undervisingsminster 1928-1931 i Johan Ludwig Mowinckel si andre regjering.

Han var landbrukskandidat ved Den høyere landbruksskoleÅs i 1890. Han arbeidde deretter som lærar på landbruksskulen i Vestnes i 1891, ved Nordmøre amtskule i 1892-93 og Romsdals Amts gjenteskule i Volda 1893-97. Han flytta deretter til Bratsbergs amt og arbeid som amtsagronom 1898-1906, og redaktør av fagtidsskriftet Frøi i 1906. Deretter vart han engasjert ved Norges Landbrukshøgskole som overlærar frå 1907, og etter kvart som professor frå 1914 til 1938.

Han var i Ås kommunestyre 1917-19.

Han var statsråd og sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet i Johan Ludwig Mowinckel si andre regjering, frå 1928 til 1931.

Han er mest kjend fordi han i 1928 som kyrkje- og undervisningsminister ikkje ville la teologen Kristian Schjelderup bli ordinert til prest. Kristian Schjelderup var då einaste søkar til embetet som sokneprest i Værøy og Røst. Grunngjevinga for å nekte ordinasjon var «fordi hans stilling til den lutherske religion er slik at han ikke på lovlig måte kan ansettes i et geistlig embedte». Dette skapte sterk debatt i samtida.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Smørstel, hjemme og paa sæteren (H. Joh Dyrings forlag, 1902)
  • Det norske landbruks historie (1919)
  • Bønder og stat under naturalsystemet (1924)
  • Landbruksundervisningen i Norge gjennom 100 år (1926). Med Ivar Nesheim.
  • Or Noregs bondesoge (1942-44)