Just Qvigstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Just Qvigstad
Qvigstad si grav på Tromsø gravlund

Just Knud Qvigstad (4. april 185315. mars 1957) var ein norsk skolemann og språkforskar, som er mest kjend for arbeidet sitt med samisk språk.

Qvigstad var fødd i Lyngen, faren var Engebret Qvigstad og mora Edel Petra Krogh. Faren kom frå Gulbrandsdalen, frå ein plass kalla Kvigstad. Qvigstad tok artium i Tromsø som sekstenåring. Han vart lærar ved Tromsø lærerskole i 1878. Same år drog han til Kautokeino i fire månader for å lære samisk. Qvigstad vart cand.theol. i 1881.

Som språkforskar var Qvigstad oppteken av samisk språkhistorie, og av kontakten mellom samisk, finsk og norsk. Han var styrar for den samiske avdelinga ved Tromsø Museum fram til 1931, og han samla over 2300 forteljingar, og 2000 bind.

Qvigstad var den siste av dei norske lappologane som ikkje fekk innføring i junggrammatikk, men i og med at han levde så lenge var han aktiv samtidig med junggrammatiske forskarar. Han skreiv både om reint språklege emne og om samisk etnografi og religion. Som språkforskar var han oppteken av nordiske lånord i samisk, eit tema som har fått lite merksemd i Noreg i tida etter Qvigstad. Han skreiv også om samiske stadnamn, dette temaet har fått mykje merksemd også seinare, og her er Qvigstad standardreferansen.

Qvigstad sat i bystyret i Tromsø for (Høgre) i 1899-1907 og han var ordførar i 1899, 1903 og 1907; og statsråd i kyrkjedepartementet i 1910-1912. Ved Tromsø Museum sat han i styret 1884-1934. Museet innstifta i 1943 Qvigstads gullmedalje, som vart utdelt kvart femte år for bidrag til lappologisk forsking. Han vart også vald inn i Vitenskapsakademiet i Kristiania i 1888, og inn i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim i 1894. I 1912 fekk han Petter Dass-medaljen. Frå 1920 var han statsstipendiat.

Ved Høgskolen i Tromsø vart Qvigstad-auditoriet i 2003 oppkalla i høve 150-årsjubileet for fødselsåret hans.

På nettet:[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Qvigstad, Just 1881: Beiträge zur Vergleichung des verwandten Wortvorrathes der lappischen und der finnischen Sprache. Druckerei der Finnischen Litteratur-Gesellschaft). 128 s. Abdruck aus "Acta Societatis Scientiarum Fennicae 12".
  • Just Qvigstad, Moltke Moe, G. Sandberg; Kristiania 1887: Lappiske Eventyr og Folkesagn. Med Indledning af Moltke Moe
  • Qvigstad, Just 1888: Lappische Sprachproben / aufgezeichnet von J. Qvigstad und G. Sandberg. Helsingissä : Suomalaisen Kirjallisuuden Seuran kirjapainossa. 109 s. Suomalais-ugrilaisen Seuran Aikakauskirja 3.
  • Qvigstad, Just 1893: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania Videnskabs-Selskabs forhandlinger ; 1893:1. Christiania : In Commission bei Jacob Dybwad.
  • Qvigstad, Just og Olsen, Magnus: Navne paa matrikulerede Jordeiendomme i Finmarkens Amt Attende bind (Tillægsbind) til O. Rygh Norske Gaardnavne
  • Qvigstad, Just 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B, Oslo : Aschehoug, 1938. 273 s.
  • Qvigstad, Just 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B. Skrifter ; 42. Oslo : Aschehoug.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Festskrift til rektor J. Qvigstad, 1853-4. april-1928. Tromsø Museums skrifter, Vol. 2. Tromsø 1928
    Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.