Jørgen Herman Vogt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jørgen Herman Vogt
none  Jørgen Herman Vogt måla av Amalia Lindegren i 1847
Jørgen Herman Vogt måla av Amalia Lindegren i 1847
Fødd 21. juli 1784
Bragernes, no Drammen
Død 12. januar 1862 (77 år)
Kristiania
Nasjonalitet Norsk
Yrke Jurist

Jørgen Herman Vogt (21. juli 178412. januar 1862) var ein norsk jurist og politikar. Han var mellom anna statsminister eller formann i regjeringa 1856-1857 og 1857-1858.

Vogt vart fødd i Drammen som son av trelasthandlar, seinare sorenskrivar Nils Nilsen Vogt og Abigael Monrad. Etter å ha avslutta skole på Kongsberg studerte han i København og blei cand.jur. i 1806. Etter nokre år i ymse stillingar vert han utnemd til sorenskrivar i Nordfjord i 1809. Han vart assesor i finansdireksjonen og arkivar i finanskollegiet i 1812.

Etter fredstraktaten i Kiel i 1814 var han med på å skipe Nordmandsforbundet i København og var med i styret saman med Christen Pram og Jonas Anton Hielm. Forbundet støtta den norske sjølvstendelinja. Forbundet blei lagd ned etter relativt kort tid.

19. mai valde Riksforsamlinga på Eidsvoll han til medlem av av finanskomiteen. Vogt kom til Kristiania fyst i september og tok over leiinga av Finansdepartementet. Etter unionsinngåinga med Sverige blei han same haust tilsett i den nye statsforvaltninga i Kristiania og frå 1822 statssekretær, det vil seie dagleg leiar av statsforvaltninga.

Vogt vart utnemd til statsråd og leiar for Armédepartementet i 1825, og i dei følgjande 33 åra leia han i periodar alle departement unntatt Marinedepartementet. I åra 1829–1836 hadde han tenestefri for å arbeide i Lovkommisjonen og i 13 år var han sjef for Finansdepartementet. I 1845 blei Vogt stilt for riksrett, men vart frikjend.

Vogt gjekk av som «statsminister» i desember 1858 etter usemje med kronprins Karl. Hendinga vekte stor oppsikt i samtida og det blei arrangert borgartog i Kristiania for å hylle han.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Vogt var gift to gonger, fyste gong med Ingeborg Marie Lorentsen, dotter av kjøpmann Lars Lorentsen frå Drammen og andre gong med Hedevig Lovise Frølich, dotter av svensk rittmeister og greve Adolg Fredrik Frølich. Andre ekteskap oppløyst ved skilsmisse i 1837.

Dekorasjonar[endre | endre wikiteksten]

Mellom ordnane Vogt mottok, var storkrossen av St. Olavs orden for fortenestefull embetsverksemd. Vogt mottok denne i 1857. Han var òg innehavar av Borgerdådsmedaljen, Serafimerordenen, Nordstjerneordenen og den russiske Sankta Annas orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]