Mathias Sommerhielm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mathias Sommerhielm. Tilhøyrer Eidsvoll 1814.

Mathias Otto Leth Sommerhielm (fødd 22. august 1764 i Kolding i Danmark, død 15. november 1827 i Stockholm, Sverige)[1]var ein dansk embetsmann og politikar. Frå han i 1789 vart utnemnd til dommar i Overhoffretten i Kristiania var heile karrieren hans knytt til Noreg.[2] Han var Noregs andre statsminister i Stockholm, der han overtok etter Peder Anker i 1822.

Da Kristian Fredrik kom til Noreg som statthaldar i 1813 knytte han Sommerhielm til seg som rådgjevar. I februar 1814 var Sommerhielm med på stormannsmøtet på Eidsvoll. Frå same år var han medlem av den norske regjeringa, i periodar som justisminister.

Dekorasjonar[endre | endre wikiteksten]

Sommerhielm var innehavar av Dannebrogordenen, Nordstjerneorden og Serafimerordenen.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]