Jørgensdagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jørgensdagsfeiring i Bulgaria.
Foto: Edal Anton Lefterov, 2011

Jørgensdagen, Sankt Jørgens dag eller Sankt Georgs dag er ein dag knytt til heilage Jørgen (også Georg, Göran, Ørjan) som blir markert fleire stader. Dagen blir vanlegvis markert den 23. april, datoen den heilage Jørgen etter tradisjonen skal ha døydd på. I austleg-ortodokse kyrkjer som følgjer den julianske kalenderen ligg denne datoen på den 6. mai i den gregorianske. Det finst også andre datoar til minne om heilage Jørgen.

Jørgensdagen er ein tradisjonell nasjonal høgtidsdag for Bulgaria, Bosnia og Herzegovina, England, Georgia, Kypros, Makedonia, Portugal, Serbia; det tidlegare kongeriket Aragon i Spania med dei tilhøyrande Catalonia og Valencia og provinsen Newfoundland i Canada, og i byar som Beirut, Genova, Ljubljana, Moskva og al-Khader på Vestbreidda og Qormi og Victoria på Malta.

Speidaropptog på jørgensdagen i Bristol.
Foto: Rick Weston, 1986

St. Georgsdagen er ein merkedag for den internasjonale speidarrørsla. På denne dagen fornyar speidarane speidarløftet, som dei avla då dei vart opptekne i speidartroppen.[1] Den katalanske feiringa av dagen der ein gjev bøker og roser i gåver, har gjeve opphav til den internasjonale bokdagen.

St George's Day i Gravesend i Kent i England.

Lokale tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

I Bulgaria har jørgensdagen den 6. mai tradisjonelt markert byrjinga på sommaren. Særskilde matrettar som Gergyovden-brød – krossbrød, ringforma brød og gjetarbrød – og heilsteikt lam er vanlege denne dagen. Sidan 1993 har dagen også vore feira som hæren sin dag med militæropptog. I 1998 blei han ein offentleg fridag i Bulgaria.[2]

I England er St George's Day nasjonaldag, men ikkje fridag, og har nokså lita tyding. Dagen kan markerast med georgskrossar, særleg i form av det engelske flagget, å pynta seg med ei raud rose og med seremoniar i kyrkjer. Dagen blir mellom anna feira av speidarar. Ulike grupper og politikarar har arbeidd for å gjera dagen viktigare, og det blir halde ulike lokale tilstellingar. Dagen er som regel den 23. april, men blir flytta om han ligg for nær påske.[3]

I Georgia blir dagane til Jørgen kalla Giorgoba og feira 6. mai, som blir kalla 'halshoggingsdagen', og 23. november, 'hjultorturdagen'. Denne siste er den viktigaste festdagen og er ein offentleg fridag. Mange går i kyrkja denne dagen.

I Noreg var jørgensdagen fleire stader flyttedag for husmenn og nye gardeigarar.[4]

Den katalanske jørgensdagen blir feira ved at ein gjev bort bøker og roser.
Foto: Sergi Larripa, 2006

I Spania blir jørgensdagen markert på ulike måtar. I Aragón er han rekna som Día de Aragón, Aragón-dagen, og blir feira med sløyfer og dekorasjonar med flagget til regionen. Ein utveksler ofte roser og bøker som gåver, som i Katalonia. Katalonarane kallar dagen La Diada de Sant Jordi, El dia de la Rosa og El dia del Libro ('bokdagen'). Det er stort sal av roser og bøker i buer sette opp for dagen. I tillegg blir dagen markert med opplesingar og dans som sardana. Andre stader, som i byane Alcoy og Cáceres, markerer ein dagen ved spel til minne om korleis helgenen hjelpte dei kristne gjenerobra området frå dei muslimske maurarane.

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Det estiske opprøret i 1343 tok til natt til jørgensdagen, og er tradisjonelt kjend som «jørgenskveldopprøret» på dansk og estisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norges Speiderforbund
  2. Novinite, «Bulgaria Celebrates Army Valor on St. George's Day», May 6, 2010
  3. Mandy Barrow, «St George's Day 2010», Woodlands Junior School; «St. George's Day in United Kingdom», timeanddate.com; «St George's Day in London 2011», londonevents2011.com
  4. «Sankt Jørgens dag» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jørgensdagen