Joyce Carol Oates

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joyce Carol Oates
JoyceCarolOates.jpg
Pseudonym Rosamond Smith,
Lauren Kelly
Nasjonalitet Flag of the United States.svg USA
Fødd 16. juni 1938 (75 år), Lockport i New York i USA
Yrke Roman- og novelleforfattar,
skodespelforfattar, litteratur-
kritikar, redaktør og poet.
Påverka av Charlotte Brontë, Emily Brontë, Lewis Carroll, Fjodor Dostojevskij, William Faulkner, Ernest Hemingway, Franz Kafka, D. H. Lawrence, Flannery O'Connor

Joyce Carol Oates (fødd 16. juni 1938) er ein amerikansk forfattar. Oates, som voks opp i ein arbeidarfamilie landleg i staten New York, gav ut den første boka si i 1963, og har sidan gjeve ut meir enn 50 romanar, og i tillegg talrike samlingar av noveller, poesi og sakprosa, noko som har gjeve henne ry som ein svært produktiv forfattar. Romanen them som kom ut i 1969, vann den prestisjetunge litteraturprisen National Book Award, og bøkene Black Water (1992), What I Lived For (1994) og Blonde (2000) vart alle nominerte til Pulitzerprisen. Oates er vide kjend som ein av dei leiande amerikanske forfattarane som har stått fram etter 1960, og ho har òg vore nemnd i samband med tildelinga av Nobelprisen i litteratur.

Ho er også (i 2011) professor i skrivekunst ved Princetonuniversitetet, der ho har undervist sidan 1978.[1]

Oates har òg skrive under pseudonyma Rosamond Smith og Lauren Kelly.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Joyce Carol Oates vart fødd i Lockport i New York. Mora, Carolina Oates, var husmor, og faren, Frederic Oates, fabrikkarbeidar.[2] Ho vart oppdregen som katolikk, men kallar no seg sjølv for ateist.[3] Oates voks opp i eit arbeidarklasse- og jordbrukssamfunn i Millersport i New York,[4] og har omtala familien sin som «ein lukkeleg, samansveisa og vanleg familie for vår tid, stad og økonomisk status»[2]. Farmor hennar, Blanche, budde hos familien, og var «svært nær» for Joyce.[4] Etter at Blanche var død, fekk Joyce vita at far til Blanche hadde teke livet sitt, og at Blanche seinare hadde halde det jødiske opphavet sitt løynt. Oates brukte sider frå bestemora sitt liv då ho i 2007 skreiv romanen The Gravedigger's Daughter (Graverens datter)[4]. Ein bror, Fred junior, vart fødd i 1943, og ei søster, Lynn Ann, som er sterkt autistisk, vart fødd i 1956.[2]

I byrjinga av skulegangen sin, gjekk Oates på den same eitt-romsskulen mor hennar gjekk på som barn.[2] Ho fekk svært tidleg interesse for lesing, og minnest gåva frå Blanche, Lewis Carroll si forteljing Alice i eventyrland, som «den største skatten i barndommen min, og den djupaste litterære påverknaden i livet mitt. Dette var kjærleik ved første augnekast!»[5]. Tidleg i tenåra slukte ho bøkene til William Faulkner, Fjodor Dostojevskij, Henry David Thoreau, Ernest Hemingway, Charlotte og Emily Brontë, der påverknaden er «varig og svært sterk» [6]. Oates byrja å skriva i 14-årsalderen, då Blanche gav henne ein skrivemaskin.[4] Oates flytta seinare til fleire større skular nærare byen[2], og tok eksamen frå Williamsville High School i 1956, der ho skreiv i skuleavisa[treng kjelde]. Ho var den første i familien som fullførde vidaregåande skule.[2]

Oates vann eit stipend så ho kunne studera ved Syracuse University. Ho tykte Syracuse var «ein svært spanande stad, både akademisk og intellektuelt», og øvde seg på å «skriva roman etter roman, og alltid kasta dei ettersom eg vart ferdig med dei»"[7]. Det var først då Oates byrja å lesa verka til D.H. Lawrence, Flannery O'Connor, Thomas Mann og Franz Kafka, og, som ho seinare skriv, at «påverknadane frå desse er enno svært sterk og gjennomtrengjande»[6]. Nitten år gammal vann ho ei novelletevling skipa til av Mademoiselle (eit magasin for kvinner som kom ut mellom 1935 og 2001). Oates tok eksamen frå Syracuse og heldt avgangstalen der i 1960, og mottok M.A. frå University of Wisconsin-Madison i 1961.

Litterær karriere[endre | endre wikiteksten]

Oates gav ut den første romanen sin, With Shuddering Fall, 26 år gammal i 1964. I 1966 gav ho ut «Where Are You Going, Where Have You Been?», ei novelle tileigna Bob Dylan og skriven etter at ho hadde høyrt songen hans «It's All Over Now, Baby Blue».[8] Forteljinga er laust knytt til seriemordaren Charles Schmid, også kjend som «The Pied Piper of Tucson».[9] Forteljinga vart ofte teken med i antologiar, og vart grunnlaget for filmen Smooth Talk frå 1985 med Laura Dern i ei av rollene. I 2008 sa Oates at av alle verka ho har gjeve ut, har ho fått best omtale for «Where Are You Going, Where Have You Been?»[10]

Romanen them som Oates gav ut i 1969 fekk utmerkinga National Book Award i 1970. Seinare har ho gjeve ut gjennomsnittleg to bøker i året, mange av desse romanar. Vanlege emne i bøkene hennar er ei landsbygd med fattigdom, seksuelle overgrep, spenningar over klasseskilje, maktsykje, kvinneleg barndom og oppvekst, og i blant det overnaturlege. Vald er stadig tilstades i arbeida hennar, og har til og med ført til eit essay som Oates har skrive som svar på spørsmålet «Kvifor er skrivinga di så valdsam?». Ho beundrar poeten og forfattaren Sylvia Plath, og omtalar den einaste romanen Plath skreiv, The Bell Jar (på norsk Glassklokken) som «eit nesten perfekt stykke kunst». Men sjølv om Oates ofte har vore samanlikna med Plath, tek ho fråstand frå Plath si romantisering om sjølvmord blant figurane sine; ho favoriserer kløkt, hardføre overlevarar, både kvinner og menn[treng kjelde]. Oates si haldning mot vald og andre tradisjonelt maskuline emne, har vorte møtt med respekt frå mannlege forfattarar som til dømes Norman Mailer. Tidleg i 1980-åra byrja Oates å skriva gotiske romanar og skrekkforteljingar; og ho sa då ho starta å skriva i desse sjangrane at ho var «djupt påverka» av Kafka, og kjende eit «skriftleg slektskap» med James Joyce.[11] Ho oppnådde stor merksemd for det romanlange essayet On Boxing i 1987.[treng kjelde]

I 1996 gav Oates ut We Were the Mulvaneys, ein roman som følgjer oppløysinga av ein amerikansk familie. Boka vart ein bestseljar etter å ha vorte utvald til diskusjon i Oprah's Book Club i 2001.[10] I 1990- og først på 2000-talet har Oates skrive fleire bøker, mest kriminalromanar, under psevdonyma Rosamond Smith og Lauren Kelly.

I meir enn 25 år har Oates vore sett på som ein av favorittane til å vinna Nobelprisen i litteratur blant kritikarar og bookmakerar.[12] Førelesingane hennar som ho har halde ved Syracuse University, består av 17 upubliserte noveller og fire upubliserte eller ufullførte korte forteljingar. Oates har fortalt at det meste av dei tidlege, upubliserte arbeida hennar vart «muntert kasta bort».[13]

Undervising[endre | endre wikiteksten]

Oates underviste i Beaumont i Texas i eit år før ho flytta til Detroit i 1962 for å undervisa ved University of Detroit. Påverka av Vietnamkrigen, raseoppstandane i Detroit i 1967 og tilbod om arbeid, gjorde at Oates i 1968 saman med ektefellen flytta til Canada der ho underviste ved University of Windsor.[2] I 1978 flytta ho til Princeton og byrja å undervisa ved Princeton University.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Medan ho studerte ved University of Wisconsin-Madison, møtte Oates Raymond J. Smith, ein medstudent som ho gifta seg med i 1961.[4] Smith vart professor i [[1800-talet|1800-talslitteratur, og seinare redaktør og utgjevar. I 1974 grunnla ekteparet saman The Ontario Review, eit litterært magasin, der Oates var medredaktør.[14] I 1980 starta Oates og Smith Ontario Review Books, eit uavhengig forlag. I 2004 omtala Oates partnarskapet som «eit ekteskap mellom likesinna; både mannen min og eg er så interesserte i litteratur, og vi les dei same bøkene, han les ei bok, så les eg henne, og vi samtalar om lesinga vår til måltida [...] det er eit ekteskap prega av samarbeid og fantasirikdom.»[2] Smith døydde av komplikasjonar frå ein lungebetennelse 18. februar 2008.[14] I april 2008 skreiv Oates til ein intervjuvar: «Etter det uventa dødsfallet til mannen min har eg hatt svært liten styrke [...] Ekteskapet mitt og kjærleiken til mannen min har vore fremst i livet mitt, viktigare enn forfattarskapen. Sett opp mot hans død har eg knapt noka interesse for den framtidige skrivinga mi i augneblinken».[15] I 2011 fortalde ho om tapet av mannen og livet som enkje etter han i memoaret A Widow's Story.[16]

Stil og tema[endre | endre wikiteksten]

Frå den første romanen hennar, With Shuddering Fall i 1964, og til Kindred Passions i 1987, bygde Oates opp eit litterært skaparverk som blandar gotisk framandgjering med ein høg sans for sosial observasjon. Arbeida hennar inneheld typiske element i dette slaget forteljingar: Umedvitne krefter, forføring, incest, vald og valdtekt, stundom like inntil grensa av sensasjonsjag. Ho har skrive i ulike sjangerar, tidsbolkar og landskap; ho har arbeid som er stadlagde til eit Faulkner-liknande Eden County — eit oppdikta område i New York, i slumstrok i Detroit og avkrokar i Pennsylvania. Men arbeida hennar er ikkje berre attgjevingar av uvanlege hendingar på bortgøymde stader, både i tid og rom; romanar som til dømes A Bloodsmoor Romance, The Mysteries of Wintherthurn og Kindred Passions, inneheld sterke feministiske overtonar og bruk av målet i den gotiske litteraturen om å utforska uklårleiken mellom kjønna og dei seksuelle grunnlaga for fantasi.

Utmerkingar og nominasjonar[endre | endre wikiteksten]

Utmerkingar:

Nominasjonar:

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • With Shuddering Fall (1964)
  • A Garden of Earthly Delights (1967)
  • Expensive People (1968)
  • them (1969)
  • Wonderland (1971)
  • Do with Me What You Will (1973)
  • The Assassins: A Book of Hours (1975)
  • Childwold (1976)
  • Son of the Morning (1978)
  • Cybele (1979)
  • Unholy Loves (1979)
  • Bellefleur (1980)
  • Angel of Light (1981)
  • A Bloodsmoor Romance (1982)
  • Mysteries of Winterthurn (1984)
  • Solstice (1985)
  • Marya: A Life (1986)
  • You Must Remember This (1987)
  • American Appetites (1989)
  • Because It Is Bitter, and Because It Is My Heart (1990)
  • Foxfire: Confessions of a Girl Gang (1993) (grunnlag for filmen Foxfire frå 1996) Norsk: Foxfire : en jentegjengs bekjennelser Gyldendal forlag (1996) ISBN 82-05-24175-9
  • What I Lived For (1994)
  • Zombie (1995)
  • We Were the Mulvaneys (1996)
  • Man Crazy (1997)
  • My Heart Laid Bare (1998)
  • Broke Heart Blues (1999)
  • Blonde (2000) Norsk: Blond Pax forlag (2001) ISBN 82-530-2278-6
  • Middle Age: A Romance (2001)
  • I'll Take You There (2002)
  • The Tattooed Girl (2003)
  • The Falls (2004) Norsk: Niagara Pax forlag (2006) ISBN 82-530-2877-6
  • Missing Mom (2005)
  • Black Girl / White Girl (2006) Norsk: Svart jente/hvit pike Pax forlag (2007) ISBN 978-82-530-3059-3
  • The Gravedigger's Daughter (2007) Norsk: Graverens datter Pax forlag (2008) ISBN 978-82-530-3134-7
  • My Sister, My Love (2008)
  • Little Bird of Heaven (Fall 2009)

Novellesamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • By the North Gate (1963)
  • Upon the Sweeping Flood And Other Stories (1966)
  • The Wheel of Love And Other Stories (1970)
  • How I Contemplated The World From The Detroit House Of Correction
  • Marriages and Infidelities (1972)
  • The Goddess and Other Women (1974)
  • The Hungry Ghosts: Seven Allusive Comedies (1974)
  • Where Are You Going, Where Have You Been? : Stories of Young America (1974)
  • The Poisoned Kiss And Other Stories from the Portuguese (1975)
  • The Seduction & Other Stories (1975)
  • Crossing the Border: Fifteen Tales (1976)
  • Night-Side (1977)
  • All the Good People I've Left Behind (1979)
  • A Sentimental Education: Stories (1980)
  • Last Days: Stories (1984)
  • Wild Saturday (1984)
  • Raven's Wing: Stories (1986)
  • The Assignation: Stories (1989)
  • Oates In Exile (1990)
  • Heat And Other Stories (1991)
  • Where Is Here? (1992)
  • Where Are You Going, Where Have You Been?: Selected Early Stories (1993)
  • Haunted: Tales of the Grotesque (1994)
  • Demon and other tales (1996)
  • Will You Always Love Me? And Other Stories]] (1996)
  • The Collector of Hearts: New Tales of the Grotesque]] (1998)
  • Faithless: Tales of Transgression]] (2001)
  • I Am No One You Know: Stories]] (2004)
  • The Female of the Species: Tales of Mystery and Suspense]] (2006)
  • High Lonesome: New & Selected Stories, 1966-2006]] (2006)
  • The Museum of Dr. Moses: Tales of Mystery and Suspense]] (2007)
  • Wild Nights!]] (2008)
  • Life After High School
  • Dear Husband (2009)

Romanar som Rosamond Smith[endre | endre wikiteksten]

  • Lives of the Twins (1987) (Kindred Passions i Storbritannia)
  • Soul/Mate (1989)
  • Nemesis (1990)
  • Snake Eyes (1992)
  • You Can't Catch Me (1995)
  • Double Delight (1997)
  • Starr Bright Will Be With you Soon (1999)
  • The Barrens (2001)

Romanar som Lauren Kelly[endre | endre wikiteksten]

  • Take Me, Take Me With You (2003)
  • The Stolen Heart (2005)
  • Blood Mask (2006)

Kortromanar[endre | endre wikiteksten]

  • The Triumph of the Spider Monkey (1976)
  • I Lock My Door Upon Myself (1990)
  • The Rise of Life on Earth (1991)
  • Black Water (1992)
  • First Love: A Gothic Tale (1996)
  • Beasts (2002)
  • Rape: A Love Story (2003)
  • The Corn Maiden : A Love Story (2005)

Drama[endre | endre wikiteksten]

  • Miracle Play (1974)
  • Three Plays (1980)
  • In Darkest America (1991)
  • I Stand Before You Naked (1991) Teatermanus. Omsett til nordnorsk av Hege Aga Rogstad 2003: Naken
  • Twelve Plays (1991) (blant dei Black)
  • The Perfectionist and Other Plays (1995)
  • New Plays (1998)
  • Dr. Magic: Six One Act Plays (2004)

Essay og kritikk[endre | endre wikiteksten]

  • The Edge of Impossibility: Tragic Forms in Literature (1972)
  • The Hostile Sun: The Poetry of D.H. Lawrence (1974)
  • New Heaven, New Earth: The Visionary Experience in Literature (1974)
  • Contraries: Essays (1981)
  • The Profane Art: Essays & Reviews (1983)
  • On Boxing (1987)
  • (Woman) Writer: Occasions and Opportunities (1988)
  • George Bellows: American Artist (1995)
  • "They Just Went Away" 1995
  • Where I've Been, And Where I'm Going: Essays, Reviews, and Prose (1999)
  • The Faith of A Writer: Life, Craft, Art (2003)
  • Uncensored: Views & (Re)views (2005)
  • In Rough Country (2010)
  • A Widow's Story: A Memoir (2011)

Poesi[endre | endre wikiteksten]

  • Women In Love and Other Poems (1968)
  • Anonymous Sins & Other Poems (1969)
  • Love and Its Derangements (1970)
  • Angel Fire (1973)
  • The Fabulous Beasts (1975)
  • Women Whose Lives Are Food, Men Whose Lives Are Money (1978)
  • Invisible Woman: New and Selected Poems, 1970-1982 (1982)
  • The Time Traveler (1989)
  • Tenderness (1996)

Ungdomsbøker[endre | endre wikiteksten]

Barnebøker[endre | endre wikiteksten]

  • Come Meet Muffin! (1998)
  • Where Is Little Reynard? (2003)


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lewis Center for Creative Writing, Princeton University.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Aida Edemariam (9. april 2004). The new Monroe doctrine. The Guardian. Vitja 24. januar, 2009.
  3. Oates, Joyce Carol (November-desember 2007). Humanism and Its Discontents. The Humanist..
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Reese, Jennifer (13). Ode to Joyce - Joyce Carol Oates gets personal. Entertainment Weekly.
  5. Oates (2003) The Faith of a Writer. s. 14.
  6. 6,0 6,1 Milazzo, Lee, ed. Conversations with Joyce Carol Oates. University Press of Mississippi, 1989. s.143.
  7. Phillips, Robert (Haust - vinter 1978). The Art of Fiction No. 72: Joyce Carol Oates (intervju). The Paris Review.
  8. Dedication Of Joyce Carol Oates Short Story To Dylan.
  9. Katherine Ramsland. Charles Schmid, The Pied Piper of Tucson. CourtTV Crime Library.
  10. 10,0 10,1 Truman, Cheryl (2008). Author Joyce Carol Oates is always at her finest (opptrykk). Lexington Herald-Reader.
  11. Guran, Paula (september 1999). HorrorOnline Author Focus: Joyce Carol Oates 1999.
  12. Dirda, Michael (20. desember 2007). The Wand of the Enchanter. The New York Review of Books.
  13. The Madness of Scholarship. Kennesaw: The Magazine of Kennesaw State College (1993).
  14. 14,0 14,1 Raymond Smith, 77, Founder and Editor of Literary Journal (nekrolog). The New York Times (27. februar 2008).
  15. Smalldon, Jeffrey (6. april 2008). End of story?: Joyce Carol Oates takes stock as she approaches 70. The Columbus Dispatch.
  16. «A Widow's Story: A Memoir by Joyce Carol Oates – review», The Observer, 6 March 2011, http://www.guardian.co.uk/books/2011/mar/06/widows-story-carol-oates-review 
  17. http://www.chfestival.org/fest2006/index.cfm?fa=home.program&id=1236&sec=adult
  18. Joyce Carol Oates' book, "We Were the Mulvaneys."
  19. 19,0 19,1 CRITICAL MASS: The 2007 National Book Critics Circle Award Finalists
  20. The National Book Foundation
  21. PEN/Faulkner Foundation
  22. The National Book Critics Circle
  23. The National Book Foundation
  24. Joyce Carol Oates - Wonderland
  25. The National Book Foundation
  26. The National Book Foundation

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikiquote-logo.svg Wikifrasar på engelsk har ei sitatsamling som gjeld Joyce Carol Oates

Skrifter

Biografiar:

Vevsider og meldingar:

Intervju og foredrag: