Kallithéa
| Kallithéa | ||
|---|---|---|
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land Periferi Periferieining |
Attikí Sør-Aten |
|
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
4,749 km² |
|
| Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik |
109 609 23 080/km² |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Høgd over havet | 25 m | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | 176 xx | |
| Telefon-retningsnummer | 210 | |
| Bilnummer | Z | |
| Heimeside: www.kallithea.gr | ||
Kallithéa (gresk Καλλιθέα) er den åttande største kommunen i Hellas med om lag 110 000 innbyggjarar og den fjerde største i storbyområdet til Aten i Attikí etter Aten sjølv, Pireus og Peristéri. Kommunen inngår frå 2011 i periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.
Sentrum av Kallithéa (Davákisplassen) ligg 3 km sør for sentrum av Aten (Sýndagmaplassen) og 3 km nordaust for Pireus sentrum (Koráisplassen). Kallithéa strekkjer seg frå Filopáppou- og Sikelíaåsane i nord til Fálirobukta i sør. Frå aust til vest strekk han seg frå gata Syngroú i aust (ved grensa til Néa Smýrni og Paleó Fáliro) til elva Ilisós i vest (ved grensa til Távros og Moskháto).
Planane for opprettinga av Kallithéa vart offisielt lagt i desember 1884. Fleire øvingar i dei olympiske leikane både i 1896 og 2004 vart lagt til Kalithéa. Mellom desse to leikane voks byen mykje. I 1920-åra kom mange flyktningar til staden etter den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922.
Kallithéa huser i dag to universitet (Kharokópio og Pándion), fleire kulturinstitusjonar og sportsklubbar. Innan fotball er Kallithéa FC mest kjend av desse.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kallithea frå Engelsk Wikipedia .
|
|
|
|---|---|
| Ómilos Andisfírisis Athinón · Liménas Zéas · Kallithéa · Marathónas · Podilatodrómio Néou Falírou · Panathinaïkó Stádio · Záppeion Mégaro |