Kifisiá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kifisiá
Lokalt namn: Κηφισιά
Geografi
2011 Dimos Kifisias.png
Stad Aten
Koordinatar 38°05′N 23°49′EKoordinatar: 38°05′N 23°49′E
Areal 25,94 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Nord-Aten
Hovudsete Kifisiá (70 600 innb.)
Demografi
Folketal 70 600 (2011)
Folketettleik 2011,4 /km²

Kifisiá (gresk Κηφισιά, katharevousa Κηφισσιά, i antikken/latin Cephissia), òg kalla Kifissia, er ein kommune i dei nordlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.

Elva Kifisós renn vest for Kifisiá og halvparten av kommunen er dekt av fjellet Pendéli.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Den tidlegare kommunen Kifisiá, no kommunaleininga Kifisiá

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kifisiá går tilbake til antikken og var heim til forfattaren Menander (om lag 342-291 fvt.).[1] Kifisiá vart ein kjend tilhaldsstad for filosofar under den romerske keisaren Hadrian, då den rike Herodes Atticus av Marathon (i dag Marathónas) bygde Villa Kifissia. I mellomalderen kjenner ein mindre til Kifisiá, men ein har funne restane av ei klosterkyrkje her.

Under den osmanske perioden var halvparten av innbyggjarane muslimske, medan den andre halvdelen var kristne. Sidan området har noko lågare temperatur enn resten av Aten vart det populært for rike, atenske familiar å byggje sommarhus her, sjølv inn på 1900-talet. I tillegg vart det bygd mange hotell for dei som ikkje hadde råd til eigne hus.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rossiter, Stuart, Greece, Ernest Benn Ltd., London (1977) s. 185

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]