Peristéri
| Peristéri | ||
|---|---|---|
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land Periferi Periferieining |
Attikí Vest-Aten |
|
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
10 km² |
|
| Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik |
146 743 14 674/km² |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Høgd over havet | 50 m | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | 121 xx, 126 xx | |
| Telefon-retningsnummer | 210 | |
| Bilnummer | IB | |
| Heimeside: www.peristeri.gr | ||
Peristéri (gresk Περιστέρι), eldre former Peristerio og Peristerion, er ein kommune i forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår frå 2011 i periferieininga Vest-Aten i periferien Attikí.
Peristéri ligg om lag 5 km nordvest for Aten sentrum. Kommunen ligg ved elva Kifisós, med Khaidári i vest og Petroúpoli i nordvest. Storleiken er om lag 10 km². Peristéri inkluderer den nordlege halvdelen av industriområdet i Aten. Aten bussterminal ligg i aust, og i 2004 opna ein stasjon på Aten metro her. To andre stasjonar er under bygging og vil opne her i 2012.
Peristéri har skular, latinskular, gymnas, bankar, eit postkontor og plateies. Peristéri har eit førstedivisjonslag i fotball kalla Atrómitos. Byen har òg ein stor assyrisk folkesetnad som har emigrert frå Irak og Tyrkia dei siste 30 åra.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Peristeri frå Engelsk Wikipedia .